mandag 17. november 2008

Ein smak av Italia

Etter ein vellukka kosekveld med nokre av damene i koret, vart eg oppmoda på det sterkaste om å legge Foccacia-oppskrifta mi på bloggen. Det er så kjekt å ha med seg noko når ein er invitert på besøk, og denne gongen vart det altså Foccacia! Eg skal ikke skryte på meg å vere opphavet til denne oppskrifta - all heider og ære til min bror Frode som har delt denne med meg!

foccacia

Oppskrifta er enkel, la oss ta det steg for steg:

1 kg kveitemjøl

2 ts salt

1 pk gjær

6 dl lunka vatn

2ss honning (den hemmelege ingrediensen!)

1 1/2 dl god olivenolje (du skal berre bruke 2 ss av denne oljen i deigen, og den slår du i på slutten av eltinga slik at deigen vert oljete og god. Resten skal du bruke på toppen av brødet før steiking - kjem til det seinare!)

Dette er grunnoppskrifta på Foccacia. I tillegg til dette brukar bror min ein del ingrediensar som han hakkar opp og blandar i deigen under elting. Eg brukar desse:

- soltørka tomat (bruk den som ligg i olje), delt i små bitar

- chorizzo-pølse, hakka i små bitar (du får kjøpe chorizzo i "vanlege" påleggspakkar i dei fleste butikkar)

- svart oliven, hakka

- du kan også bruke fetaost eller cheddar i små bitar

Har du andre smaksfavorittar må dei gjerne bruke det du har lyst til - berre fantasien set grenser!

La deigen heve i 30 minutt på ein lun stad, dekk med plastfolie.

Trykk ut deigen i ei bakepapirkledd langpanne. Med litt olje på hendene går det greitt.

Stikk "hol" jamt over heile deigen med fingrane.

Slå over resten av oljen (gjerne også oljen som tomatane har vore marinert i) og dryss med flaksalt (Maldonsalt er i grunnen det einaste alternativet. Det kostar nesten kr 60,- på Spar og berre kr 30,- på Kiwi).

Etterhev i 40 minutt (dekk med plastfolie og kjøkkenhandkle).

Steik nederst i ovnen på 225 grader, 30 minutt. Siste 6-7 minutta kan du strø over hakka basilikum - viss du likar det!

VIKTIG: legg brødet på rist med ein gong det er ferdig! Drag av bakepapiret.

Smakar nydeleg med aioli til!

Lykke til!

6 kommentarer:

  1. Nå ble jeg faktisk sulten!!, eller ikke akkurat sulten, for jeg har jo akkurat spist..., men fikk lyst på MER :-))) desverre :-(((

    SvarSlett
  2. mmmmm.jeg VET det er godt!!! Har jo vært såå heldig å smakt det!!! nam nam.....Takk min venn ;)

    SvarSlett
  3. Takk og lov for at du ville dele oppskrifta med oss! Den skal prøvast i mårgå den dag! He tenkt på dinna deilige foccatiaen sida laurdag. Tusen takk for mat og oppskrift Tove;)

    SvarSlett
  4. Sjå der! Tusen takk for at du vil dela oppskrift med oss. Gler meg til å laga og ikkje minst å eta!
    Linda

    SvarSlett
  5. Tusen takk for at du deler oppskriften med leserne dine Tove. Jeg har lenge vært på leting etter en god oppskrift, så denne skal jeg prøve.
    Ha en fin dag:-)
    Gry

    SvarSlett
  6. Takk å lov for at d ikkje e berre ej so he gått å tenkt på focaccia sida laurdag!hehe..no ska ej på buda å handle ingrediensa tenkje ej..
    takk Tove!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!