tirsdag 16. september 2008

I morgon, i morgon - men ikkje i dag...

Vi har det alle, men bloggar helst ikkje om det (kanskje med unnatak av modige Dagny...). Vi gøymer det vekk i skuffer og skap, avlåste rom og i mørke kjellarar. Nokre har endåtil loft dei kan stue det vekk på, eller uthus og løer. Eg snakkar sjølvsagt om rot. Dei daglege ting og tang som har det med å hope seg opp om det ikkje vert rydda vekk med ein gong. Vi har høyrt unnskyldningane; "...jada, skal ta det snart" (men så dukka det heldigvis opp noko litt meir spennande å styre med), "...skal rydde når ungane har lagt seg" (huff, det vart visst så seint at det heller får ligge til i morgon), "...skal berre sjå ferdig dette programmet på TV fyrst" (jammen dukka det ikkje opp endå ei spennande serie som eg berre må sjå...).

Eg har lenge tenkt at eg skulle lage eit blogginnlegg om rot. Aller helst eit innlegg som faktisk har løysingar på korleis ein kan handtere rotet. Eg har grubla og tenkt, vorte inspirert av ymse amerikanske nettsider og til slutt endå opp med nokre gode tips og råd som kanskje kan resultere i ein rotefri heim. Før eg set igong med alle tipsa kan eg like godt innrømme at eg nok er betre på teorien enn praksisen. Men eg prøvar - det er berre det at døgnet har for få timar, og dagen har for mange gjeremål! Denne fantastiske dama skreiv ein gong i ein kommentar på bloggen min at "...vi sit ikkje på gamleheimen og gret over alt vi ikkje fekk vaska og rydda..."Det er eit sitat som går rett i hjarterota på meg, då eg meiner det er viktig å fylle kvardagane med kvalitetstid, og sikre oss at vi ikkje sit som gamle og angrar på alle dei fantastiske opplevingane vi aldri fekk. Samstundes er eg avhengig av å ha det ryddig rundt meg for å trivast, så eg prøvar alt eg kan for å finne den gylne middelveg. Men over til dei gode råda!

rot8 rot3

(Bilete 1: smart å utnytt plassen under trappa og bygge inne skap. Med glasdører aukar du romkjensla og så får du vist fram det som er der. Bilete 2: krokar og knaggar får ein aldri nok av. Det kan vere smart å ha to knaggrekker under kvarandre, då får du dobbelt så mange knaggar på same plassen)

1. Vèr realistisk! Bli samd med deg sjølv og kva rom/området som treng umiddelbar rydding, og konsentrer deg om det. Ikkje gap over for mykje, innsjå at å rydde seg gjennom ein heim ofte tek tid. Gjer deg ferdig på eit rom før du går vidare til neste.

rot rot1

(Bilete 1: Ei strukturert, ryddig og systematisk bokhylle gir ro til eit rom, og du kan tillate deg sjølv å plassere ganske mykje der utan at det ser rotete ut. Mange likar å plassere bøker etter samstemte fargar, tema, storleik o.s.b. Det viktigaste er at uttrykket ser ryddig ut.  Bilete 2: Det er ofte smårot, smånips, duppedittar og dingsar som fyller hyllene våre. Då kan det vere lurt å kjøpse seg nokre korger som passar inn i hylla og plassere alt småtteriet i dei. Då er dei ute av syne, samstundes som du har det innan umiddelbar rekkevidder når det er noko du treng)

2. Vèr klar over at der er to typar rot! Medan du sorterer rotet er det viktig å hugse på å dele det inn i to katergoriar: latmannsrot og minnerot. Latmannsrotet er det vi sleng frå oss i det daglege, og som kanskje utløyser største frustrasjonen. Dette rotet må du sett på sin rette plass eller kaste. Minnerot er det rotet som har affeksjonsverdi. Det kan vere for små kle etter ungane som du ikkje har hjarte til å gi vekk eller pakke bort, bileter og avisutklipp av kjende og kjære som du ikkje har funne ut kvar du skal plassere, leiker, bøker du har arva, pyntegjenstandar som ein gong var moderne - men som no ikkje passar inn i stilen din (men du har ikkje hjarte til å kvitte deg med det, kjenner du deg att...). Alt dette rotet må du finne eit system for! Lag minnekasser som du fyller med dei tinga som har stor affeksjonsverdi for deg, og set dei vekk på loftet eller i ein kjellar. Ha gjerne ei kasse for kvar unge, ei kasse for papir, bileter og utklipp, ei for nips og naps o.s.b.

rot2  rot6

(Bilete 1: Ein kan aldri få nok skuffer på kjøkkenet! Dersom du har ei kjøkkenøy, eller planlegg å få deg ei, kan det vere smart å utstyre den med ein del skuffeplass. Då kan ein mykje lettare rydde av vegen slikt som ellers kanskje blir liggande og slenge; fyrstikker, klokker, ringar, nøklar, hårstrekk og klemmer, pennar og hugseliste m.m. Bilete 2: Tenk å ha eit slikt oppbevaringssystem for dukar og brikker! Dette må eg seie eg drøymer om! Det krev litt skapplass på kjøkkenet, men er kanskje vel verdt det???)

