fredag 19. desember 2008

Tusen, millionar takk!!!

Oj, oj, oj for ein dag det har vore!!! Det er nesten så ein skulle tru at julekvelden kom på forskot i år! Etter å ha vore på kommunestyremøte i 12 timar i går, sove godt - men litt for lite i natt, så kom eg på jobb i dag tidleg og skulle gjere meg klar til å sende elevane heim til velfortent juleferie. Synet som møtte meg då eg kom inn på kontoret mitt, rørte både lærarhjartet, god ven-hjartet og kollegahjartet. Framføre meg var det pakkar, blomehelsingar og vakre ord på vakre kort. For ein fantastisk arbeidsplass eg har! For nokre eineståande kollegaer eg har, for ikkje å gløyme dei flotte ungdomane eg har gleda av å tilbringe kvardagen mine ilag med.

035 

Alt pakka inn med omhug,  kjærleik og gleda av å gi. Eg vart så rørt.... I juleforventninga si ånd ventar eg sjølvsagt med å opne dei til julafta.....- trur eg!

049 050

Juleblomar frå takksame foreldre og frå rektor... Eg har ikkje ord!  Tusen, tusen takk...

Og som om ikkje alt dette var nok, var det pakke på trappa då eg kom heim (eg bur så grisgrendt at dersom posten ikkje får plass i postkassa, berre legg dei den i ein pose på trappa!). Ein rask kik på avsendar gjorde at eg brått kom på at eg for litt sidan hadde vunne ein premie frå mi gode venninne Line med bloggen Kvardagsliv i Storemyra. Eg opna konvolutten, og augene vart store då eg såg alt som var der:

001 005

Line, du er gal!!!!!

Heile fem pakkar var det i konvolutten, i tillegg til kosleg heimelaga kort og julehelsing med bilete av dei skjønne ungane hennar. Sidan både eg og ungane er av den litt utolmodige sorten, måtte vi pakka opp desse gåvene i kveld ("mamma treng nemleg eit innlegg til bloggen...", sa Johan...).  Sjå berre kva eg fekk!

007 008

Ei nydeleg lyslenkje.......

009 019

Fire, nydlege englevingar som vi allereie har hengt opp både her og der...

017

Måtte sjølvsagt ha eit par vingar på soverommet....

024 026

Nokre nydlege oppheng med perler var også i pakken. Var litt artig å bruke den eine til englekropp!!!

027 030 031

Ein pakke nydlege servietter med julepynta fyrstikkøskje.....

032

Kjære Line; tusen takk for alle dei flotte gåvene! Dette var alldeles uventa, men svært, svært hyggeleg...... Du er ein engel, kjære du....!!!!!!

No har eg takka og bukka til alle som har gjort dette til ein strålande dag!

Ha ein flott fredagskveld ! Eg skal på kino ilag med ei venninne!

 

7 kommentarer:

  1. Så flott pakke du har fått! Og så kjekt det må være å finne en sånn sette-pris-på-haug, av gaver og kort og omtanke på jobben en litt sliten dag!

    Ønsker deg en fin kinotur og en god helg!

    SvarSlett
  2. Ja dette må være julaften før julaften hos deg også=)

    Nydelige ting du fikk. Så moro å bli satt pris på av gode kollegaer=9

    Ønsker deg en fin kveld og en god helg=)
    Klem Kerstin

    SvarSlett
  3. Hei.
    Så flotte ting som du fått i posten og på jobben.
    Skjönner det er morsomt å motta slike pakker.
    Håper nå att fredagen blev en fin dag med alle gaver og kinobesöket.
    Ha det gott.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  4. God kveld, kollega...Opplevd det samme i dag jeg, en "haug" med blomster fra kollegaer og elevene mine, skjønne ord med 3.klassingers håndskrift....helt herlig!! Sånn jeg har lært deg å kjenne her inne, fortjener du alt sammen Tove!! Håper filmen var god, vi har vært i Spektrum på Putti Plutti Pott! Klem fra Anette

    SvarSlett
  5. Så koselig å bli satt pris på av foreldrene og rektor! Du har helt sikkert gjort en super jobb!

    Koselige ting du har fått i posten også (eller på døra!)

    Kos deg videre...

    SvarSlett
  6. Så koselig da !
    Du har helt sikkert fortjent det !

    SvarSlett
  7. Så kjekt å bli satt pris på!!! Jeg er sikker på at du fortjener alt,så bare ta det til deg og nyyyt det ;)
    Utrolig mye fint du fikk i pakkene...heldige du :)
    Ønsker deg og dine en kjempekoselig jul og alt godt for det nye året!!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!