søndag 30. november 2008

Kom adventstid....

 

003

"Kom adventstid til vårt einsame hus!
Vi set i staken eit einslig lys
Advent er eld som i kulde vert tent:
Vi ventar ei gåve som Gud har sendt.


Den gåva er av eit heilt anna slag
enn gåver vi gir eller får kvar dag.
Opne den gjenlåste dør i ditt hus,
så skin Guds stjerne, vårt julelys!"

Carl-Bertil Agnestig

006

Denne nydlege adventssongen har vore fast innslag på Lyst sine julekonsertar i fleire år. Eg synest den formidlar alt det beste med ventetida og julehøgtida. "Advent er eld som i kulde vert tent" - ei nydeleg skildring som seier noko om korleis vi skal vere mot kvarandre i denne ventetida.

Bruk adventstida til noko meir enn husvask, baking og stress for å få gåvene i hus: gjer ei god gjerning for nokon som treng ei hjelpande hand. Ver eit medmenneske for nokon som har det vondt. Vi som har nok å gi må dele raust til dei som treng oss, både av tid, omsorg og varme. "Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg", sa Halldis Moren Vesaas. Det kan vere noko å tenkje på når vi går jula i møte.

Bruk adventstida til å skape minner og gode stunder for borna dine, familien din og alle andre rundt deg. 

I dag går tankane mine til ei god venninne som har tunge dagar. Sorga og saknet er tungt for henne og familien å bære. Kjære du, når dagane vert uuthaldelege og sorga tynger - så veit du at du har mange rundt deg som stiller opp og hjelper deg gjennom det.

6 kommentarer:

  1. Så fint du har skrevet, å så sant så sant... En varm og god klem er vel så viktig i en travel stressa hverdag...Jeg skal jobbe mye frem til jul, så her hos oss, blir det ikke å stresse... "that can i love you"....klem fra nord

    SvarSlett
  2. Ord til ettertanke der ja.. De fleste av oss har mer enn nok av materielle goder, men har kanskje andre savn og lengsler. Det er mye mer viktig å bruke tiden på barn, familie og venner enn å stresse seg til et 100% skinnende rent hjem, 14 kakesorter osv.
    Kjempefin adventskrans du har laget, er forresten en av de få i blogglandia som er lilla :0)

    SvarSlett
  3. Nydelig skrevet. O) Dette bør en ta innover seg og tenke på. Er så enig at vi må dele av vår tid , omsorg og goder=) Det blir lett for at dagene går og man tenker bare på alt som skal gjøres. Vi må lære våre barn andre verdier som er så ytrolig viktig=)

    Klem

    SvarSlett
  4. Heia Tove
    fine bilder og ord
    og ein fine adventsstake -

    min vartkjøpt i full fart på Bohus i går, Sivert var med og plukka ut lys, kuler og noen hjerter - vart vel fornøyd

    her er ikkje kalenderen på plass - ei heller julegardiner,
    Men har brukt dagen til å prøve å slappe av - prøver å ikkje tenke, gruble for mye
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Fint innlegg:) og fin adventsstake:)

    SvarSlett
  6. Dette var gode og kloke ord! De skal jeg bringe med meg videre :) med ønske om ei fin adventstid til deg og dine! klemmer.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!