3. Få med deg familien og tenk FORT!

- Fiks ei tid som passar for alle dei involverte!

- Om du ikkje har brukt det siste 12 månadane, må du vurdere om du i det heile tatt treng det!

- Rot og rask som andre eig må du snarast gi tilbake!

- Tenk på bossdunken som ein ven, eller endå betre: kan du resirkulere det eller gi det vekk til andre?

rot5 rot4

(Smarte tips om du har skapplass til overs! Bilete 1: eit vanleg garderobeskap kan verte det mest organiserte kontor! Alt du treng innanfor rekkevidde, og så er det berre å late att døra når du ikkje treng det! Bilete 2: utruleg smart og snedig løysing for sideveggen på eit kjøkkenskap! Hugsetavle, nøkkeskap, penn og papir - dette kjenner eg at eg vil ha!)

4. Lær deg reglane!

- start ryddearbeidet når du har tenkt! Ikkje la andre ting kome i vegen!

- ikkje krangle! Lytt respektfullt til dei andre som hjelper deg.

- ikkje sløs med tida (det er lett å hengi seg til mimring...., men då går tida fort...)

- lag ulike haugar: søppel, ta vare på, gi vekk, resirkuler etc.

- ikkje slutt før du er ferdig!

- til slutt: evaluèr og gratuler!

smarte tips haust5

(Bilete 1: Det er alltid lurt å gøyme det ein ikkje vil vise fram. Bilete 2: Når du er ferdig med ryddejobben, er det grunn til å duke eit aldri så lite festbord og feire! Dekk og pynt i hausten sin gylne og varmande fargar - det skaper stemning rundt bordet!)

5. Gjer det heile ein gong til!

 

Håper du finn inspirasjon og nytte av råda mine - LUKKE TIL!

(Alle bileta er henta ifrå "Better Homes and Gardens" sin nettstad)

23 kommentarer:

  1. Jeg bel helt matt jeg. Dette var virkelig gode råd. Jeg bor sammen med to scorpioner, så rot og samlemani vet jeg hva er. Jeg hiver det gjeren ut øyeblikkelig, men på en underlig måte treffer jeg igjen tingene innendørs på ett senere tidspunkt. Bra råd - og gøy med så fine bilder! Ha en strålende høst dag

    SvarSlett
  2. Det var mange gode råd. Takk skal du ha. Viktig å ta et rom om gangen. det er helt sikkert. Ellers blir det hele alt for uoverkommelig.
    Ha en god dag :)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. For et RÅBRA innlegg!HURRA for deg Tove :o)

    Klem

    SvarSlett
  5. Så snat så sant dette her. Eg likar ikkje rot, er ryddig og søppelspannet og /eller fretex er ein god venn av meg. Men eg har lese ein stad at ein skal berre rydde/sortere/kaste i ein effektiv time om gongen. Etter ein time vert ein nemlig ukritisk, og vil ta vare på mykje meir. Dette har eg merka sjølv, og har derfor korte men effektive sorteringskasterundar i heimen.

    ha ein fin tirsdag :)

    SvarSlett
  6. Takk for gode tips og råd.
    I går kveld nådde rot og skitne gulv et nivå som ikke lenger var til å leve med hos oss. Med to små unger og et delvis avslutta oppussingsprosjekt innomhus, så hadde bare kaoset vokst seg ut av alle proposjoner hjemme hos oss. Og det verste var at jeg brukte x antall timer i helga til å rydde og vaske. Likevel kom jeg ikke i mål. Frustrasjonen var tydelig for alle i familien... Så da gikk vi igang, mannen min og jeg, etter at ungene var i seng. Og det er utrolig hvor greit det går når man er to og når den veste rotekoppen er i seng. På under en time var det verste gjort. Og da tenkte jeg; jeg vil lage et ærlig bloggeinnlegg av rotet mitt. Det må da vel være flere enn meg som føler litt avmakt noen ganger? Som føler - og ser- at det aldri blir så ryddig og rent som man skulle ønske? Ganske snart kommer i allefall et hjertesukk og antageligvis høstens ærligste bloggeinnlegg fra meg.

    SvarSlett
  7. Hej Tove!

