torsdag 10. juli 2008

Prosjekt nr. 2

Det er ikkje berre innomhus det er prosjekt på gong! Vi har ei leikarhytte som sårt treng litt oppussing, og i går kveld fekk ungane inspirasjon til å sette igong. Det var den kreative bestemora som fekk dei i sving, og dei vart så ivrige at eg knappast fekk dei i hus for kvelden!
Ida var tidleg oppe i dag og gledde seg til å ta til på storprosjektet! Oppgåva hennar var i fyrste omgong å friske om nokre avdanka utemøblar som skulle stå attmed hytteveggen. Det var litt av ein jobb, må vite!
Johan, og kompisen Knut Petter, heng opp knaggar. Med stor nøyaktigheit og presisjon vart det til slutt mange knaggar som kan brukast til så mangt!
Her gjeld det å halde tunga beint i munnen!
Vesle Sina er sjølvsagt med på moroa! Ho fungerte best som spikarassistent, sjølv om kanskje mesteparten av spikrane enda på golvet... Ikkje noko å seie på innsatsen, i allefall!
Det er viktig å sjå og lære av storegutane. Ein vakker dag skal ho arve hytta, og då er det opp til henne å halde der i orden!

1 kommentar:

  1. Ååå - eg huskar i min barndom kor kjekt det var med leikarhytte. Eg hadde ikkje eiga, men eg kusina mi hadde, og her leika vi og pynta og styra og ordna. Og vi lærte også å slå i ein spikar eller to.

    Slik lærdom er gull verdt no i det voksne liv - så det er ingen tvil om at dei tre solstrålane dine har mykje nytte av dette, og slik som dei ser ut til å kose seg då! Ser gjerne bilder av hytta seinare også, når prosjektet er oppussa :o)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!