fredag 28. november 2008

Flytande julegodt...

Trufaste lesarara av bloggen min hugsar kanskje at eg laga  plommelikør i haust. Nydlege plommer frå tuntreet, mørk rom og myyykje sukker. Sjå berre kor deilig det såg ut;

036 042

No har Norges-glasa stått på kjøkkenbenken og kosa seg i to månadar. I dag bestemte eg meg for å sile av likøren og ha den på flaske. Eg kan love deg at lukta som slo imot meg då eg skrudde av lokka, var fantastisk god! Rett i sila bar det, og kjøkkenet vart fylt av nydlege lukter...

054

Plommene måtte stå og renne av seg ei stund. Likøren vart mørk og kanskje litt grumsete, men eg las meg til at det visstnok ikkje gjer noko. Plommene vert sjølvsagt ikkje kasta! Dei frys eg ned og tek fram som tilbehør til vaniljeis, eller ilag med piska krem med frø frå ei vaniljestang.

058  065

No er det ikkje lenger plommelikør på benken min.Dei tome glasa skal vaskast og nyttast til julesild, julegodteri og julekaker.

 106  110  

Det ser godt ut, ikkje sant? No skal likøren få stå på flasker i påvente av jula. Men fyrst ein liten smakstest....

108

8 kommentarer:

  1. Ser kjempegodt ut! Mmmmmmmm!
    Flotte glass;)
    God helg til deg.
    smil Torunn

    SvarSlett
  2. Nå var jeg jammen meg rask;)
    Jeg lurte nemlig på hva som skjedde...lurte på om jeg kom over i en annen blogg, jeg? Men neida, det var bare Tove som oppdaterte...rett for øyene på meg, hehe! Endelig kom jeg først en gang, hoho! og nå skal jeg ta meg tid til å lese hele innlegget;)

    SvarSlett
  3. Du og du Tove, eg misunne deg all energien din:) og all oppfinnsomheita di. Tek gjerne ein tur og smakar på likøren...HiHi:)

    SvarSlett
  4. Ja takk for smaken...kjenner lukta om jeg virkelig legger godvilja til:)
    Her har det ikke vært sånn lukt i mitt kjøkken, men derimot et par småkakesorter, samt kornbrød...godt det også... Ha ei velsigna go helg, for det skal jeg ha:) Klem fra nord

    SvarSlett
  5. Et skikkelig husmoremne!!! Herlig da, og nyt drammen! God adventshelg! KLem fra Anette

    SvarSlett
  6. hehe! likte den flaska.. men er du tenkt å drikke litt kvar dag i advent eller?? hehe
    Det såg berre herleg ut.. no drikk eg ikkje allverda, men likte såå godt den flaska di!! Kar i all verden har du funne den??
    (misforstå meg rett... eg smakar også på drikke, men det er liksom ikkje noko eg "treng"... eller har spesielt lyst på så ofte for å sei det slik) Huff det vart vanskelig.. hehe.... jaja.. du forstår nok..
    Deilig såg det ut i allefall!!

    Schål! ;-)
    Monica

    SvarSlett
  7. Hei der.
    Plommelikör hörtes ikke så ille ut.
    Bra du fortallte om den. Har to flasker kirsebärlikör stående på benken og en med blåbärlikör. Håper det ska bli det det da...
    Kanske må ta det i löpet av helgen.
    Håper den plommelikören smakte godt.
    Nå får du ha ei god natt.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  8. ah, den plommelikøren såg herleg ut! Eg hadde ein plan, men den kom ikkje lenger enn til tankestadiet.

    Og du, det der med å vere ferdig med gåver og vask og kaker og alt FØR desember eingong er igang - det har eg aldri skjønt. For meg eg desember månaden der desse tinga skal skje, i tur og orden. Og om ikkje alle rom er skura frå golv til tak, ja så er eg sikkar på at jola kjem likevel.

    Ha ei nydeleg fyrste helg i advent!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!