    Tack för alla dina härliga kommentare inne hos mig.

    Tack för dina härliga råd här på bloggen.

    Kram Bodil.

    SvarSlett
  8. Tusen takk for alle dei gode råda. vart nesten litt inspirert til å rydde eg no.

    SvarSlett
  9. Flott innlegg Tove:)

    Eg prøvar å leve etter regelen: "for kvar ny ting(det vere seg kle/nips/møbel) som kjem i hus, kan eg kvitte meg med ein annan ting" Det er ikkje alltid like lett, men vi er hyppige gjestar i byttekroken på VØR og vi er flinke å sende kle med lastebilar til "Biafra"

    SvarSlett
  10. Hei hei.

    Her var det masse gode råd og tips å ta med seg. Tusen takk.
    Eg er ein rotekopp som innerst inne er veldig ryddig:)
    Ha ein fine tysdagskveld.

    SvarSlett
  11. For et flott innlegg! Masse gode råd og inspirasjon! Kjempesmart å bygge inn under trappa, og det lille rommet på siden av skapet likte jeg veldig godt :0) Tror jeg må rydde litt jeg nå...

    SvarSlett
  12. Så FANTASTISK innlegg :)
    Noterer flittig...
    *Siv*

    SvarSlett
  13. Hmmmm.. kommer du hit og praktiserer litt :-)
    Men eg er SÅ enig med deg - og eg og har masse tanker og ideer om rot og rydding - ikkje alle er like gjennomførbar - og eg ønska meg ei hushjelp
    smil fra monika

    SvarSlett
  14. Her var det mange gode tips:)
    Det ligg noko å ventar på deg inne hos meg.
    Ynskjer deg ei flott veke vidare, klem:0)
    Angåande Volda, så veit eg ikkje konkret kor tid vi skal oppover, men eg gir lyd frå meg, for det hadde vore så utruleg koseleg om vi kunne treffast, Tove...

    SvarSlett
  15. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  16. Her var det mange gode tips! Ligg ein award til deg inne hos meg:)

    SvarSlett
  17. Mange gode råd her!!!Kjmpe bra innlegg!!;)
    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  18. Himmel og hav..... NÅ har jeg dårlig samvittighet for at jeg ikke har fått ryddet i dag nå...hehe...

    Klem

    SvarSlett
  19. Lurt, lurt! Slite VELDIG med den biten om å rydde ferdig eit rom om gongen.... og teori og praksis e to HEILT forskjellige ting ;-)

    Kor det går med foten? Sjukemeld enda?

    SvarSlett
  20. Har store intensjona om å rydde og kvitte meg med ein god del ting som har hopa seg opp, slikt som er kjekt å ha og for godt til å kastast. Men som du seier, merkeleg kor mykje anna kjekt som avleier ein, være seg tv eller kafebesøk(føler meg veldig skyldig her hehe). Denne lista di her er faktisk veldig inspirerande, så skal ikkje sjå vekk i frå at det skjer snart. Har starta med å ta med meg heim banankasser for frakting av overksuddet til gjenbruksbutikken. Takk og lov at me har sånne alternativ til å kaste ting, så kan me kvitte oss med det med godt samvet.
    Ellers so rødma eg litt her eg sitt da... kan no berre seie ditto til deg. Ps Har vore slått ut av migrene siste dagane og skal følge veslesnuppa på klassetur/leirskule så har ikkje fått begynt på veska di enda, men skal sjå eg får ånda i helga, etter at eg har rydda;-P hihi

    SvarSlett
  21. Jeg fikk det plutselig så travelt med å leggemeg.. kan det komme av at det ikke er ryddig her?
    Sukk.... når man har mye minnerot...og liten plass, har du da et godt råd???

    Svar mottas med stor takk!
    Inntil så lenge, så legger jeg meg nedpå, med begge øyan lukka og prøver å sove...godt! :))
    DET må du også gjøre, Tove...
    rotet fyker ingen plass, det ligger til jeg tar det, uansett!

    SvarSlett
  22. ÅÅÅÅÅÅ,neiiii! Må eg rydde NO når eg hadde det så gøy!!!Eg skulle jo rydde, det var det eg skulle..men så skulle eg berre lage eit nytt innlegg, og så skulle eg berre.....men det vert jo ikkje bete av det(Puh!) Okay! Eg skal kaste meg rundt!! Lover- om eg klarar å setje beina ned ein stad der dei står trykt utan å stå halvegs oppå eit kvart som ligg på golvet!(...irg)
    okay då: TAKK! Trengte eit spark bak;)

    SvarSlett
  23. Tusen takk for gode råd!!
    Flotte bilder:o)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!