søndag 2. mars 2008

Pappa sin hemmelege ingrediens!

Det har etterkvart vorte ein tradisjon med kakao til søndagsfrukosten her i huset. Stort sett er det husmora som står ved grytene, men i dag skulle pappa prøve seg. Kakao er som kjent lett å lage, men skal den verte skikkeleg god må ein ofte tilføre noko ekstra. Terje har ofte sett meg koke kakao, og høyrt ungane skryte uhemma av resultatet. Han hadde fått med seg at den hemmelege ingrediensen var å finne i ei boks i øverste skuffe, og at kakaoen vart betre dess meir han hadde i. Eg kjende den gode kakaolukta då eg kom ned frå loftet, og stor var overraskinga då eg såg dei sure minene rundt kjøkkenbordet. Her var det noko som ikkje stemde.... Sjølv om lukta var heilt som den skulle, var kakaoen noko tjukk på konsistens og smakte heilt forfedeleg! No måtte far stå til rette for kva han hadde gjort! Han bedyra at han ikkje hadde gjort noko gale; mjølka var ikkje gammal, sukkermengda var heilt presis og han hadde brukt den hemmelege ingrediensen. Då mysteriet ikkje let seg løyse, var det berre å slå ut skvipet og starte på nytt - denne gongen med mor som sjefskokar. Eg leitte fram alle ingrediensane som skulle til, og såg at Terje fylgde spent med frå sidelinja. Brått vart han noko bleik om nebbet og det bråkjekke "det var akkurat slik eg gjorde det"-blikket forsvann. "Så det var den blå boksa, altså...???" Då gjekk det opp for oss alle... Han hadde tatt bakepulver istadenfor vaniljesukker! Han hadde endåtil tatt ekstra mykje i for at det skulle verte ekstra godt! Vi log godt då vi skjønte kor det heile hang i hop, og kunne ikkje anna enn gi Terje skryt for at han i allefall hadde gjort ein skikkeleg innsats. Då ungane på nytt benka seg rundt bordet var det berre smil å sjå. Pappa spanderte ein usedvanleg stor kremtopp for å bøte på skaden - så vart det søndag likevel! Heilt til slutt eit lite tips til alle kakao-elskarar: dryss i ei raus spiseskei med pulverkaffe og rør godt. Dette gir ein fantastisk god mokkasmak til kakaoen!

2 kommentarer:

  1. No er det på tide at tanta vert invitert på søndagsfrokost, for å teste superkakaoen! :)

    SvarSlett
  2. Stadig gode tips her! Hald fram med det!!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!