fredag 11. juli 2008

Regn på mi rute

Då var det altså ikkje til å unngå. Regnet. No har vi hatt sol og finevèr i fleire veker. Her på Sunnmøre er vi vane me slike brå og lite kjærkomne vendingar i vèret, så eg tek det ikkje så tungt. Særleg når eg ser at det sikkert kjem til å lette. Vi har berre godt av ei lita rotbløyte. Støvet legg seg på grusvegen der eg bur, eg slepp å vatne uteplantene i kveld og eg skal tenne stearinlys og kroe meg i sofaen med godt samvit. Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko, veit de! Eg er ein ihuga krimelskar, og til mi store glede fann eg ut at favorittserien min byrjar på TV2 i kveld; Mord og mysterier. Dette vert altså ei redeleg kosekveld. Så medan eg ventar på at alt skal tørke opp att ute, skal eg la tankane drive og lene meg tilbake med ekte fredagskos. Og i morgon kjem vel sola att?? YNSKJER ALLE EIN DEILIG FREDAGSKVELD!

5 kommentarer:

  1. Ja regnet har kommet til oss også. det positive med det er joa lt får seg en rotbløyte. bare det ikke varer for lenge.=)

    Ha en fin helg. Klem Kerstin

    SvarSlett
  2. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, så slapp eg å vatne alle blomstrane på verandaen;-) Mord og Mysterier på tv2 altså, søren og eg som har hatt på nrk1.. Krim er favoritten her også, både på film/tv og i bokform. No skal eg ta natta og lese meg i søvn med ein god krim.

    Ps: me har faktisk gått i klasse før... er ei god stund sida no det gitt.

    SvarSlett
  3. Bra med litt regn, ja! Berre synd ej sjølsagt glømte et fullt klesstativ på altanen, og ikkje hadde dekt til den nye Rolls Royce gass-grillen.
    "Men la gå. La gå", so han Kjellen Bigset ville sagt...

    SvarSlett
  4. Heisann!! Takk for hilsen på bloggen min!! Alltid kjekt å bli kjent med nye bloggere!!
    Er glad i å jobbe i hagen:O)
    Har blitt litt lite av det nå fordi vi har holdt på å male hus!!
    Har skiftet farge fra rødt til hvitt:) Det er jo ikke gjort i en håndevending men det begynner heldigvis å gå mot slutten!!
    Så da skal hagen prioriteres:O)

    Ser du også har vært i Tyrkia i sommer:O) Hva synest du om landet???
    Det er vårt andre hjemland og vi har nå vært der ti ganger!!!!

    Kjempefine bilder du viser og noen skjønne unger:O) Hos meg er yngste 14 år og eldste er 23.........Ikke små lenger men fremdeles skjønne:) 4 stykker som gir oss en enorm glede:O)

    Linker deg jeg......er så lett å glemme ellers i dette havet av blogger!!

    Ha en fin lørdagskveld:O)

    SvarSlett
  5. Synest faktisk det var perfekt med litt gråvér. Då har eg ikkje så dårleg samvet fordi eg sit framfor datamaskina :-D Hekta? Neida....

    I kveld har eg stova, fjernkontrollen og laurdagsgodteriet for meg sjølv og då skal du vere sikker på at det ikkje er noko på tv! Heldigvis har eg ein dvd i bakhand (Tatt av kvinnen) eller boka eg les i (Stieg Larsson - Menn som hater kvinner).

    Kos deg og ha ei framleis god helg ;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!