søndag 16. november 2008

Søndagskos...

Med ruskevèr og haglbyger ute, må vi gjere det beste ut av situasjonen og kose oss inne. I dag var det Sina sin tur til vere mamma sin vesle kjøkkenskrivar!

031 038

Etter å ha lese ei av lokalavisene var den vesle kokkelærlingen klar til dyst. Det er ikkje fyrste gongen ho har vorte plassert på kjøkkenbenken, må du tru... Med stor presisjon rører ho i kakaoen og passar på at den ikkje svir seg i botnen. Vi har heldigvis induksjonskomfyr, og slepp difor den intense varmeutviklinga som er frå vanlege komfyrar. Når vi i tillegg skrur plata ned på det lavaste, er det trygt for veslesnuppa å sitte der. Både mor og storesyster passar på.

034 051

Ein må tidleg krøkast som god krok skal bli... Sina tek i allefall utfordringane på strak arm og ordnar opp!

043 049

Strømpebuksekledd, lita frøken på kjøkkenbenken ein tidleg søndagsmorgon - herleg! Sjå kor kry ho er...

053 

Med kakaoen unnagjort er vi klar for neste prosjekt: bollebakst! Hmmmmm, kva er det mamma har i den bråkemaskina si? Og kvar vart det av alle sjokoladebitane.??? Ikkje fortel det til bestemor, men det vart faktisk nokre sjokoladesmaksprøver på morgonkvisten... Er det søndag, så er det søndag!

061 063

Å dekkje bord er også kjekt. Særleg når ein får ete av lasset... Etter nokre trassige utbrudd fordi ho ikkje fekk passe på skåla med agurkbitar, var ho lynrask då mor snudde ryggen til eit lite sekund. På ein, to, tre var ho komen opp på bordet (!) og meska seg med agurk... Då var ho retteleg nøgd med seg sjølv!!!

065 070

Brunost og kakao høyrer ilag, det har snuppa skjønt. Men korleis i alle dagar skal eg gjere det for å få denne osten på skiva mi??? Skulle eg skjære med noko, skal tru? Nei, eg gjer det på min eigen måte! Mamma ser meg ikkje likevel....

090  096

Då har Sina dekka og duka - det er berre å setje seg til bords! Sjokoladebollane må sjølvsagt vente litt, det må vere groveskiver til frukost. Håper du har hatt ein like triveleg morgon som oss!

003

Til slutt må eg berre ta med eit bilete av kosevofsen vår, som låg og kosa seg i korga si under heile bakeseansen. Han ventar nok på ein smakebit.....

 

8 kommentarer:

  1. Å herlege SØNDAG:)) Ser ut som dokke kan kunsten med å nyte dagane der ute;)) Her er det tente stearinlys, nytrakta kaffi og strikkepinnane går for fullt:)) Mannen dro på fjelltur, eg foretrakk sofaen saman med pusen:) Teller ned til jenta mi kjem eg no, berre 24 dagar til ho landar på Hovden. Det blir litt av ein førjulspresang.
    Nyt søndagen.

    Smil og Klem frå Lill

    SvarSlett
  2. Så utrolig skjønne bilder :)
    Kjekt med slike dager uten stress!
    Ha en fortsatt fantastisk flott søndagskveld
    *Siv*

    SvarSlett
  3. Sjokoladebitar og agurkbitar nøytraliserer vel kvarandre, og då er det vel ikkje farleg?

    Han var utruleg kjekk kosevofsen i korga, såg nesten ut som ein du får kjøpt på leikebutikken, mjuk og deileg :-)

    Ha ein fin søndag vidare. Trur eg må kle godt på meg og gå ein tur i blæsten...

    SvarSlett
  4. Å som dere koser dere! Skjønne bilder av en skjønn unge, rett 6 slett! En enestående mamma som for meg virker uoppnåelig for andre - men heia deg altså! Nyt dagen. klem

    SvarSlett
  5. Hmmm ... syns ej kjenne lukta av nybakte bollar heilt hit!!! Kor flink du e Tove!! Her med oss går det i rydding... e ikkje så ofte en har ein heil dag å gjere slikt på! Nydelig hund dokke he!!

    Monica

    SvarSlett
  6. Hei du! =)

    Har scrolla litt bakover her. Du har SÅ koselig blogg. Mmmm!

    Herlige søndagsbilder her. =)

    Klem, Kathrin.

    SvarSlett
  7. Koselig søndagsmorgen!!
    Mmm sku likt å smaka dei bollane ja...;)

    SvarSlett
  8. Åå, for ein herleg sundag de har hatt saman!

    Ha ei kjempefin veke!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!