mandag 13. oktober 2008

Bøker til inspirasjon, nytte og hygge - EI UTFORDRING!

Det er så kjekt å bruke haustkveldane til å lese bøker. Eg les mykje skjønnlitterære bøker, men blar like flittig gjennom bøker som gir meg inspirasjon, som er til nytte eller rett og slett berre for kosen si skuld. Bokhyllene mine er fulle av sistnevnte, og i dag vil eg vise fram nokre av dei!

001  006

Denne boka har dei mest fantastiske idèane for ungane sitt ve og vel utandørs, i tillegg til at der er masse tips til korleis ein kan pynte til høgtider og særskile anledningar (bursdagar etc.)

008 010

Det er viktig å lage litt fest i kvardagen - og då er denne boka midt i blinken! Den gir oss gode grunnar til å duke til fest utan at det er noko særskilt som må feirast; som t.d. haustfest!

011 013

Denne boka kjøpte eg mest fordi dei to damene hadde interiørprogram på TV den tida, og fordi eg vart så inspirert av biblioteket dei hadde pussa opp.

014 015

Dette er vel kanskje den mest utdaterte boka i samlinga mi, men eg får meir og meir lyst til å ta meg ein blund på dette soverommet.... Dei duse og behaglege blåtonane appellerer til meg.

016 019

Sven Nordin si bok er uhøgtidleg og hjarteleg. Her er det opne dører, raust vertskap og praten rundt matbordet som er i fokus. Den gir mange "Åh, det har eg ikkje tenkt på før"-opplevingar!

021 022

Anglofil som eg er, står sjølvsagt denne praktboka i hylla mi. Her er det berre å setje seg ned og drøyme seg til den englandske landsbygda, der livet går i sakte tempo og den engelske gjestfriheita ynskjer oss velkomne.

026 027

Denne boka har etterkvart vorte ein gjengangar på bloggen min, sjølv om vi berre er midt i oktober... Her er det berre å gi seg hen og nyte alt det vakre. Eg har i allefall vorte inspirert til å lage julebok i år!

028 029

Lexington-boka mi er det heller ingen veg utanom når eg listar opp favorittane mine! Denne boka er eit "må ha" for alle som likar New England-stilen og drøymer om livet på austkysten av USA!

032 033

Denne boka er eg veldig glad i. Trude Teige si bok er på nynorsk og handlar om "skikkeleg mat". I tillegg er den krydra med matminn frå meir eller mindre kjende sunnmøringar, dikt og vakre bilete. På bilete over ser vi Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som er på fisketur md bestefar sin. Sjå flotte fjellet som kneiser i bakgrunnen! Det er sjølvsagt Liadalsnipa mi og er å finne i heimbygda mi!

035 034

Trude Teige slår eit slag for steikt sei, medan Are Kalvø tviheld på Grandiosaen! Dette er kanskje ei av dei mest brukte matbøkene mine, og det er nok fordi både mann og barn er gladast i god, gamaldags mat...

036 040

  Sjølvaste dronninga på matfronten  må vere med! Denne boka er er fryd å både lese og bruke!  Potetene på biletet ovanfor har eg laga mange gongar. Dei skal eigentleg steikast i andefett, men det er grenser for kva ein har i kjøleskapet!!! Har funne ut at det går like fint med olje og smør. Oppskrifta får du ein annan gong!

045

No er bokreisa mi over for denne gong, men sidan eg er av den nysgjerrige typen lagar eg like godt ei utfordring!  Ufordringa går til desse flotte damene:

* Drømmen om en eplehage

*Miamor

* The World of Sandnes

* Heim

* Me & Molly

* Bestemors Hobbyblogg

* Anna Lisas Hjerteblogg

* Kvardagsliv i Storemyra

Utfordringa er som følger:

Kva bøker er til inspirasjon, nytte og hygge for deg?

Vonar alle tek utfordringa på strak arm, og så er det sjølvsagt lov å sende den vidare i Blogglandia!

