fredag 29. februar 2008

Ein liten globetrottar har returnert!

Endeleg har vesle Frida returnert frå si lange ferd i framandt land! Det er ikkje alle forunt å kose seg i sol og palmesus ein heil månad til ende! Tenk å få feire 1-års bursdag på ei strand i Thailand! Vi har ikkje sett henne på fem veker, så då vi fekk mobilbilete av henne kunne vi nesten ikkje tru kor stor ho har vorte! No gledar vi oss til å feire 1-års bursdag med kaker og masse presangar!
VELKOMNE HEIM!

1 kommentar:

  1. Lille søte Frida. Kjekt at dei er tilbake!! Du må legge inn bilde av ettårs-prinsessa frå selskapet i Vikegata.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!