mandag 7. juli 2008

Tomter til sals i distriktet sitt flottaste bustadfelt!

  • Ynskjer du å bu landleg, men likevel sentrumsnært?
  • Ynskjer du nærleik til både fjell og fjøre?
  • Ynskjer du å ha ungane dine i ein trygg og lokalt forankra barnehage?
  • Ynskjer du at borna dine skal få vekse opp i trygge omgjevnadar?
  • Ynskjer du sol heile året og tidleg vår?

DÅ ER SVARET NÆRARE ENN DU TRUR!

No vert det snart høve til å bygge seg hus i den vakraste bygda eg veit om! Enerbygg har regulert eit bustadfelt på Håvollbakkane, så no ligg alt til rette for flotte bustadtomter. Bygda og Raudøya sett frå Liadalsnipa.

Lyst på denne utsikta??? Biletet er teke frå området der feltet skal kome.
Sommarkveld....

Feltet er tenkt rett nedom dei to gardane du ser øvst i biletet. Omlag heile midterste del av biletet er regulert til bustadføremål.
Bilete teke frå feltet.

Eg vert næraste nabo til det nye bustadfeltet og ynskjer alle nye husbyggjarar hjartleg velkomne! Trur eg vert ein god nabo, anten du vil låne sukker eller berre slå av ein prat til ein god kopp kaffi! Dersom du har interesse av å vite meir om feltet, kan du kontakte Magnar Enerhaug på e-post magnar@enerbygg.no eller tlf. 70 04 75 06.

HJARTLEG VELKOMNE TIL BYGDA MI!


4 kommentarer:

  1. Nydelige bilder:) Idyllisk!!

    Nei, ho Tuva har ikkje vore sjuk nå men var så uheldig og datt og slo seg slik at ho traff bordkanten og slo seg opp om tennene opp. Og den "tråden" oppom tennenne mellom leppa rivna...det blødde fryktelig og ho fikk ei veldig opphovna overleppe stakkar..Men nå er det betre. Litt vont å pusse tenner og spise men det ser ut som det går bra... Ikkje noke kjekt når barna slår seg...eg får så vont inni meg av dei...Må bare trøste og trøste...

    Nå har vi vore å gått en trilletur bort på hagesenteret. Eg hadde plaa om å kjøpe meg hengeplante, men det var fryktelig lite utvalg. Eg er litt kresen på planter...så vi kjøpte oss kvar sin is, eg og Tuva og gikk heim att... Nå sover ho og lille Tryggve...så eg får litt tid til blogging:)
    Ha en fin dag!! VArt litt varmt i dag også:)
    Klem

    SvarSlett
  2. Du, tusen takk for rabarbra oppskrifta!!!
    Blir spennande å prøve den:)
    Kos deg!!
    KLem

    SvarSlett
  3. For ei flott reklame! Hadde ikkje Brandal vore i mitt hjarte, så hadde eg kanskje blitt frista! Heldigvis har vi flott utsikt og bor landlig her også.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!