torsdag 17. juli 2008

Tru det eller ei - eg har vorte ein scrappar!

Etter at alle scrappetinga mine har stått klar i ulike bokser og skuffer, var det kanskje på tide å starte hobbyen. Har vore inne på så mange flotte scrappebloggar, noko som har gjort meg stum av beundring - men òg gjort meg full av prestasjonsangst..... Utstyret måtte likevel prøvast, så i dag troppa eg og syster mi opp i stova til svigerinna vår - og så var det berre å sette igong!Det var litt pirk og lirk før alle bokstavane og duppedittane sat der vi hadde tenkt, og vi følte meir enn ein gong at vi hadde ti tommeltottar.
Der er den: mitt aller fyrste scrappa minne! Ta det for det det er, eg har MYKJE å lære!
Ikkje noko å seie på utstyret i allefall!
Sjølv om det ser ut til at vi har det som trengst, så fann vi fort ut at det var mykje meir vi ynskte oss! Blir vel nokre besøk på nettbutikkar rundt omkring, tenkjer eg...
Scrappeminne nr. 2 vart eg godt nøgd med! Det kan sjølvsagt ha noko med motivet å gjere, ei lita trulte i blåbærskogen kan sjarmere alle!
No er scrappe-læretida godt i gong, og då er det vel berre om å gjere å halde gløden og scrappe med jamne mellomrom? Har som sagt mykje å lære, bl.a. lurer eg på kva det heiter det eg har laga. Eg har kalla det eit scrappeminne i mangel på eit betre ord, men røynde scrapparar kan heilt sikkert fortelje meg kva det eigentleg heiter!
Du skal sjå det vert fleire scrappeminner på bloggen i tida som kjem. Eg hadde aldri trudd det skulle vere så kjekt å halde på med dette. Har ingen problem med å forstå at folk vert hekta. Hadde det ikkje vore for at svigerinne Lisbet skal på tidlegvakt i morgon, så hadde vil vel scrappa endå.....

5 kommentarer:

  1. Heisan;)
    Scrappebooking er en koselig hobby og gir et hærlig minne! - men tidkrevende, syntes resultatet ble flott! Man blir aldri utlært på sånt.
    Jeg har drevet en del med kortlaging - det er noe av det samme.

    Men jeg må si jeg er litt ambivalent i forhold til det med utstyr...det baller seg på...har fått litt småsjokk ved kassa noen ganger...etter å ha plukket med meg litt her og der...
    ...ville gjerne bruke kreativiteten - og naturlige ting, som ikke koster så mye...
    men, men, litt begge deler er bra!

    oysann, jeg skriver vist reine avhandlinga her, jeg...trivelig å "treffe" deg -gleder meg til å se flere resultater =)

    smil fra Torunn

    SvarSlett
  2. Du verden for ein start! Kjempefine LO'ar - ja, for det er det sidene heiter ;) LO er forkorting for Layout. Du veit, heile greiene kjem sjølvsagt frå "over there". Du har eit poeng i det å scrappe med jamne mellomrom. No er det ei stund sidan sist eg hadde tid og inspirasjon, og då tek det ei stund å komme inn igjen i fargar og oppsett og det heile. Men stilmessig vil eg nok alltid vere "enkel" - eg har kanskje ikkje fantasi nok til store krumspring? :D

    Å scrappe saman med nokon er om mogleg endå kjekkare enn å scrappe åleine - du er heldig som har nokon å starte ilag med.

    Og utstyr blir det fort mykje av, ja. Og papir - härliga London, så mykje papir ein samlar seg, for ein veit jo aldri kva ein får bruk for.....

    huff ja, vart visst avhandling frå meg òg - kos deg med scrapping, og god helg!

    PS: takk for kommentar om nynorsk ;) Eg er nok ikkje møring, men hordalending :)

    SvarSlett
  3. Heisann!
    Tusen takk for koselig hilsen i bloggen min! Så utrolig fine sider du har laget - LO'er heter det, men scrappeminner er jo også koselig, for det er jo akkurat det det er!!

    Hvis jeg skal anbefale noen nettbutikker vil jeg anbefale:
    http://papirihjertet.no/
    http://www.papirloftet.no/catalog/ er superfornøyd med begge to!

    Ønsker deg en fin helg!
    *klem*

    SvarSlett
  4. Hei!!
    Scrapping er så fint synest jeg og det er sikkert en veldig gøy hobby:O)
    Har så masse jeg vil gjøre men det er jo den tiden også........
    Er i malemodus og har visst vært det et år nå:) Så det får være hobbyen min.

    Kjempeflink er du:O)

    SvarSlett
  5. Heia
    Snubla over bloggen din . og her var det mye koselige innlegg . kommer gjerne innom ein anna gang også eg :-)

    Og Ja det er artig med scrapping- har begynt så litt i det små - men det tar tid - og tid er manglevare for ein bonde - iallefall om sommeren
    Smil fra monika

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!