tirsdag 18. november 2008

Amerikapakke og utmerkingar!

I dag har det vore ein alldeles strålande dag! Då eg kom heim frå jobb låg der Amerikapakke og venta på meg på kjøkkenbordet! Eg forstår godt kor dei hadde det, dei som opplevde at slektningar og vener emigrerte til USA for meir enn hundre år sidan. Den enorme gleda og lukkekjensla dei opplevde då den store Amerikapakken kom - akkurat slik hadde eg det i dag!

002

For ei tid tilbake vann eg trøystepremie på Bodil Morse sin blogg. Ei fantastisk, svensk dame som er busett i Vermont, USA. Premien var gamaldagse, amerikanske klesklyper, eller "pegs" som dei seier "over there".

007

Sjå den nydlege innpakninga! Er det rart eg smelta??? Så enkelt - og så vakkert!!!

013

Eg tenkjer på amerikanske filmar når eg ser slike klesklyper. Nostalgisk og vakkert...

022 023

Dei ser nesten ut som eit songkor, ikkje sant???? Det gav meg sjølvsagt ein idè...

025  030

Korsongar som eg er, måtte eg sjølvsagt lage ei syngedame!

  041  044

Her står kordamene og syng. Kanskje det er "Ceremony of Carols" av Benjamin Britten dei syng? Ikkje rart den stakkars dama ser litt fortvila ut - det er avanserte saker for menigfolk...

bodil morse

 

Tusen takk, Bodil! Eg vart veldig

glad for dei flotte klesklypene! No

ventar eg berre på klestørk...

 

 

 

award22 Då eg var innom og sjekka bloggen i ettermiddag, såg eg at eg hadde fått ei utmerking med Monica. Det var så kjekt å få denne skjønne, lille vofsen deisande ned i fanget - tusen takk, kjære Monica!!! Og neste gong vi treffast her eller der skal vi så absolutt slå av ein prat! Kanskje endåtil rekke ein kaffi???

Eg vil gjerne få gi denne skjønne karen vidare til ei god venninne av meg. Ho har fire ungar heime som heilt sikkert tek seg godt av den, med godt stell og pleie. Laila er ny her i bloggverda, og har på sporty vis kasta seg ut i det ukjente! Håper du vert godt imotteken her inne, Laila! Sjekk gjerne ut bloggen hennar, du finn den her!

award23

Denne skjønne pusen kom mjauande inn i bloggen min med helsing frå Line! Det var så utruleg kjekt å treffe deg i helga, Line! Neste gong blir det  piknikk i fjøresteinane!

Pusen er utolmodig og vil gjerne tusle seg vidare. Eg vel å gi den til Cecilie, som har ein kosleg og interessant blogg. Du bør gå inn der og lese innlegga "Monstermamma" og "Åndenes makt". Skriv knakande godt, denne dama... Eg vonar Cecile tek imot pusen og passar godt på den!

Tusen takk til Bodil, Monica og Line!

11 kommentarer:

  1. Tusen tusen takk for den nusselige vofsen Tove. Det var litt av ei utfordring. Kan med sikkerheit seie at eg treng hjelp...Men skal prøve først.

    SvarSlett
  2. Hi hi, flott at du fann den sjølv, og jemmen skal eg ta turen innom bloggen du gav den vidare til...
    Klem

    SvarSlett
  3. Så vakker innpakning, dååååån....Innholdet var jo toppers også.Heldig du!:o)

    Kjempekoselig å se deg på følgeren min kjære Tove!:o)

    Kveldsklem Vibeke.

    SvarSlett
  4. Så herlig gave da!Slike klesklyper har jeg alltid ønsket meg!sukk....

    klem

    SvarSlett
  5. hehe.. eg sta og tenkte på at dei klesklypene såg ut som et englekor, før eg las at du hadde same assosiasjonane... (morsomt!) Dei var no berre nydelege då!
    "a keepsake" slike er det ikkje monge som har her i landet!!

    Kaffe ja.. mmm godt det, med ein liten skvett mjølk i...

    Monica

    SvarSlett
  6. Så flotte klesklyper ! Og morsom ide med å male synge-damer på klypene ! :)

    Grattis med awardene og ha enherloug kveld Tove! :)

    SvarSlett
  7. Så heldig du var da...morsomme de der, å vi får håpe de tåler vinden her i landet når klesvasken henger rett ut på snora.....:) ha en strålende dag unge dame, og grattis med utmerking....

    SvarSlett
  8. Så hyggelig med Amerika pakke da. Og så nydelig pakket inn og innholdet O=)


    Nyt dagen Klem Kerstin

    SvarSlett
  9. ja, no er det berre å gle seg til sommaren og håpe på ein god klestork...

    Tusen takk for utmerkinga.

    Ha ein flott kveld i regn/sludd/snø-stormen

    SvarSlett
  10. De klesklypene var veldig søte! Fikk akkurat samme assosiasjon til et kor, hehe :-)

    SvarSlett
  11. Hej Tove!

    Vad kul att paketet kom fram och att du blev glad.
    Tack själv kära vän!

    Jag undrar hur du får den fonten du skriver med, den är så vacker?
    Jag har sett andra med olika fonter men jag vet hur man gör för att få det till sin blogg.
    Hoppas du delar med dig.

    Kram Bodil.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!