søndag 20. januar 2008

Alltid klar for å prøve noko nytt!


I løpet av eit langt liv er det kvardagar vi har flest av. Sjølv er eg av dei som set pris på kvardagar, og som aldri har problem med å få tida til å gå - eller til å stoppe opp, om det er det eg måtte ynskje.
Det er viktig å gi seg sjølv utfordringar slik at ein til ei kvar tid har noko å kunne engasjere seg i. Akkurat no har eg bestemt meg for å lære meg litt om blogging! Eg har lese ein del bloggar på nettet og lete meg inspirere! Med tida vil eg kanskje legge ut fleire kvardagstankar, litt meir om meg sjølv og familien min, interesser og visjonar. Dette er berre den spede byrjinga, vi får sjå kor det utviklar seg...


VELKOMNE TIL BLOGGEN MIN!

3 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å sjå og å lee, Tove. Kjem nok innom stadig vekk for å halde meg oppdatert:-) Eg legg til ein link emd ein gong på bloggen min.

    SvarSlett
  2. Du verda. Så her kan vi altså få løpande informasjon om korleis livet utartar seg på Halsebakkane? Flott! Eg ser fram til fyldige oppdateringar, artige nyhende, og ikkje minst bilete av gullungane!!!

    Helsing snart innflytta i Strandgata 64D, Linda.

    SvarSlett
  3. Ja, som du ser har det sneke seg inn ein smule under s-en, så... lee er eigentleg lese:-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!