tirsdag 1. desember 2009

Med mageplask inn i julestria…

Det kjennest nesten som å drukne. Eller i allefall å ufrivilleg verte tvinga under vatn. Du veit at alle dei andre sym rundt med hovudet over vatnet og kosar seg, medan dei ser på vesle meg som kavar i vassmassene.

dive

Men denne gongen handlar det ikkje om symjing i kalde basseng, eller stup frå 5-meteren. Det handlar heller ikkje om kven som kan å symje eller ikkje. Dette handlar rett og slett om julestri, julemas og juleforventning.

For å seie det rett ut, så er eg faderleg seint ute i år. Eller er eg eigentleg det??? Eg har hengt opp dei obligatoriske julestjernene og adventsstakane. Men der stoppar også alt.

dive1

Ingen fiks, ferdig adventskalender med 70 og nokre pakkar. Ikkje fordi eg ikkje vil at dei skal få pakkar, men fordi eg prøver å gjere det litt alternativt. Dei har fått ei bok, og den skal vi kose oss med gjennom heile adventstida. “Tonje Glimmerdal” av Maria Parr kjem til å gi oss latterkuler heilt fram til julaftan. Eg har heller ikkje vaska ned huset, eller baka dei sju slaga. Men eg baka bollar ilag med ungane i går, og dei har vi forsyne meg ete opp!

dive2

Du forstår heilt sikkert at eg får heiteslag, på grensa til feber, når eg les om driftige damer som er ferdige til jul. Ja tenk, du las rett: ferdige til jul!!! Ferdige med gåver, ferdige med husvask, ferdige med all bakst, ferdig med dei viktigaste innkjøpa og berre sit der og kosar seg med alle julelysa sine og smakar på småkakene. Endåtil nokre av butikkane er ferdige til jul. Etter ein snartur til næraste “storby” oppdaga eg prangande plakatar som lokka med “Alt av julepynt til 50 %!”. Og dette altså ei veke før desember!

Vel, vel. Kanskje skriv eg alt dette for å bøte på mitt eige dårlege samvit for at eg ikkje er i rute i år. Kanskje er eg ein smule misunneleg på alle desse driftige damene som har full kontroll og sleppe å stresse meir før jul. Og kanskje er eg også ein smule redd for å ikkje verte ferdig til jul.

dive3 

Slik eg ser det har eg to val: Eg må hive meg rundt i kveld og skrive ei liste langt som eit vondt uår, på alt eg må gjere fram til jul. Eller så må eg gjere som eg har gjort før:

Kaste meg ut på djupt vatn, kjenne litt på kjensla av å kave med vassmasene, men likevel vite at eg alltid kjem meg opp til overflata. At eg alltid overlever. At det alltid går bra.

Alltid.

Det blir nok jul i vår heim i år òg!!!

dive4

PS! Dersom det skulle vere fleire som meg der ute, så kan eg alltids plaske litt vatn på deg òg! Så slepp du mageplasket….

søndag 29. november 2009

La meg synge deg stille sanger…

…er rett nok tittelen på ei bok av Linda Olsson. Men tittelen kan også passe godt for adventskonserten til koret mitt; LYST.

017 

Eg skulle ha ynskt at fleire av mine bloggvener budde nærare. Dette trur eg er ein konsert mange hadde likt å høyre.

Tenk deg at du kjem inn i ei stille, og forsiktig opplyst kyrkje. Einaste du høyrer er lyden av stille prat i benkeradene. Lykter fyller kyrkjeromet med magisk lys og forsiktig forventning. Tida står stille ei stund. Akkurat lenge nok til at ei kjensle av fred sig innover deg. Akkurat lenge nok til at du høyrer dei forsiktige, klare røystene som syng Hodie og set i gong konserten.

Deretter går det slag i slag med vakre tonar og kjende julesongar.

Eg trur mange kjem til å ta med seg litt julestemning etter konserten. Medan nysnøen dalar forsiktig mot bakken, kan ein kanskje kjenne at skuldrane er senke og at ein er fylt med ei inderleg ro.

Velkomne til alle som har høve til å kome til Ørsta kyrkje kl. 19.30 i kveld!

Dersom du vil ha ein aldri så liten smakebit av verket vi skal framføre, kan du lytte til denne linken.

011

Damekoret LYST.

