søndag 6. juli 2008

Fisk er sunt - sommaren rundt!

Heime hos oss er fisk sommarmat. Det er like ofte fisk på grillen, som kjøt. Vi har alltid ei kasse fisk i frysaren, og dermed er vi aldri middagslens! "Oppskrifta" under er enkel og god!


Legg to lag med aluminiumsfolie, smør på litt margarin, legg på skiva gulrot.


Legg på eit lag med fisk. Kan bruke den fisken du måtte ynskje. Denne oppskrifta fungerer like godt både med torsk (som på biletet), sei, laks, rødspette m.m.

Dryss salt, pepar og evt fiskekrydder over fisken. Legg på rikeleg med skiva purre og evt andre urter du likar å bruke. Ha over litt sitronsaft og litt god olivenolje. Brett godt saman så ikkje krafta renn ut, og legg på grillen i ca 20 minutt.

Server med ovnsbakte småpoteter (i butikken tek eg tek potetene som er så små at ingen andre vi ha dei, perfekte til ovnsbaking!), tomatar, evt. salat, ein god saus og kanskje ris viss du likar det. Som du ser bleiknar purren, så det kan vere lurt å ha med litt av det grønaste på purren, eller ha over litt finhakka graslauk.

Du er herved utfordra til å prøve "sommarfisken" min! Og hugs; det treng ikkje å vere sol frå blå himmel for å finne anledning til å fyre opp grillen!

5 kommentarer:

  1. Fikk faktisk lyst på både fisk og vafler... utrolig fin bolle. Har allerede vært inne på boligfryd.no.

    SvarSlett
  2. Såg så godt ut dette her. Vi er veldig glade i fisk og spiser en del, helst fersk.
    Nydelig med ovnsbakte poteter attåt.

    Vafflar er godt!! Tror det er et av det beste ho Tuva veit :) Ser at du har fått deg tak i den fine bollen som eg og har:) Den er både dekorativ og praktisk. Kjøpte du den på boligfryd?

    Nydelige bilder av ungane dine.
    Herlige barn du har:)

    Ønska deg riktig gode sommardaga framover...håpar det deilige været varer ei stund til.
    Klem

    SvarSlett
  3. Hei hei!!

    Her har vi vore i bursdagsmodus og knappast vore på datamaskina!:)
    Tusen takk for ros av bilda, storkosar meg bak kamera ja, og det er vel barn som står mitt hjerte nærmast ja:)Ingen som er meir tilstades, uredd for kamera og fulle av uttrykk som nettopp dei:)
    Nydelige barn du har du og, samt ei flott oppdatert heimeside:)
    Angåande fotografering er det berre å ta kontakt på tlf: 90 55 60 24 for spørsmål, prisar o.l
    Er stort sett og treffe der:)
    Ha ei fin veke:)
    Mvh Lene Aklestad

    SvarSlett
  4. Dette skal jeg prøve, jeg liker kjempegodt grilla fisk! Men har oftest laks når vi griller, det er jo bare tull...

    Må si som Anna Lisa, HERLIGE unger du har! Jeg elsker unger...
    MÅ se om jeg fikker den vaffelbollen, den var så fin!'Hilsen fra Nunne

    SvarSlett
  5. Med så mange fine innlegg, er det vel på tide å gjere seg til kjenne som lesar på bloggen din! Kom over bloggen din via Johanne ein plass - facebook kanskje, og har sidan vore fast lesar, sidan både historiene og bilda er så kjekke. Oppskrifta på fisk frista verkleg til å prøve! Fortsatt god sommar!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!