PS! Det er SJØLVSAGT høve for kven som helst til å ta imot utfordringa!

11 kommentarer:

  1. Hei:) Ser det er så monge som reklamerer varmt for denne boka: Jul - i den fransk inspirerende bilig:) Kan eg våge meg til å spørre kvar du har fått tak i den?
    Lill:)

    SvarSlett
  2. Å halloen for ei samling! masse fine bøker der ja, og fikk brått ett tips til ei julegave. Ser på bloggen her at flere fortsatt venter på Jeanne dàrv living julebok. Jeg og. Og postmannen, kommer han ikke snart???? ha en strålende dag

    SvarSlett
  3. Her var det masse bra! For en som er oppvokst på biblioteket..er det ikke vanskelig å ta ei slik utfordring!! men nå reiser jeg og blir borte ei ukes tid, så vet ikke når jeg får tatt den utfordringa! Ved eit lageleg høve vonar eg....

    Ha en boknytende kveld!!!

    SvarSlett
  4. Ojsann!! Ja denne tek eg :)
    Men nå må eg springe, står og steker fersk sei på panna mi:)
    Fekk du sms frå meg i dag forresten? Sjønnte du kenn det var som hadde skrevet kommentaren?
    Vi snakkast!!
    Klem

    SvarSlett
  5. Takk for tipsa! Synes alltid det er kjekt med noen gode forslag til bøker man kan lese, eller gi bort :0)

    SvarSlett
  6. Dette var litt av en samling! Jeg leser mest skjønnelitterære bøker, men før jul kommer alle julebøkene frem. Må få somlet meg til å bestille den juleboka fra Jeanne D'arc living, har drømt om den lenge nå! Og oktober er da slett ikke for tidlig å starte spør du meg!

    SvarSlett
  7. Her er jeg igjen! Det ligger en award til deg på siden min :0)

    SvarSlett
  8. Jepp, den tar jeg på strak arm. En kveld det passer. Nå er jeg just kommet heim fra ei FANTASTISK KOSELIG helg i Asker/Hvalstad...
    I bodø traff jeg NICOLAI,eldste barnebarnet mitt på Rognan. Han skal være hos oss ei ukes tid, på ferie... så det er såååå koselig.
    Vi skal snart legge oss...med siste Ole Brumm bladet. Han må først snakke med moffa og spise kvelds... Hei då...

    SvarSlett
  9. Heisann
    Her var det mange flotte bøker :)

    Det ligger noen bilder til deg på bbloggen min - kan du se på dei og gje meg ei tilbakemelding - slik at eg kan poste i morgen
    Smil fra monika

    SvarSlett
  10. Gratulerer med ny bakgrunn, han var fin!

    Kjekt med sjablongar, har leika meg litt med det siste tida....ønskjer å ha ein på bjelken på kjøkenet, men kavar litt med å finne dei rette orda. Ha saumfart alle ordtak- og sitat- sider eg ha funne, men ikkje noko som har truffe midt i hjartet enno. Så har du eit tips, tek eg imot med takk :)

    kjekt med utfordring, trur ikkje eg har like mange flotte inspirasjonsbøker som deg, går mykje i skjønnlitteratur her i huset, men har litt og skal sjå om eg ikkje får laga eitt innlegg når eg har ei stund for meg sjølv i morgon.
    Heldigvis er bror på bedringens veg, og eg håpar på ei natt med litt meir søvn. Fekk heldigvis i han meir mat i kveld enn i går. Har gått litt i ein døs siste dagane, men min kjære er så grei at han tok styringa slik at eg fekk meg ein time på sofaen i ettermiddag.
    Korleis går det med forkjølinga di ?
    Ønskjer deg ei super måndagskveld!

    SvarSlett
  11. God morgen=)
    Her var det mange flotte bøker som jeg kunne tenke meg=)


    Nyt uken )

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!