søndag 16. november 2008

No treng eg kyndig hjelp...

Eg har planar om å kjøpe ein leikekomfyr i julegåve til jentene i huset.  Trudde det skulle vere ei enkel sak å finne slikt, men dei eg har kome over er litt for kjedelege.

 komfyr

Dette er ein av dei eg har kome over, men den er litt for enkel. Har sett for meg ein litt meir fancy og jentete... No stolar eg på at det er bloggdamer der ute som kanskje har eit tips til ein nettstad der eg kan få kjøpt slikt? I så fall tek eg imot med stor takk!!!

Og så var det ein ting til......

Eg har så lyst på nye kjøkkengardiner i år. I fjor hadde eg raude panelgardiner på kjøkkenet, men det vart for intenst med den raude - og så var det feil raudfarge! Eg kunne heilt sikkert ha klart å sy meg gardiner, men det er dette med tid.... Fann nokre flotte stoff frå Sandvika Interiørtekstiler AS.

gardin1 gardin3

Kosleg stoff som gir meg julestemning, men som kjøkkengardin blir det too much.

gardin4 gardin5

Nostalgisk jul, men som kjøkkengardin??? Trur ikkje det.... Trur nok ungane hadde likt stoffa, men eg trur eg hadde vorte lei dersom alle desse motiva skulle henge i kjøkkenvindauget i meir enn ein månad...

Nei, det aller enklaste er om nokon veit om ein nettbutikk som sel ferdige gardiner! Då kan hende dei kjem opp til 1. advent i år òg! Trur du at du kan hjelpe meg? Ser for meg at gardinene skal vere enkle, men ein må tydeleg kunne sjå at det er julegardiner. Farge? Tja.... I følge ei bok eg har kjøpt skal det ikkje pyntast med raudt til jul. Då slit eg litt, for jula har stort sett alltid vore raud her i huset, med innslag av det naturen har hatt å by på.

Så mange interiørdamer som det er der ute, så er det vel nokon som kan gi meg ei hjelpande hand??? På førehand takk til alle som kan bidra.....

(Beklagar den dårlege kvaliteten på bileta, slik går det når ein tjulvlåner frå andre....)

19 kommentarer:

  1. Hmmmm---komfyrinnlegg har jeg sett på Den gode feen sin blogg. Tror hun har fordypet seg i småkomfyrers gleder i et innlegg. Når det gjelder gardiner så så jeg noen fine på Kremmerhuset her forleden. Liftgardiner i lin med noen store røde og hvite hjerter i en bord nederst. Knallfine og ikke for dyre. Såpass at jeg ble stående og tenke om jeg ikke trengte noen juleliftgardiner hos meg selv. For eksempel på soverommet? hehehe....Julegardinene mine er nemlig laget av rødt og rosa Tildarose stoff og de har hengt oppe helt siden i fjor jul uten at noen har reagert på det... hehehe!
    Lykke til med jakten iallefall.

    SvarSlett
  2. Hadde bare jeg kunne hjelpe...
    Gutteting derimot, det har jeg greie på :-))

    Lykke til med leitinga!!

    SvarSlett
  3. Når det gjeld komfyr har eg berre ein ting og seie: LeToyvan sin lyseblåe retro trekomfyr. SUKK!!!! Har vore uhelbredeleg forelska i ein slik sidan eg såg han på ein nettbutikk i vår. Det var anten på Sprell, Alveslottet eller Riktige leker. No har eg sett komfyren "live" og eg har berre sååååå lyst på ein slik til frøken dings. Det er berre det at storebror fekk ein plastkomfyr til jul for 2 år sidan, og den verkar heilt supert enno, med både lys og lyd, og då får eg meg ikkje til å kjøpa ein til. Trur eg......Lukke til;)

    Jula er raud hos meg og, så kan no andre sei kva dei vil;) Ser ut som om de har hatt ein supe sundag. Håpar veka vert like flott:)

    Klem Henriette:0)

    SvarSlett
  4. Så søt hund du har! :) det er vel en bichon frisè? Har også en, lille Tuva. :) Håper du finner lekekomfyr til jentene dine.

    SvarSlett
  5. Dersom det er komfyr i tre du ynskjer, så kan eg ikkje hjelpe deg, men er det av plast, så såg eg ein som såg ut som ein liten miniatyrkomfyr i "stål" i ein av alle desse julegåveidè-hefta som har dumpa ned i postkassa. Den såg ganske så fancy ut, sjølv om eg synest at det er koslegast og mest solid med dei som er av tre.

    Her i huset har vi julegardiner som er heilt lyse, med eit raudt felt med hjerter på heilt øverst, vanskeleg å forklare, men det kjem nok bilete av dei etterkvart som jula nærmar seg. Trur dei vart kjøpte på Botex i Volda for nokre år sidan.

    Stoffa som du viste hadde sikker tvore fine som gryteklutar eller noko slikt, men trur det hadde blitt litt for mykje av det gode på ei heil gardin.

    Lykke til i jakta

    SvarSlett
  6. http://www.bluebox.se/showinfo.asp?id=a03632&page=4&countrs=36&size=12&method=varu&varu=leksaker

    det er berre denne eg har kome over, litt litan kanskje og kostar litt meir enn ein på brio, men søt og jentete :)

    Alltid kjekt å kike innom blokken din :)Eg kikar innom kvar gong det kjem noko nytt frå deg :)

    SvarSlett
  7. Du Tove må vel ha lingardiner med lyseblå snøkrystallar! ;-)
    Ser for meg at det måtte være i din stil??

