mandag 19. januar 2009

Strekk deg. Oppover.

Strekk deg

oppover,

videre opp.

Opp.

016

Strekk deg og søk

om du berører

en stjerne.

Se hvordan du beveger deg,

hvordan det bruser rundt deg.

014

Strekk deg mot en stjerne

og berør den

- stille.

055

La fortidens visdom

få skylle ned

over deg.

La nåtidens kraft

få stråle

gjennom deg.

En fremtid av uante fragmenter.

Står der

- venter.

040

Strekk deg,

oppover,

videre opp.

Opp.

Strekk deg mot en stjerne

og la den fra det fjerne

- få berøre deg!

020

Dette undrande og tankevekkjande diktet har eg henta frå Turid Skjelten si bok; "I mellomrommet" (den du kan vinne på jubileumsinnlegget mitt, du har framleis sjansen!!!).

Eg er så glad i desse små barnehendene. Dei kan vere skitne, klissete, ha skrubbsår og vere våte - men eg let dei likevel stryke meg over kinnet og elskar kjensla av å ha dei rundt halsen min.

Eg vil at ungane mine skal sikte høgt. Eg ynskjer ikkje at dei skal setje begrensingar for seg sjølv. Dei kjem sikkert til å gå seg på nokre smellar her i livet, oppleve at motet sviktar og at dei ikkje når måla sine.

Men dei må likevel sjå framover. Oppover. Sjå mot stjernene og oppdage at det er dei sjølve som må sikte livsvegen sin inn etter lyset.

Enn så lenge skal desse små, mjuke, varme og gode hendene vere i mi varetekt. Halde rundt min hals. Stryke på mitt kinn. Og nå r det trengst, skal eg plukke ned ei stjerne til dei - som berre ei mamma kan.

036 

14 kommentarer:

  1. Så vakkert dette var!
    Og så flott blogg du har. Jeg har nettopp oppdaget den.

    SvarSlett
  2. Nok eit nydeleg innlegg! Eg likar også desse små barnehendene, det er så godt når dei smyg seg rundt halsen eller ivrig viser fram noko dei har funne:) Boka til Turid er forresten ei nydeleg bok:)

    SvarSlett
  3. Først; gratulerer med en flott banner! Virkelig et nydelig foto, og en god tekst. Så flink du er!

    dernest; så koselig innlegg, små barnehender og gode og tankevekkende ord.

    God dag i morgen, ønsker jeg deg!

    SvarSlett
  4. Eitt ord frå meg i dag Tove:
    N Y D E L E G ! !
    Ei helsing frå nattevakta:)

    SvarSlett
  5. Fint innlegg Tove.
    Ønska deg fin dag imorgon.
    Klem

    SvarSlett
  6. Rørende vakkert. :)

    SvarSlett
  7. Åååååå! vakkert!

    Monica

    SvarSlett
  8. Nydeleg dikt Tove:o) Viktig å strekke seg etter ei stjerne..... ikkje tenkje på hindringane på vegen. Ein filosofi eg har lært solstråla mi..... ein må gå for det ein trur på.. hindera gjer oss berre sterkare:)) Nyt dagen.
    Stor klem frå meg

    SvarSlett
  9. nydelig dette du,...som alltid:)

    SvarSlett
  10. nydeligt...
    herlig innleg om livet~~~~
    vakre bilder...
    stor klem, magny

    SvarSlett
  11. aaaaaa....
    Nydelig.
    Enig med deg; la barna våre få sikte høyt.
    Du fikk sagt det så bra!

    Stor klem. Kathrin.

    SvarSlett
  12. Måtte berre legge inn ein kommentar på dette Tove mor. Utruleg fint dikt, og flotte bilder. Du er så dyktig!! Johan, Ida og Sina skal vere glade dei har ei mamma så god som du. Klem:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!