fredag 17. oktober 2008

...man tager en loff!

Når det er fredag, kroppen er sliten, ungane er trøtte og  vi berre har mest lyst å dumpe rett ned i sofaen - då må middagen inntakast seint og vere ekstra god! Eg bestemte meg for å gjere det enkelt i dag, og gjekk til innkjøpa av følgande ingredienser:

Formloff , fløte, majonnes, kokt skinke, purreløk, paprika og Jarlsberg.                                                   

Pisk fløte, bland i majonnes (minimum ein halv pakke, maks ein heil). Hakk skinka i tynne strimlar, kutt opp paprika og purre - bland alt i - smak til med litt salt og litt pepar. Ha gjerne i hakke pariseragurk om du likar slikt!

Med loffen gjer du følgande: skjær den opp i passelege skiver, men ikkje heilt igjennom. Den skal henge fast!!!    

033          

Ta den herlege, mektige og kalori-rike blandinga og fordel mellom skivene. Strø raspa ost over.

036                      

Sett loffen i ovnen på ca 200 grader i omlag 25-30 minutt. Pass på at den ikkje vert for brun på toppen.

035    

Då dette er ein svært mektig rett, er det aller best å servere den med ein smakfull og fargerik salat. Ingrediensane i fyllet kan du sjølvsagt variere etter kva du har i kjøleskapet.

Heilt på tampen tek eg med eit vakkert haustbilete som eg tok frå altanen i ettermiddag:

030

Eg likar så godt dei diagonale og parallelle linjene i biletet! På det nederste biletet kan sikkert matematikarar finne 6-7 parallelle linjer!

032

Denne skodda kom krypande oppover fjellsida og var borte omtrent like fort som ho kome. Utruleg fascinerande!

Ynskjer alle ein herleg fredagskveld!

11 kommentarer:

  1. Mmmmm, det ser godt ut....
    I kveld er det juicy chicken her...nydeleg!
    Takk for tipset.
    God helg!

    SvarSlett
  2. den loffen der så mektig god ut!!!
    skikkelig god snadder-mat...og den skal definitivt prøves:))

    ha en fortsatt flott kveld...
    klem tara

    SvarSlett
  3. Det såg godt ut! Nydelege haustbilder:)

    SvarSlett
  4. Såg veldig godt ut, men enkelt og enkelt.... synst det var meir enn nok avansert ein fredags ettermiddag eg :-)

    Flotte paralellar i vakre bilete.
    Lykke til med konserten på søndag! Reknar med eg er "kake" etter øvingshelga vi skal ha i Stryn, så det blir nok sofa'n søndagskvelden.

    Ha ei fiiin helg.

    SvarSlett
  5. Takk for at du hjelper meg med snaddermat, denne skal jeg prøve! Rå bilder du viser, østlandsnaturen blekner litt...:-) God natt til deg!
    Klem

    SvarSlett
  6. Åååååh det der er deilig!
    Vi pleide å lage sånn på lørdagskvelder når jeg var mindre/bodde hjemme.Den eneste forskjellen i forhold til din var at vi delte loffen på langs og "gravde" ut det som var inne og så helte vi fyllet oppi. strødde over revet ost og stekte den.Kjempelenge siden jeg har spist det, blir nok din variant i morgen her i stua :o)

    Nå må jeg hoppe opp i loppekassa, nattaklem!

    SvarSlett
  7. Tusen takk for koseleg komentar i bloggen min. Alltid kjekt med komentarar frå erfarne bloggarar:)

    Vert reint svolten av å sjå på bileta av dei gode oppskriftene du viser her. Ska definitivt prøva ei av dei oppskriftene i kveld. Gler meg allerede:0)

    Nydelege bilete du har tatt. Det er ikkje mykje som kan måla seg med vestlandsnaturen. Ha ein flott laurdag:)

    Ps: Legg deg til i blogglista mi. Håpar det er greit

    SvarSlett
  8. Hei:)
    Du lagar mykje god mat og så er det heilt supert at du legg oppskrift ut på sida di:) Skal prøve JUICY CHICKEN - den saka er klar! Nydeleg bilete av Liadalsnipa, fantastisk utsikt du har der ute:) Ha ein fin laurdag.

    SvarSlett
  9. Du lager mye god mat, du Tove! Må si som Lill, den kyllingen skal jeg lage! Kanskje allerede i mårra.
    Jeg har et barnebarn på besøk denne uka. Vi satt og bladde her og kom til bildene av sitronen. Da sa han, å, deinn der e SUUUR... jeg kommenterte det ved siden av og spurte om han likte kylling.. (så ikke mere på den enn at jeg trodde det var en kyllingfilet), da sa han. MOMMO, DU SER NO VÆLL AT DA E EN KVITLØK, DA E IKKJE NÅKKA KYLLING, VIL DU LÅN BRILLAN MINNA!?? Haha...
    Loffen såg god ut! Godt å sitte her no når jeg er mett av frokost. Jeg har en tendens til å bli sulten av å oppholde meg inne på bloggen din :)
    God lørdag... Vi skal på Ringo en snartur..
    Klemmer til deg...
    psssttt, snart er det tid for julemusikk i stua.... ;)

    SvarSlett
  10. Knallfine haustbilete frå verandaen din!

    SvarSlett
  11. ..deilig mat Tove, eit lite tips til deg om loffen. Brett alu.folie rundt nedre del av loffen, då slepp du att det renn utover bakeplata. Mamma laga ofte slik då vi var små og eg har bore d vidare til mine ungar, som elskar denne retten, med ein deilig grøn salat til.

    Ønskjer deg ei fortreffeleg helg, eg skal vere vakt på øvingswekend med skulekorpset i kveld :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!