    Synes lingardiner og dukar er litt jul.. gjerne med raude hjerter eller pepitaruter i rødt og grønt som bord (bord?? BÅRD som vi sei)

    Monica

    SvarSlett
  8. denne va litt fin :-)

    http://www.sparkjop.no/Sparkjop/Products/MainWinter08/PID-581251(SparBase).aspx

    SvarSlett
  9. Heisann!
    Eg såg ein sprek trekomfyr for born inn på Fiskå av alla stadar! ;) Den var kvit med litt limefarga på! Eg hugsar ikkje kva butikken heitte men den var på "kjøpesenteret" i sentrum der.Butikken hadde frisør og kafe og interiør og treleiker i eitt! Mykje flott!!! ;) Er verdt eit besøk... :)
    Beste helsing Elisabeth

    SvarSlett
  10. Hei igjen Tove

    Kjekt at du likte dei gardinene, eg syntes faktisk dei va veldig fine.. men no HE ej gardine (så ej fe ikkje love for mej å kjøpe nye no igjen) men sånt e veldig fristande...

    Lykke til... der va vel "nogo attåt" også.. dukar osv.

    Monica

    SvarSlett
  11. Mener da at brio har en rosa sak...? Vedr gardiner..., elsker liftgardiner jeg da,men aner ikke om noen nettbutikker har..tenk hvite og røde stripete i beste Carl Larsson stil...eller,kjøp hvite liftgardiner og heng julehjerter på!! Klem og god natt

    SvarSlett
  12. Du Tove, du har alltid en grei baker med deg på kjøkkenet... Tenk vi kom os sikke opp å bake før søndagsskola, vi kosa oss for lenge i senga :)) Men vi hadde ferskt bakverk på lørdagen. Syns det var så koselige bilder av den lille bakerspiren.
    Mitt tips til gardiner: Bruk dem du hadde i fjor, og sjå heller om du finner noen ETTER jul, på salg eller noen du virkelig har TID å få som du vil ha dem. Bruk heller den lille tida fram til jul på andre ting. Rødt er jo så flott... litt intens skal det vel være?
    Jeg sydde røde kafegardiner til kjøkkenet ett år, hadde bare skråbånd med kristorn på, og de kommer opp hvert enda år. Men så fant jeg et fag på Kid,... beige med gullengler. Har ingenting med jul å gjøre når dte gjelder fargen, men jeg som elsker engler, falt pladask. Så de skal henge hos meg!
    Sikker på at du får det koselig. Ikke stress med nye gardiner i år, Tove.
    Vet du,jeg gleder meg til å se hva du ender opp med, for det får vi sikkert sjå... Gode mandagsklemmer før du drar på jobb! fra Nunne.

    SvarSlett
  13. har lite vett på komfyrer til jenter...her er det kunn gutta som rår :)
    Gardiner ja...jeg stod å holdt et par liftgardiner i hånden på Kid...nydelig rød farge, med engler som var i dus gull farge, men så var det noen som sa at Kremmerhuset fører noen fine...En veninne av meg hadde logget seg inn på Sparkjøp, å kjøpt de fine, til en vanvittig billig penge...(henger jo ikke sååå lenge oppe da) Du finner sikkert noen som er akkurat i din smak og stil

    SvarSlett
  14. her er en komfyr!!http://www.finn.no/finn/bap/object?finnkode=15040351&sid=xz1cabRYHl0675079&WT.svl=Link

    SvarSlett
  15. Hei hei.
    Mine julegardiner har jeg sydd i et enkelt rød og beigestripet stoff ( for øvrig det samme stoffet som hjertene i headingen i bloggen ) og jeg liker dem kjempegodt. Disse er ikke så typisk jul, så de kan gjerne henge oppe hele vinteren igjennom.

    Ha en flott dag.

    SvarSlett
  16. Heia Tove! Ja på Fiskå er der en butikk som heite "HÅR & SÅNT..." Det e ei god veninne av meg som driv frisør og interiør der. Såg ein super komfyr der på Torsdag forrige veke. Trur du hadde likt den ja!!!
    Ellers so må ej få tipse dej om katalogen "Stoff og stil", visst du ikkje he haurt om den før. Mykje fine stoff, rimelig og greit,kan også få ferdig sydde gardiner der.(Ligg på nettet)

    Mvh Eva

    SvarSlett
  17. Hei Eva! Tusen takk for gode tips!!! Spørst om eg må ta turen til Fiskå... Stoff og stil kjenner eg godt til, men har faktisk ikkje kika innom der enno. Det lyt eg gjere i kveld! Ellers håper eg det er bra med dokke!!!

    SvarSlett
  18. Hei Tove.
    Har du sjekka www.sprell.no?? Der har dei tre ulike tre-komfyrar. På www.curiosa.dk har dei ein knalltøff, men rådyr, retrokomfyr og eit stort utval av tre-mat. Gardiner har eg lite peiling på. Såg ein reklame for herlighet.no på Moa, kanskje dei har fine julegardiner?
    Lindapinda

    SvarSlett
  19. www.sprell.no ja! :-) Der he dei rosa komfyr, kjempefine!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!