søndag 21. september 2008

Kjærlege ord ein søndagsmorgon

 ida, frå barnemunn

Eg fekk sove lenge i dag. Ligge i senga og lese bok og sjå på Raudøya som bada i sollyset.

Den velkjende lukta av nykokt kaffi smaug seg opp trappa og lokka meg ut av senga. Det skramla i panner og eg høyrde kor ungane ivrig diskuterte seg fram til kva dei trengte for å lage kakao. Pappa si trygge stemme rettleia dei og fekk orden i rekkene.

Det tasla i trappa. Små, nakne føter og ein lys nattkjole kom inn på badet. "Mamma", sa den gode barnestemma. "Veit du at pappa seier at din kakao er den beste i verden?". ida, frå barnemunn1Eg smiler for meg sjølv. "Og veit du, det seier han fordi han er kjærasten din". Smilet vert større. Eg kjenner kor desse gode orda frå ein liten engel varmar hjartet mitt. Ho krøllar seg ihop på golvet.  "Mamma, veit du at du har eit bilete av kjærleik inne i deg? Og på det biletet er pappa..."  Ei fortruleg setning, eit kjærleg klapp på kinnet og varme barnehender som held rundt meg.

Like fort som ho kom, er ho vekk. Eg står att på badet åleine. Den magiske stunda er over. Berre nattkjolen ligg att og minner meg på at dette ikkje var ein draum. Badet er tomt, men hjartet er fullt - av undring og uendeleg kjærleik.

14 kommentarer:

  1. du er så utrolig god med ord...vakre ord...
    nyt en deilig søndag:)
    klem tara

    SvarSlett
  2. Du skriv så kjenslevart og fint!

    SvarSlett
  3. Så utrolig flott du skriver :)
    Det er de små hverdagstingene som er det flotteste...
    Klem fra Siv

    SvarSlett
  4. Dem e så herlige... Minstemor på 3 år sa her om dagen: "mamma, pappa e kjærligheten vår, sant??" De har så mange tanker og følelser inni seg, og jeg tror vi skal være glade for at de får kanalisert det ut, gjennom vakre ord og gjerninger. Mor mi på 73 sier at det er tegnet på lykkelige, trygge barn.

    SvarSlett
  5. Åh, nå kom tårene her. Dette traff meg midt i hjertet i dag, kanskje fordi jeg lot mannen sove lenge, mot at han lot meg sove mens ungene hadde hvilen sin?
    Jeg har nok også et bilde inni meg, og det er et bilde av den gode pappan til ungene mine!

    Tusen takk!

    SvarSlett
  6. Så nydelig du skriver Tove!Bildene har jeg også hatt på bloggen min en gang, de er så vakre.Elsker stemningen i dem!

    Ønsker deg en god søndag :o)
    Klem

    SvarSlett
  7. Nydelig.........

    SvarSlett
  8. det høyrest ut som jenta har arva mora si evne til å setje ord på ting. Det er ståpels på heile meg, og ei tåre i kroken. Så godt at du har skrive ned denne magiske stunda, og kan minnast den alltid.


    Håpar resten av sundagen vart strålande :)

    SvarSlett
  9. Kan det sies bedre????
    DU er en fabelaktig forfatter av setninger som setter følelser i sving! Derfor får du en klem.

    SvarSlett
  10. Alle dei fine tinga om det du skriv er allereie sagt. Eg føyer meg inn i rekka av dei som seier du skriv vakkert og godt...

    Ha ein fin søndagskveld :-)

    SvarSlett
  11. Du har verkeleg ordet i di makt, nydeleg. Må berre fortelle noko vittig: då vi var å skulle gi gave til den vesle jenta forrige søndag traff vi Eva med familie, ho er nemleg tanta til mora viste det seg. Når ho såg strikkeria mine utbraut ho: steik for ei kjærring, øva du dej til å bli besta? Sikkert ikkje lenge til! Lo vel og lenge:)
    Ønsker deg ei fin veke.

    SvarSlett
  12. Ååå så nydelig. Jeg tror jammen den lille jenta har arvet sin mors evne til å uttrykke seg. Du er virkelig flink til å ta vare på øyeblikket i hverdagen og sette ord på det. Håper det er greit om jeg linker til deg i bloggen min ?

    SvarSlett
  13. ...så fantastisk fortalt... Skjønner at jeg har mye å se fram til i livet:)
    God uke.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!