I dag var dagen for kylling. Saftig, mør og forførande kylling. I bitar, marinerte. Marinaden har eg sjølvsagt dikta sjølv, etter "...man tager hva man haver"-prinsippet. Ingen faste reglar, inga fast oppskrift! Lyst på?
Eventyret startar her! Olje og balsamic-eddik "på ein raus". Ikkje vèr gnien med oljen.
Ta ein sitron og køyr den eit halvt minutt i mikroen. Utruleg kor mykje saft du får ut då!
Pass på at steinane ikkje havnar i blandinga.
Tenk å eige ei emaljert sitronpresse som hindrar steinane i å hamne i marinaden, og som tømer sitronen for kvar ein dråpe den har! Den kosta meg kr. 10,-...... Skvis all safta du klarer rett i marinaden.
Kvitløk er viktig. To-tre-fire fedd i blandinga, alt etter kor modig du er. Finhakk, helst med kniv. Dersom du brukar kvitlauskpresse ligg ofte den smakfulle og sunne safta igjen i pressa. Kniv er bra!
Tilsett krydder du er glad i. Eg har ingen faste, men i dag vart det salt, pepar, paprika, kyllingkrydder og sukker. Det søte er viktig for å balansere det syrlege, og får fram det beste i neste ingrediens....
Tomatpurè - økologisk, så klart! Den er utan tvil best, tru meg, eg har testa det meste!
Det var faktisk fyrste gongen eg prøvde å lage marinade med tomatpurè, og kan hende flirar betrevitarar over min ringe viten. Men det stod ein rest i kjøleskapet, så eg tenkte eg like godt kunne prøve det. Mmmmmm....
Slå blandinga over kjøtet. Bland. La stå (minst ein time på benken).
Putt litt smør i panna. Steik. Nyt luktene. Nyt smakane. Kan kombinerast med det meste: ris, nudlar, poteter, salat, wok, eit godt glas vin, gode vener rundt bordet.
Mi kjære syster fekk smake og lurte på korleis eg hadde fått den så saftig og mør. Svaret var enkelt: Har ikkje peiling! Med den rette samansettinga av ingrediensar i marinaden, antakeleg! Var vel berre heldig i dag, for godt var det!
"Mamma, dette er den beste kyllingen du har laga", avslutta Ida med.
Då er det vel sant, då!
Du er så flink med mat Tove...blir heilt svolten her eg sit.
SvarSlettIdag lage eg kjøttbollar a la Tove med bandspaghetti til. Ingrediensane vart litt anna enn dine, litt slik at eg tok det eg hadde i kjøleskapet og krydderhylla+ ein dæsj ingefær...,men med sitron i . ungane va strålande nøgde og eg måtte berre fortelje dei sanninga om at eg hadde funne dei på bloggen din :)...hihi...
No har eg vore på manekeng og stort kakebord med Ørstakoret, fin song og kle for nokon og ein kvar smak.....
I dag skal eg unne meg eit aldri så lite vinglas før eg finn senga, kjekt å kunne vere berre oss to etter at alle ungane har kome seg i seng, og det blir ofte seint med ein 10.klassing i huset:)
Ønskjer deg ei god natt :)
Mmmmm! Dette såg godt ut, kanskje eg skal prøve det ein dag. Har skuleveke denne veka, så det vert lite blogging innimelom skule, pendling, familie og litt lesing...
SvarSlettMen eg må innom for å sjå etter "nyhende", og du Tove produserar det eine flotte innlegget etter det andre! :)
No er det kveldsmat her i huset; pastasalat med kylling og pesto med kvitløksbrød til, sjølvsagt!
Etterpå; natta!
Dette så virkelig veldig godt ut, Tove! Kanskje jeg skulle prøve meg på det. :)
SvarSlettSå flott veske du fikk deg til skolebøkene! Super var den.
Å, detta såg ( og høyrest) verkeleg
SvarSlettgodt ut....må prøvast, kanskje i morgon allereie...
Takk for tipset!
Dette så godt ut, tror du er god på matlaging.
SvarSlettSynes nesten jeg kjenner lukten av denne retten.
Ha en fin dag
Det så jo kjempe godt ut. Den skal prøves i nærmeste fremtid!
SvarSlettTrist å høre at du også mistet for mange år siden. Savnet og sorgen forsvinner aldri, men man lærer å leve med det. Man må jo bare det....
Klem:)
Hei:)
SvarSlettVel tilbake frå LIVE IN Hjelp.... lommeboka vart tynn der ja:) men du store min så mykje fint. Resten av beholdninga gjekk på tante Bruun:) Ja er veldigdtolt av Silje og den insatsen ho legg ned i idretten sin. Blir ikkje tid til mykje anna enn studier og trening men det er det ho vil og då støtter vi opp 100 %. skal legge ut litt green gate snadder seinare i kveld:)
Lill
Tusen takk for nydelige ord og utmerking Tove!Jeg ble så glad :o)Varmer å bli satt pris på!
SvarSlettSå INNMARI lekker bakgrunn du har fått deg :o)
Klem
PS:Den marinaden skal jeg herme etter....
Hei
SvarSlettTenkte eg skulle spøøre deg om noko:) Var oppe med Anne Grethe no og då gjekk vi inn på min blogg, og den såg heilt annaleis ut enn den gjer med meg. Hadde blant anna lagt ut 8 bilete frå Ei stormfull helg med sol i kasta og der var det berre 3 bilete som viste hos Anne Grethe, er det slik med deg og?
Lill
Er eg ikkje heldig som får vere prøvekanin, folkens?? heheh.
SvarSlettNam nam!! Så godt de så ut!
SvarSlettTusen takk for hyggelig kommentar og du er hjertelig velkommen innom!!
Christina!
Den skal jeg prøve ;)
SvarSlettSå nydelig ut,
Ha en fin natt ...sov godt heter det vel !!
natta a.9
En liten kommentar til deg før jeg må på jobb,
SvarSlettDu er flink med mat, denne gryta så og hørtes kjempe god ut.
Jeg fikk og noen spennene oppskrifter av kokken jeg bruker på butikken min, skal prøve meg på både din og hans oppskrift.
Ha en flott helg.
dette så herli ut...
SvarSlettdu , i bloggen til Christel, la jeg så godt merke til din komentar...
har også opplevd dette , mistet et barn fullbårent, tre uker før tiden, ( placentaløsning) en liten skatt¨~~~¨ føler meg det som mor...
klem, og fiiin helg...
Mmm.. det såg deilig ut! Tror e skal prøve ditta en dag!
SvarSlettJepp, det er bok nr 2 :-)
SvarSlettKyllingen ser fantastisk ut!
Mmmm.... Så godt det ser ut. Bildene er utrolig fine. Har bodd en kort periode i Vanylven tidlig på 90-tallet. Sunnmøre er fantastisk.
SvarSlett