mandag 1. september 2008

Småtingvinnaren er........

Hugsar du innlegget mitt om dei små gledene i kvardagen? Eg utfordra blogglesarane til å legge att ein kommentar og fortelje om småting som gjer kvardagen betre! Det gleder meg stort å sjå at det er dei enkle gledene som vert sett pris på. Ta gjerne turen innom innlegget mitt og sjå alle dei flotte kommentarane - eg blir så glad av å sjå at folk har så mange kvardagsgleder!

Men så over til vinnaren! Det er ikkje tvil om at alle kandidatane er verdige vinnarar. Men det er no eingong slik at berre ein kan vinne. Eg og Johan stod for den høgtidlege seremonien etter at alle leksene var gjort i dag. Vi skreiv alle namna på ein lapp, og så plukka Johan ut ein vinnarlapp. Han hadde sjølvsagt håp om at det var tanta som skulle vinne, med det var det altså ikkje...

Det er ei stor glede for meg å presentere vinnaren av "Småting"-utfordringa mi!

011 012

astrid

Fantastisk Astrid med bloggen Frå eit A4-liv er så absolutt ein verdig vinnar av utfordringa mi! Og grunnane til det er mange..... Ho er omsorgsfull og kjærleg mamma til 4+2 born, eit skuleeksempel på ei hustru, samstundes som ho sjonglerer studier og jobb. Denne flotte sjukepleiardama har nettopp teke til på helsesysterutdanning, og kjenner vi henne rett vert no nok å sjå i korridorane på sjukeheimen òg! Astrid veit kva som er viktig i livet og formidlar dese verdiane til ungane sine på ein suveren måte. Så kjære Astrid:

Du er ein kvardagshelt utanom det vanlege! Eg beundrar pågangsmotet ditt og engasjementet ditt! Du gir av deg sjølv og er ei vitamin-innsprøyting for alle som kjenner deg! Du utstrålar ei indre ro og ein varme som mange kan misunne deg.

Om ikkje lenge dukkar det opp ei lita overrasking til deg! Enten lyt posten ta seg av leveransen, eller så lyt eg ha meg ei tur fram i den nydlege Bjørdalen og overlevere det sjølv!

Gratulerer, kjære Astrid!

Diktet "Å vere i livet" av Halldis Moren Vesaas, er eit av mine favorttdikt. I dag vil eg dele det med alle blogglesarane og dedikere det til deg, Astrid. Det er nesten så eg trur det er skrive til deg!

Dette: Å vere i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og lét deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

Til slutt vil eg få takke alle dei flotte kvardagsmenneska som deltok på utfordringa mi!

10 kommentarer:

  1. Oi!! ALT jeg har gått glipp av i bloggverden denne uka! :)
    Jaja, jeg har bare hatt det så topp! DET HAR VÆRT DAGER JEG IKKE VILLE VÆRT FORUTEN!!!!!!
    Men godt å være heime igjen og begynne å fordøye alt vi har opplevd... sammen med mine og sammen med Jesus! Jeg har savna dåkk alle, det er sant... Bloggvenn Lille meg fikk jeg også treffe in live.. det var så koselig. Tenk ho kjørte sååå langt bare for å treffe meg!

    Du har så mange gode innlegg at jeg må sette meg ned og lese en dag jeg ikke har unger rundt meg. Akkurat nå flyr Aslak rundt her og leser med noen Hotwheelsbiler.. han er så søt.. nå skal vi kose oss sammen! God klem til deg, du kreative Tove!

    SvarSlett
  2. Hei Tove=)

    Først gartulerer til vinneren!
    Så til deg: Tusen tusen takk for den flotte gaven du sendte. Ja den som venter på noe godt venter ikke forgjeves sier ordtaket. Og det stemte jo helt her! Nydelige såper som jeg bare elsker. Men jeg lurer litt på hva den svarte posen inneholder. har ikke helt turd å åpne den jeg.... heheh. Ikke at jeg er redd for at det si pang eller noe, men .....?????

    En varm klem til deg som er så gavmild=)

    SvarSlett
  3. Huff...så dumt eg gikk glipp av konkuransen din. Den var veldig koselig.
    Tror nok ho Astrid var ein verdig vinnar:)

    Og kjære snille søte Tove!!!
    GRATULERER MED DAGEN!!!
    Håpar du får ein flott bursdag!! Tenker på deg.
    Sjokolade frå Island skal du få uansett:)
    Go`klem til deg frå Island :)

    SvarSlett
  4. Heia TOVE
    Grattis med dagen - i dag eller i går ?
    Uansett håpereg du har - hadde ein fine dag
    Kommet deg noe lener med veskejakta di ??
    Som skrevet tidligere - eg kan sy
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Gratulerer til vinnaren:)
    Gratulerer med dagen til deg, Tove!!Håpar du har anledning til å kose deg masse i dag:0)
    Klem

    SvarSlett
  6. GRATULERE MED DA'N
    GRATULERE MED DA'N
    GRATULERE, KJÆRE TOVE,
    GRATULERE MED DA'N..

    MANGE KLEMMER FRA NUNNE I GLOMFJORD.

    SvarSlett
  7. Fyrst; GRATULERER MED DAGEN KJÆRE TOVE!!! Håpar at du har hatt ei fin dag!

    Då eg las kommentaren på det siste innlegget mitt, skunda eg meg inn på bloggen din, og eg må seie det som det er:
    Eg vart SÅ glad for å sjå at eg var den heldige vinnar av utfordringa di.
    MEN ENDÅ MEIR glad vart eg for dei fantastisk flotte orda du skildra meg i! Tusen takk! Kor godt det er å få slik ros!:)

    Diktet du dedikerte til meg var rett og slett NYDELEG, du skal vite at eg sat med tårer i augene då eg las det, og eg tenkte med meg at dette diktet kunne like gjerne ha vorte skrive til deg som til meg;)

    TUSEN, TUSEN TAKK TOVE for ditt koselege og kreative påfunn med utfordringa, takk til flinke "lappetrekkar" Johan, og sist men ikkje minst takk for alle dei flotte orda -dei kan eg varme meg LENGE på!:)

    Du er ei flott jente Tove! Tenk viss vi alle var like rause med fine ord som du!
    *STOR klem frå meg*

    SvarSlett
  8. Hei på deg og gratulerer med dagen din i dag,håper pølsefesten blir fin!
    Og et hurra for den flotte dama som vannt konkurransen!
    Det diktet er veldig nydelig,og får meg til å tenke på et annet skjønt dikt.Det begynner jeg å grine av hver gang jeg hører det;Du skal itte trø i graset.
    Nyt fødselsdagen din videre!

    SvarSlett
  9. Nå er det lenge siden jeg har "snakka med deg" og det passet bra å komme hit nå med det vakre diktet. Det er lenge siden jeg leste dikt og dette hadde jeg helt glemt. Fantastisk vakkert er det og helt rett :) Hanne

    SvarSlett
  10. Gratulerer så mykje til vakre Astrid.
    Ho er litt av ein kvinne, som verkeleg fortjener denne
    utmerkinga. :)


    klem klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!