 

lørdag 21. november 2009

Ut av ingenting kjem nesten alt!

Slagordet er henta ifrå ei kjend Freia-reklame, men passar fint som tittel på innlegget mitt i kveld. Vi visste ingenting – og enda opp med å oppleve nesten alt! Gårskveldens blåtur vart ei oppleving i rare påfunn, mystiske lappar, spaserturar i kjend 71grader Nord-stil, god drikke og god mat. Vi var kledde og utstyrte for alle eventualitetar; med regnkle, dansesko, ved, ballongar, strikketøy, dunjakker, ullkle og ein konvolutt full av pengar! Lite visste vi at dei to blåturfikse-damene hadde finstas under joggebuksene og allværsjakkene sine…

Etter ein strabasiøs og regntung rundt omkring i heimbygda, sette vi oss på bussen og enda opp i næraste storby. Alt vi hadde tenkt, mistenkt og grubla over var berre å gløyme då vi entra storbyen. Alternativa vart for mange og vi gav opp gjettinga. Det var berre å legge kvelden si skjebne i hendene på dei to kompetente blåturfikse-damene! Vi fann fyrste og beste bar og gjekk inn for å vrenge av oss ullkle og fikse litt på håret (vi hadde trass alt vore gjennom styrtregn og stiv kuling!!!). Enkelte av oss vart litt lange i maska då blåturfikse-damene stod der med glitrande paljettar og fjærpryd, og angra brått på at vi hadde kledd oss så forbaska fornuftig (les: joggebukse, fjellsko, joggesko, ullgensar, dunjakke etc).

For å gjere ei lang historie kort, så enda vi opp med å vere med på mitt hittil artigaste julebord! Damene hadde bestilt bord til oss på Teaterfabrikken, der vi kosa oss med fantastisk julemat i julepynta lokaler, og der eit knippe merkverdige og kuriøse kelnerar trippa rundt i lokalet og serverte dei underlegaste historier! Dei var like mykje oppe på borda som nede på golva, og historiene sette latterdørene på vidt gap!

033

Vi fekk det beste bordet i heile lokalet, med klukkande sjø rett utanfor vindauget!

Den vellukka kvelden slutta som vellukka kveldar alltid gjer: ALTFOR FORT!

034

Eg gav høgtidlege lovnadar om å ikkje legge ut bileter der dei flotte damene kunne identifiserast. Dette biletet har eg bestemt skal på passere sensuren! Her er nokre av damene, på veg frå Teaterfabrikken, klare for å setje seg på bussen og forlate storbyen!

Tusen takk til dei to kreative blåturfikse-damene og alle deira medsamansvorne undercoveragentar som var med på å gjere denne kvelden mogleg!

Og ja;

vi vart lurt!

Tusen takk!!!

fredag 20. november 2009

Ut i det blå….

Eg skal på blåtur med klubbdamene i kveld… Blåturar er eigentleg det verste eg veit. Ikkje fordi at eg ikkje har lyst å vere med, men fordi eg ikkje veit noko som helst om innhaldet! Damene som arrangerer turen i kveld er kreative sjeler, så vi kan praktisk talt ende opp med det meste!

blåtur

Kan hende blir det god mat? Kan hende skal vi på båttur? Eller på fjelltur? Eller lære å lage mat med ein gourmetkokk? Eller kanskje vi endar opp i eit anna fylke?

Ingen veit.

Og ingen har røpt seg.

Her er det berre å vente å sjå! Eg må vel berre innsjå at eg ikkje kan ha kontroll på alt her i livet! Uansett kva kvelden måtte bringe, så gler eg meg!

onsdag 18. november 2009

Til dei som måtte vente…

…på premiane sine:

101

Fortvil ikkje – dei skal kome!

Det er berre det at svært mange faktorar har gjort at innkjøp av konvoluttar etc har vorte utsett til fordel for meir viktige oppgåver. Men no er husstanden på beina att, så i dag skal det handlast inn! Pakkane skal sendast før helga – og forhåpentlegvis er dei framme til dei heldige vinnarane rett etter helga.

Dei som lurer på kva konkurranse det var, kan du lese dette innlegget.

073

Takk for tolmodet!!!

søndag 15. november 2009

Det største mysterium…

Dåp Felix 1 

Ei spent, lita Sina på veg inn i kyrkja.

