søndag 6. juli 2008

Litt kos må ein unne seg...

Å vakne til nok ein morgon med sol, kjennest nesten som luksus! I dag bestemte vi oss for å flotte oss litt, og laga vafler til frukost. Sjølvsagt den sunne varianten: økologisk mjølk, grovt mjøl, havregryn, råsukker og litt fint speltmjøl. Vaflene smakte fortreffeleg og gjekk ned på høgkant. Det sette sjølvsagt ein spiss på det heile å kunne lage røre i den nydelege bollen min!

Ikkje rart at desse delikatessene gjekk unna! Det må vere sagt at det ikkje er kvar morgon vi har så ekstravagant frukost, men har litt betre samvit når eg veit at dei eigntleg er sunne...VEL BEKOMME!

2 kommentarer:

  1. Og forresten...bare koseleg at du linkar til meg:)
    Eg har linka til deg ;)
    Klem

    SvarSlett
  2. Hei Tove:)
    Eg har vore inne og kikka litt i bloggen din. Kjempeflott tillaga, kjekt å sjå!!
    Fallt forøvrig pladask for pannekakerørebollen din, så eg har vore inne og bestillt meg ein sjølv:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!