søndag 14. desember 2008

Tove takkar og bukkar!

I mitt forrige innlegg gav eg lovnadar om å takke og bukke for utmerkingar og utfordringar - og slike lovnadar bryt ein ikkje! Den fyrste utmerkinga ser slik ut:

award24

"Denne bloggen invisterer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser eller selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelsene er kuttet vil
enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne awarden til åtte bloggere som igjen må velge seg nye åtte."

Tusen takk til Rosa Univers, Guttemammas, Silje Nelly og Ida Mari som alle har foræra meg denne utmerkinga!  Det er alltid like kjekt å lese bloggane deira, og det er stor stas å få denne utmerkinga frå desse flotte jentene! TUSEN TAKK! I "oppskrifta" står det at eg skal gi den vidare til åtte andre, men eg då den har florert på mange bloggar vel eg å gi den til ALLE som er innom bloggen min og les dette!

Neste utmerking har eg fått frå Annike og Laila, TUSEN TAKK - EG SET UTRULEG STOR PRIS PÅ UTMERKINGA! Trur forsyne meg det er bilete av meg og Rambo ute på tur, hi, hi....

award25 

Denne utmerkinga skal eg gi vidare til fem andre, men eg gir den likegodt til ALLE som er innom bloggen! Dei som får denne utmerkinga må gi den vidare til minst fem andre, og så må ein fortelje om fem ting ein er avhengig av. "Dette er eg avhengig av"-lista mi er diverre lang, men dette er vel kanskje topp 5:

1. Min kjære Terje og dei skjønne ungane våre!

2. Lypsyl og handkrem

3. Datamaskina mi

4.Foreldra mine, som alltid stiller opp som barnevakter når det er naudsynt  og som elles hjelper til med det meste - når som helst, kva som helst!

5. Kvitost, i alle former og konsistensar!

Så har eg fått ei utfordring frå Monica i Acinom Evats. Den går ut på å fortelje om fem ting eg IKKJE ynskjer meg til jul. Då det ikkje er så lenge til jul, lurer eg litt på kor i alle dagar eg skal løyse dette. Tenk om eg skriv noko som ein eller annan allereie har kjøpt til meg??? Eg vil ikkje såre nokon, så for å halde meg på rett side av høflegheit og sunt bondevit, gjer eg ein liten vri. Det er fem ikkje-materialistiske ting som står på lista mi.....

Utfordring

1. Snø i bevegelse! Dette høyrest kanskje rart ut, for alle ynskjer seg kvit jul. Det gjer for så vidt eg òg, men då må det vere kaldt, opphaldsvèr og snø som ikkje forflyttar seg. Eg har nemleg ein mann som brøyter, så det blir ei trist jul, både for han og oss, om han må tilbringe mesteparten av jula i traktoren....

2. Skulearbeid! Denne jula har eg bestemt meg for å IKKJE sitte bøygd over ein bunke bøker for å førebu meg til undervisning etter jul. No gjer eg mest mogleg av det arbeidet før juleferien, slik at det berre vert kos i jula!

3. Eg ynskjer IKKJE at vi vert sjuke, verken rett før jul eller i jula.

4. Eg ynskjer IKKJE at juletreet skal drysse før vi skriv 26. desember (dyrekjøpt erfaring frå i fjor...)

5. Eg ynskjer IKKJE at det vert mykje vèromslag i jula slik at det vert isdekke på vegen opp til oss. Då blir vi sittande vèrfaste i jula og kan verken reise på besøk eller ha besøk...

Denne artige utfordringa kan du plukke med deg til din eigen blogg og sjå om du kanskje er litt meir kreativ enn meg...!!!

6 kommentarer:

  1. Godmorgen.
    Det var en bra utfordring. Eller ska eg si svara dine.
    Kan vel si det samme.
    Untat den om maken. Han bröyter ikkje, men kjörer vogntog. jobber på posten.
    Så eg vil ikke ha ham ute på veiene i jula visst det blir isete og glatt.
    Nå må du ha en flott mandag.
    Her bynner snöen og smelte bort. Fra 5-10 minus nå, så er det i dette öyebblikket 2 plus. Trur ikke det blir en kvit jul her nei...
    Ha det gott og nyt dagen.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  2. Heisann unge dame...ja, å være lærer på denne årstiden er ikke bare glansdager....jobbet som sekretær på skola en stund, så det vet jeg...tross at du har det travelt, er det SÅÅÅ moro når jeg ser at du har hatt ett innlegg... Håper ikke du går over med rødpenna å retter oppatt alle feil....ha en strålende mandag

    SvarSlett
  3. Gratulerer med alle utmerkingane:) Nydelege bilder du har tatt av himmelen. Det har vore eit fantastisk fargespel dei siste dagane. Vi berre nyter at solstråla vår er heime, bakar og prøver å slappe av litt i julestria.
    Ha ein flott dag.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  4. Gratulerer med awarder.
    Du fortjena dei alle som en.

    Denne utfrdringa var artig....Kansje eg skal prøve meg på den, eg som er litt inspirasjonstom i dag...
    Ønska deg ein flott mandag min venn
    Klem

    SvarSlett
  5. Gratulerer med alle dei velfortente utmerkingane Tove!
    Du har ikkje før fått takka, så renn det inn fleire;) du kan kome og hente inne med meg. Ein du kanskje ikkje har frå før?

    SvarSlett
  6. Gratulerer med awardene.

    Og takk for at du gir de videre til alle som er innom. Jeg har ikke de fra før:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!