Det største mysterium er ikke mer
enn det: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv femtrinns-raketter og kjernefysikk
blir puslingers puslespill,
når det nyfødte barn med et eneste blikk
beviser at Gud er til.
André Bjerke

Dåp Felix2 

Skjønne, lille tantegullet mitt vart døypt i dag. I ein 90 år gamal dåpskjole sov han så trygt og godt i mamma sine armar.

Takk for at vi fekk kome i dåpen din, lille venn…

torsdag 12. november 2009

Att og fram…

Alle veit at livet svingar.

Att og fram.

Att og fram.

reie

For nokre svingar det oftare. Høgare. Lavare. Raskare.

Mange er for redde og sette seg på. Dei står trygt plassert på bakken og ventar på at alt det gode i livet skal kome til dei. Andre tek sats, hoppar på og tek konsekvensane av det som måtte kome.

Tankane mine går til dei som datt av karusellen. Dei som slo seg så hardt i fallet at vegen tilbake verkar umogleg og uoverkomeleg. Dei som tok sats – og ikkje lukkast. Og så beundrar eg dei som set seg på og opplever at dei får meir kraft dess meir det svingar.

Livet er risikofylt, utfordrande og vanskeleg å spå. Livet går att og fram. Likevel meiner eg at det mest farlege er å vere passiv tilskodar! Eg vel livet! Eg vel å hoppe på, ta sjansane og ynskje utfordringane hjarteleg velkomne.

“Barn tenker ikke på fortiden, heller ikke på det som vil komme. De lever i nuet.”

- Jean de La Bruyère -

Vi har myje å lære av borna…

tirsdag 10. november 2009

Det hjelp litt….

te1

…med ein god, varm kopp solbærtoddy når ein treng å varme seg litt.

Det hjelp litt at druene i skåla er søte og at youghurt og nøtter er sunt, i tillegg til å smake godt.

Det hjelp litt at den kjæraste eg har fyrer godt i ovnen og passar på at eg har det bra.

te2

Det hjelp litt å tenkje på dei gode sommardagane, når vinterkulda kjem snikande rundt hushjørna.

…og det hjelp ein heil del å tenkje positive tankar slik at eg kanskje kan halde meg frisk og rask. Eg tok den berømmelege vaksina i dag, og ligg på sofaen og ventar på kva som vil skje. Framleis ingen feber, framleis ingen verk, framleis berre bra.

Og framleis er det mykje godt på bordet og det er lenge att av kvelden. Det hjelp litt….

(bilete fann eg her)

 

lørdag 7. november 2009

Hipp hurra for Johan-guten vår!

Vi har hatt 10-års jubilant i dag. Johan skulle feire dagen ilag med alle gutane i klassen, og hadde sjølv bestemt korleis han ville ha det.

005 

Fyrst skulle det bakast sjokoladekake. Når ein er så heldig å ha bursdag i ei cupfinale-helg, så er må det sjølvsagt vere ei fotballkake! Her har jubilanten tippa på resultatet i morgondagens kamp. Det gjenstår å sjå om han har rett…

004

Her er spelarane klare til avspark!

015

Johan hadde bestemt at feiringa skulle foregå i den nye ballbingen i bygda. Det skulle vere fotballkampar, konkurranse på sykkel og dei som ville fekk prøve å grave med pappaen si gravemaskin. Nokre av gutane sparka ball frå dei kom til selskapet var slutt, medan andre konkurrerte knallhardt for å få beste tida på sykkelbana. Og under kyndig rettleiing av papsen i huset, vart der jammen nokre flinke gravemaskinkøyrarar òg!

Maten vart innteken utandørs, og det likte gutane godt.

016

Då vi litt seinare på dag hadde familieselskap, var ikkje bursdagsguten verre på det enn at han stilte seg midt på bordet og heldt ei lita tale. Til slutt ba han om at vi sang bursdagssang til han, og det ynskjet fekk han sjølvsagt innfridd!!!

Det har vore ein super dag, men no skal ho mor legge seg rett ut på sofaen og slappe av.

Ynskjer ein herleg laurdagskveld til alle som er innom!

fredag 6. november 2009

Og vinnarane er….

No har det endeleg vore trekking i jubileumskonkurransen min! TUSEN TAKK til alle som har delteke!

065

70 ulike bloggarar var med på feiringa, og fleire av dei var frå utlandet! Det vart til slutt 141 lodd som skulle konkurrere om premien.

