mandag 14. juli 2008

...SAVE IT FOR A RAINY DAY!

I dag var det den store muffinsbakedagen heime med oss. Eg hadde lenge lova ungane at vi skulle bake muffins, vi skulle berre vente på ein gråvèrsdag fyrst. Då dei vakna til regn og kuling i dag tidleg, var det berre ein ting å gjere: kome seg opp i ein fei og leite fram muffins-ingrediensane! Eg måtte hjelpe til med ein del praktiske ting, men ellers så har ungane laga muffinsane heilt sjølve! Dei vart snytande gode og svært fargerike! Berre sjå!
......
Fyrst leitar ein fram alt ein treng (ja da, mamma måtte lure med ein sitron her òg...), så er det berre å sette igong! Fyrst sukker og egg til eggedosis, deretter mjølk....
......
...så smør, mjøl og bakepulver - og miks i vei (raspa skal av sitron kom med i deigen ein eller annan stad mellom eggedosis og smør!).

......

Prinsesser og kyr ventar på den gode muffinsmiksen, deretter ei runde i steikeovnen, og vips - så har det vorte til dei lekraste bakverk! Vi kan takke Cacas for dei flotte fargane!

......
Dei to kokkane kosar seg ved kjøkkenbordet og pyntar med alle slags godsaker! Det var jammen bra vi hadde baka litt, for i dag fekk vi plutseleg huset fullt av gjestar. Skal tru om dei hadde kjent den gode bakelukta...?

3 kommentarer:

  1. Artig! Her var det nemlig bollebakedag, som det har vore masa om lenge, men utsett til styggevérsdag. Dei ordna alt sjølv medan vi vaksne hadde storrydding i kjellaren, og bortsett frå at berre halve mengda med gjær kom med var dei veldig gode.

    Er ikkje så flink å dokumentere slike hendingar som du... :-/
    Må bli betre på det.

    SvarSlett
  2. Så artig Tove. Akkurat som heime hos oss(når ungene er heime vel og merke) men vi har ikke så fine farger på muffinsen. Hvor har du fått tak i så fine farger?
    Skryt av ungene dine fra meg.
    Gry

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!