lørdag 20. september 2008

...om desse veggane kunne snakke...

Kva ville dei ha fortalt oss, desse veggane, om dei kunne snakke? Kanskje fekk vi historier om arbeid og slit, stille kviskring om kjærleik eller karsleg prat om daglege syslar.

022 

Det gamle kvernhuset eg har teke bilete av er ei av dei godt bevarte kvernene langs elva vår. Hit kom dei roande frå fjern og nær, og nokre ridande til hest frå nabogardane. I dag står kvernhuset langt if frå elva, etter at ein flaum grov grunnmuren unna det for nokre år sidan. Eg trur nok kvernhuset lengtar attende, det er liksom ikkje det same utan elvebruset.

020 023

Kvernhuset er over 100 år og har vore ein naturleg samlingsstad i bygda vår i alle desse åra. I dag renn elva ubrukt forbi dei gamle oppmura rennene. Elva gav liv og verksemd til gardane og sikra såleis busetnad og levekår for bygda.

024 026

Kvernhuset står tett ved barnehagen i bygda. Kanskje er det borna som har pynta med blomar på hengelåsen?  Eller er det nissekona...? Ungane trur nemleg at det er nissen i bygda som bur i kvernhuset.

030  027

Sjå dei vakre kontrastane!

031 032

Det måtte godt handverk til om det skulle verte eit skikkeleg kvernhus!

037

Medan mamma fotograferer, er Ida på slang i ein grønnsaksåker. Dei har hausta avlinga for i år, men ei og anna gulrot ligg att i åkeren. Det er dei små og ubetydelege som ligg att, dei som ingen vil ha, men er gull verdt for ei lita frøken som let seg fascinere av alt naturen gir oss!

8 kommentarer:

  1. Gud ej trudde det va ei åme!!! He nesten frysninga enda...
    Men fine bilete ta kvennjhusa ja!
    Elles e huset i finfin stand etter taco-slabberaset, og prinsessa søve søtt i kveld. Mindre snår. Golvet husa for øvrig nok ost til å dekke en rause heimelega pizza, men e det kalas, so e det kalas. Regna med Kardemomme by sette prikken over i'en, og at det verken hagla ost eller tomata der... :)

    SvarSlett
  2. Koseleg innlegg med masse flotte bilder, Tove:0)
    Ynskjer deg og dine ei fortsatt god helg...

    SvarSlett
  3. Du Tove, du Tove...
    Nok ein gong ein innertiar.
    N-Y-D-E-L-E-G innlegg:)

    Ei helsing i natta framma Bjørdala'

    SvarSlett
  4. Vakkert innlegg!Ønsker deg en fin søndag :o)

    Klem

    SvarSlett
  5. Et helt nydelig innlegg, I LOVE IT: Nydelige bildet med teks til . Du er bare så flink til å skrive=)

    Nyt søndagen. Klem
    PS: herlig liten gulerot..

    SvarSlett
  6. flink du e til å "finne ting" ute i naturen..:)
    lagt igjen ei lita gave på bloggen min!

    SvarSlett
  7. Nydelege bilder! Kva slags linse har du til kameraet ditt? :)

    SvarSlett
  8. Til anonym!
    Eg har eit Canon EOS 400D, og linsa eg har brukt her er ei 35-70 mm-linse. På ståande fot veit eg ikkje om der er fleire tekniske spesifikasjonar på linsa. Er i allefall eit supert kamera.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!