onsdag 15. oktober 2008

Tove spesial: "Juicy Chicken"

I dag var dagen for kylling. Saftig, mør og forførande kylling. I bitar, marinerte. Marinaden har eg sjølvsagt dikta sjølv, etter "...man tager hva man haver"-prinsippet. Ingen faste reglar, inga fast oppskrift! Lyst på?

011

Eventyret startar her! Olje og balsamic-eddik "på ein raus". Ikkje vèr gnien med oljen.

013 

Ta ein sitron og køyr den eit halvt minutt i mikroen. Utruleg kor mykje saft du får ut då!

014

Pass på at steinane ikkje havnar i blandinga.

017

Tenk å eige ei emaljert sitronpresse som hindrar steinane i å hamne i marinaden, og som tømer sitronen for kvar ein dråpe den har! Den kosta meg kr. 10,-...... Skvis all safta du klarer rett i marinaden.

018

Kvitløk er viktig. To-tre-fire fedd i blandinga, alt etter kor modig du er. Finhakk, helst med kniv. Dersom du brukar kvitlauskpresse ligg ofte den smakfulle og sunne safta igjen i pressa. Kniv er bra!

020

Tilsett krydder du er glad i. Eg har ingen faste, men i dag vart det salt, pepar, paprika, kyllingkrydder og sukker. Det søte er viktig for å balansere det syrlege, og får fram det beste i neste ingrediens....

032

Tomatpurè - økologisk, så klart! Den er utan tvil best, tru meg, eg har testa det meste!

028

Det var faktisk fyrste gongen eg prøvde å lage marinade med tomatpurè, og kan hende flirar betrevitarar over min ringe viten. Men det stod ein rest i kjøleskapet, så eg tenkte eg like godt kunne prøve det. Mmmmmm....

025

Slå blandinga over kjøtet. Bland. La stå (minst ein time på benken).

041

Putt litt smør i panna. Steik. Nyt luktene. Nyt smakane. Kan kombinerast med det meste: ris, nudlar, poteter, salat, wok, eit godt glas vin, gode vener rundt bordet.

Mi kjære syster fekk smake og lurte på korleis eg hadde fått den så saftig og mør. Svaret var enkelt: Har ikkje peiling! Med den rette samansettinga av ingrediensar i marinaden, antakeleg! Var vel berre heldig i dag, for godt var det!

"Mamma, dette er den beste kyllingen du har laga", avslutta Ida med.

Då er det vel sant, då!

17 kommentarer:

  1. Du er så flink med mat Tove...blir heilt svolten her eg sit.
    Idag lage eg kjøttbollar a la Tove med bandspaghetti til. Ingrediensane vart litt anna enn dine, litt slik at eg tok det eg hadde i kjøleskapet og krydderhylla+ ein dæsj ingefær...,men med sitron i . ungane va strålande nøgde og eg måtte berre fortelje dei sanninga om at eg hadde funne dei på bloggen din :)...hihi...

    No har eg vore på manekeng og stort kakebord med Ørstakoret, fin song og kle for nokon og ein kvar smak.....

    I dag skal eg unne meg eit aldri så lite vinglas før eg finn senga, kjekt å kunne vere berre oss to etter at alle ungane har kome seg i seng, og det blir ofte seint med ein 10.klassing i huset:)

    Ønskjer deg ei god natt :)

    SvarSlett
  2. Mmmmm! Dette såg godt ut, kanskje eg skal prøve det ein dag. Har skuleveke denne veka, så det vert lite blogging innimelom skule, pendling, familie og litt lesing...
    Men eg må innom for å sjå etter "nyhende", og du Tove produserar det eine flotte innlegget etter det andre! :)
    No er det kveldsmat her i huset; pastasalat med kylling og pesto med kvitløksbrød til, sjølvsagt!
    Etterpå; natta!

    SvarSlett
  3. Dette så virkelig veldig godt ut, Tove! Kanskje jeg skulle prøve meg på det. :)

    Så flott veske du fikk deg til skolebøkene! Super var den.

    SvarSlett
  4. Å, detta såg ( og høyrest) verkeleg
    godt ut....må prøvast, kanskje i morgon allereie...
    Takk for tipset!

    SvarSlett
  5. Dette så godt ut, tror du er god på matlaging.
    Synes nesten jeg kjenner lukten av denne retten.

    Ha en fin dag

    SvarSlett
  6. Det så jo kjempe godt ut. Den skal prøves i nærmeste fremtid!

    Trist å høre at du også mistet for mange år siden. Savnet og sorgen forsvinner aldri, men man lærer å leve med det. Man må jo bare det....

    Klem:)

    SvarSlett
  7. Hei:)
    Vel tilbake frå LIVE IN Hjelp.... lommeboka vart tynn der ja:) men du store min så mykje fint. Resten av beholdninga gjekk på tante Bruun:) Ja er veldigdtolt av Silje og den insatsen ho legg ned i idretten sin. Blir ikkje tid til mykje anna enn studier og trening men det er det ho vil og då støtter vi opp 100 %. skal legge ut litt green gate snadder seinare i kveld:)
    Lill

    SvarSlett
  8. Tusen takk for nydelige ord og utmerking Tove!Jeg ble så glad :o)Varmer å bli satt pris på!

    Så INNMARI lekker bakgrunn du har fått deg :o)

    Klem

    PS:Den marinaden skal jeg herme etter....

    SvarSlett
  9. Hei
    Tenkte eg skulle spøøre deg om noko:) Var oppe med Anne Grethe no og då gjekk vi inn på min blogg, og den såg heilt annaleis ut enn den gjer med meg. Hadde blant anna lagt ut 8 bilete frå Ei stormfull helg med sol i kasta og der var det berre 3 bilete som viste hos Anne Grethe, er det slik med deg og?
    Lill

    SvarSlett
  10. Er eg ikkje heldig som får vere prøvekanin, folkens?? heheh.

    SvarSlett
  11. Nam nam!! Så godt de så ut!
    Tusen takk for hyggelig kommentar og du er hjertelig velkommen innom!!
    Christina!

    SvarSlett
  12. Den skal jeg prøve ;)

    Så nydelig ut,
    Ha en fin natt ...sov godt heter det vel !!
    natta a.9

    SvarSlett
  13. En liten kommentar til deg før jeg må på jobb,
    Du er flink med mat, denne gryta så og hørtes kjempe god ut.
    Jeg fikk og noen spennene oppskrifter av kokken jeg bruker på butikken min, skal prøve meg på både din og hans oppskrift.
    Ha en flott helg.

    SvarSlett
  14. dette så herli ut...


    du , i bloggen til Christel, la jeg så godt merke til din komentar...
    har også opplevd dette , mistet et barn fullbårent, tre uker før tiden, ( placentaløsning) en liten skatt¨~~~¨ føler meg det som mor...


    klem, og fiiin helg...

    SvarSlett
  15. Mmm.. det såg deilig ut! Tror e skal prøve ditta en dag!

    SvarSlett
  16. Jepp, det er bok nr 2 :-)

    Kyllingen ser fantastisk ut!

    SvarSlett
  17. Mmmm.... Så godt det ser ut. Bildene er utrolig fine. Har bodd en kort periode i Vanylven tidlig på 90-tallet. Sunnmøre er fantastisk.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!