onsdag 15. oktober 2008

...når tung lærdom skal bærast...

Som lærarar flest har eg alltid eit kvart som skal vere med heim etter endt arbeidsdag. Det vere seg stilbunkar, arbeidsbøker, notatbøkene mine, lærebøker, nasjonale prøver, vanlege prøver - berre for å nemne noko. Det seier seg sjølv at det ikkje er plass til dette i handveska, eg er heller ikkje typen til å bruke ransel på jobb (det er liksom elevane si greie).

Tidlegare i haust hadde eg eit desperat innlegg der eg etterlyste ein person som kunne lage meg ei veske som kunne huse alle bøkene mine. Eit av kriteria var at den måtte vere solid og tåle opptil 20 kilo. Og jammen fekk eg napp! Ei kreativ og kunstnerisk dame høyrde mine desperate rop om hjelp, og meinte ho kunne lage det eg ville ha. Monica er tydelegvis ein lesar av bloggen min og har plukka opp stilen min og fargepreferansane mine - eg hadde ingenting å frykte!

003

I dag fekk eg ein pakke på døra, og såg med ein gong at det var frå veskemakaren min. Spenninga var til å ta og føle på då eg sakte men sikkert tok til å opne pakken (dette til trass for at eg hadde sett bilete av det ferdige produktet på bloggen hennar...). Fyrst vil eg vise nokre bileter av elendigheita som råda før denne veska kom i hus:

007 008

Eg kunne nesten ikkje vere bekjent av å gå rundt bøkene i slitte posar frå Rimi.... Skrekkelig, hæ???

Eg trur alle stilbøkene i Rimi-posen vart minst like glade som meg då innhaldet i pakken openberra seg:

005 006

Har du sett noko så flott??? Eg var heilt imponert over kor godt ho traff med stil og farge! Skulle nesten tru ho hadde vore fluge på veggen med meg ei stund!!!

009 010

Bøkene mine og eg er komne til paradis!!!! Denne veska vil nok fylgje meg i tjukt og tynt i eit langt lærarliv. Den var svært solid og vil nok tole mang ein stilbunke....

No sit sikkert Monika spent og ventar på dette blogginnlegget. Ho lurer nok på om den kresne skulefrøkena er nøgd med resultatet... Dommen er som følger: eg er så utruleg glad for at du har laga denne veska til meg! Den passar perfekt til meg, og eg er stolt over å vere eigar av eit slikt kunstverk!

Tuuuuuuusen takk, Monica!

Eg er så glad for at kreative sjeler som du gjer kvardagen min betre!

7 kommentarer:

  1. For ei super veske:) Ein slik veske kune eg også ha tenkt meg, er brukanes til mykje den der:) Ha ein fin kveld.
    Lill

    SvarSlett
  2. Kjempefin veske, Monica!! Eg har sett den, tatt på den, testa den, undersøkt den, og beundra den! Du er kjempeflink!!
    Helsing Tove-syster :)

    SvarSlett
  3. Den var knaill-fin!!

    SvarSlett
  4. Den var skikkelig fin. Fins så mange kreative og snill sjeler rundt mom kring :-)

    SvarSlett
  5. For en flott veske!!!
    Så snill Monica er.
    Ja, det varnoe annet enn Rimi-poser...
    ;-)

    SvarSlett
  6. Heisann - det var da fort levering :-)
    Bra posten fant fram
    og kor bra at du likte veska

    Smil fra monika
    som skal prøve ein ny hobby i dag - lage julekort :-)

    SvarSlett
  7. Så flott den var!!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!