fredag 21. mars 2008

Morgonstund har gull i munn!

Eg hadde tenkt eg skulle sove lenge i påska. Nattbordet har stablar med bøker som skal lesast, og då er det rein luksus for ei småbarnsmor å kunne tilbringe litt ekstra tid i senga om morgonen. Men slik har det ikkje vorte..... Den 9 mnd gamle sjefen har bestemt at dagen tek til kl. 07.00. Då startar morgonunderhaldninga i sprinklesenga, og ho veit at både syster, bror og stuptrøytte foreldre ikkje klarer å motstå dei sjarmerande triksa ho til ei kvar tid finn på. I dag gjorde det likevel ingenting å måtte opp så tidleg. Ute var lufta frisk, og sola fann sprekker nok til å spre litt morgonvarme til oss på Halsane. Terje tok med seg ungane ned, medan eg hoppa i støvlar og dunjakke og gjekk ut. Ikkje noko er betre enn ein frisk tur på morgonen! Eg bur midt i eit aldri så lite paradis, og veit vel innerst inne at det er det som er luksus. Ikkje å kunne ligge så lenge ein vil om morgonen, men å stå opp, gjere seg nytte av dagen og nyte dei fantastiske omgjevnadane og utsikta.



Det gamle plometreet har nakne greiner, men er likevel fullt av liv. Under barken fløymer sevjen og gjer sitt for at vi til hausten kan nyte godt av fruktene.



I løpet av natt har det vore små gjestar og tusla i tunet.


Den gamle slipesteinen står traust og stødig i tunet. Det ligg mykje historie bak dei ru overflatene på steinen, og måten ein har freista å sikre akslingen på vitnar om ei tid då ein var opptekne av å ta vare på , reparere og gjere seg nytte av alt. Vi har mykje å lære...



For ei veke sidan var ungane ute og sykla i vårsola. Før vi visste ordet av det lava snøen, og vi rakk ikkje eingong å få syklane under tak. No står Johan sin nye sykkel dekt av snø og minner om dei fine dagane vi hadde, men òg med ein lovnad om at vi snart har meir vår i vente.



Eg var så stolt av tulipanane mine. Dagleg passa eg dei og lurte på om eg kunne plukke dei inn til påske. No ligg dei og kviler under eit teppe av snø. Eit lite blad har likevel funne seg ein veg ut av dvalen. Eg har framleis eit håp om at eg snart skal kunne plukke dei inn, til glede for både store og små. Biletet til høgre er manipulert ein smule, og minner kanskje litt om toppen av Liadalsnipa...?











2 kommentarer:

  1. Lengje sidan eg har vore på nett merkar eg. Her var det utruleg mykje kjekt å lese!! Det er veldig kjekt å lese om borna, tankar om det eine og hitt. Ja, det er veldig kjekt å sitje på Eidsvoll og likevel fylgje med på kva som skjer på Halsane! Josefine helsar. Den beste tida i hennar liv er tida då ho budde på Lystad, utforska verda i skogen rundt huset der og gjekk i barnehage i Liadal.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!