lørdag 5. juli 2008

Løn som fortent!

Etter ein lang dag med hardt arbeid, skulle det berre mangle om det ikkje vanka ei belønning! Ungane hadde lyst å bade på Rjåneset og leike seg heime etterpå, og alle ønska vart innfridd.
Her er nokre stemningsbileter frå ettermiddagen og kvelden. Skjønne, gode ungane mine...
Det vart litt for kaldt for Sina å bade i dag. Ho kosa seg på sanden i stadenfor.
Det var stor fjøre då vi skulle bade i kveld. Men badelysta var like stor!
Med understellet frå ei gammal barnevogn og ei trekasse frå ein margarinfabrikk, kan ein lage mange slags leiker! Denne kassebilen har dei hatt mykje moro med!
Ida kosar seg i kveldssola på Halsane
VIL FÅ NYTTE HØVET TIL Å YNSKJE ALLE EI STRÅLANDE HELG! TA VARE PÅ ALLE AUGEBLIKK.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!