lørdag 13. september 2008

Epledraum...

 013

Eplekake er ein klassikar når frukttrea (og fruktdiskane for den saks skuld!) bugnar av norske, raude og fantastisk gode epler! Eg har ei favorittoppskrift som har fulgt meg i mange, mange år. Dei som har fulgt bloggen min veit at eg alltid er på jakt etter ein hemmeleg ingrediens når eg lagar mat, og det er det i denne oppskrifta òg. Av alle rare ting skal denne kaka ha ei rømmeblanding på toppen før du steikjer den! Det høyrest kanskje rart ut å blande rømme og eple, men denne kaka er ei smaksoppleving av dei sjeldne! Oppskrifta fekk eg med Heidi Brunstad Øyehaug, som var heimkunnskapslæraren min då eg gjekk på lærarskulen i Volda. Ho er ei fantastisk kakebakerske som endåtil har gitt ut eit bakebok for mannfolk! Eg har boka sjølv, og trur faktisk at denne oppskrifta er i boka. Eg kjøpte boka til mannen min, men må ærleg innrømme at eg har brukt den meir enn han. Baking er ikkje heilt hans greie... Men då må det nemnast at han har laga deilig stroganoffgryte frå botnen av til meg i kveld. Rett nok med god hjelp av underskrivne, men danderinga og pyntinga  var han heilt åleine om - og det vart både flott og godt!

020 

 

HER ER OPPSKRIFTA:

100 g margarin

1 1/2 dl sukker

1 egg

2,5 dl kveitemjøl

1 ts bakepulver

3-4 epler

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egget, ha i det tørre til slutt. Legg deigen i ei smurt form (24 cm). Legg utover eplebåtar. Strø kanel på toppen. Medan dette kosar seg på benken, lagar du fyllet som skal på toppen:

1 egg

1/2 dl sukker

1 beger lettrømme

1 ts vaniljesukker

Lag eggedosis av egg og sukker. Bland i rømme og vaniljesukker. Slå fyllet over eplebåtane. Steik kaka på nederste rille, 180 gr C i ca 30 minutt.

023 024 025

Kaka er sjølvsagt best når den vert servert lun. Det er heilt unødvendig med is til denne kaka, då den er mektig nok i seg sjølv. Eg og jentene inviterte oss sjølve på kaffibesøk til foreldra mine i ettermiddag, og så hadde vi med oss kaka. Det var ikkje mange smulane att til husbonden som venta heime.... Vi får vel hive oss rundt og lage ei ny i morgon!

Prøv denne kaka i helga - og sprei oppskrifta til kjende og kjære!

9 kommentarer:

  1. Mmmmm ser veldig godt ut, einaste som mangla var bilde av ferdigsteikt kake ;)

    SvarSlett
  2. Eplekake er utruleg godt!!!
    Har ei ståande på kjøkkenbenken eg og :-)

    Du har fått ein award eller to av meg. Veit du har frå før, men du får likevel.

    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  3. Hmmmmmmmmm.......... den såg GO ut
    Smil fra monika

    SvarSlett
  4. Nam nam! Den så god ut!
    Takk for ærlig svar! Liker de best jeg!!
    Uff ja den stolen passer ikke super bra men skal jeg ha to stoler eller bare en... Phu! Må nesten bestemme meg for det før jeg bestiller.. He he!
    Bra du likte pakken da! Må bli med en gang!
    Ha en fin kveld!!

    SvarSlett
  5. Å det er så kjekt med oppskriftdeling :)
    Tusen tusen takk, denne kommer nok på vårt bord her om ikke lenge
    Ha en fantastisk helg!!!
    *Siv*

    SvarSlett
  6. Den kaka såg god ut,så den må jeg nok prøve :) Epletrea våre e fulle av deilige eple..
    Takk for mange kloke ord,har vært innom deg mange ganger ;)
    Ha ei fin helg!!

    SvarSlett
  7. DEN KAKA SKAL JEG LAGE!!!!
    GARANTERT!!!

    SvarSlett
  8. Kaka var fantastisk god!!!!! ...sjøl om det enda med at Rambo sette rompa ned i midten :)
    Bjørnar gjekk glipp av eit lite stykke himmel der ja... Mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm!

    SvarSlett
  9. Heia Tove.
    Knallgod kake, som eg også har lagt min elsk på! Forfattaren av Bakebok for mannfolk er jo nesten i familie med meg, så eg MÅ bruka oppskriftene. Forresten veldig mykje godt der - pannekakene er ein favoritt her i heimen (men då med 4 egg og blanding grov/fint mjøl). Helsing Linda

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!