067

Alle lappane vart klipt opp, blanda godt og fordelt på to skåler.

Etter høgtideleg trekking med fleire vitner til stades, var det desse som stakk av med premiane:

073

Damene bak bloggane Myrsnipa, Rådyrveien og På landet, må ilag med Beate og Linda S sende meg adressene sine slik at premiane kjem fram!

Når det gjeld premiane, så har eg litt dårleg samvit… Eg lovte at det skulle vere julefokus på premiane. Det viser seg at butikkane her eg bur ventar litt til på jula, så det var ikkje så mykje å finne. Det var bloggen På landet som vann fyrstepremien, og ho skal sjølvsagt få ettersendt noko “julete” i tillegg til det ho vinn no. Og kva har så desse damene vunne:

086

På landet har vunne boka “Finn ditt stille sted”, og det kan vere godt med tips til å finne små pustepauser i den travle tida vi går inn i no. I tillegg skal ho få ettersendt noko “julete”.

083

Beate har vunne eit nydeleg garn frå den nyoppstarta garnbutikken i Ørsta, Garnkroken. Eg veit at Beate er ein habil strikkar, så ho finn heilt sikkert noko ho kan strikke av dette garnet! Du finn forresten Garnkroken på Facebook!

 090

Linda S har vunne eit skjønt garn, også det frå Garnkroken. Eg legg ved ei oppskrift på eit nydeleg skjerf som eg fekk då eg kjøpte garnet.

093 

Rådyrvegen har også vunne eit nøste med denne skjønne tråden. Den blålilla fargen er min absolutte favoritt! Oppskrift følgjer med til deg òg, men det kan hende du har andre gode idèar for kva du kan bruke garnet til.

100

Myrsnipa har vunne eit garn som er supert til å strikke sokkar! Dette garnet har eg også kjøpt på Garnkroken.

Gratulerer så mykje til dei heldige vinnarane, og som sagt skal På landet få tilsendt ein liten juleting når det bugnar litt meir i butikkane.

101

Og til alle andre som deltok: TUSEN TAKK FOR AT DU VAR MED PÅ FEIRINGA! Betre lukke neste gong!

PS! Den strikkeglade dama som driv Garnkroken har eigen blogg, den kan du finne her. Ho har òg gitt ut boka “Mauds hjerte”, som har oppskrifter på 15 ulike sokkar. Boka kan du bestille på bloggen hennar.

image

(Biletet har eg lånt på bloggen hennar)

tirsdag 3. november 2009

Ikkje tving meg, pappa!

Ungar seier dei raraste ting. Av og til er det nesten så ein ikkje kan tru det ein høyrer! For ikkje å snakke om kor ein lurer på kvar dei har det i frå! Her i huset er det den munnrappe 2-åringen som forundrar og forbausar oss mest.

Her ein dag stod vi på kjøkkenet og ordna med frukost og niste før avreise til skule og barnehage. Sina et som regel frukost i barnehagen, men denne morgonen forlangte ho å få ei skive med leverpostei. Eg smurte på ei skive, bretta den i to og gav den til henne. Då korsa ho armane over bringa, såg strengt på meg og sa med makt og mynde: “Eg nektar” . Storesyskena sat ved kjøkkenbordet og himla med augene og visste ikkje om dei skulle le eller gråte! Sjølv vart eg så forundra eg eg mista både munn og mæle! Eg prøvde å rekke henne skiva ein gong til, og det same svaret kom ein gong til: “Eg nektar!”. Denne gongen vart det heile etterfulgt av eit trassig tramp i golvet. Då ho såg kor forferda eg vart, gjekk ho demonstrativt bort til skapet og tok ut ei matboks. “Ligge der”, sa ho. Brødskiva vart putta i matboksa, frøkena blidna og vart avlevert i barnehagen.

013

Nesten same episoden fann stad her ein kveld for litt sidan. Ho sat på stova i campingstolen sin, som forøvrig er den absolutte favorittstolen, og skulle få kose seg med ein youghurt før leggetid. Ho var så oppteken med ei lita bok, at pappa bestemte seg for å hjelpe til litt. Skei etter skei glei ned, før ho til slutt kneip att munnen. Berre ei skei til, lokka pappa, og håpte at ho skulle ete opp alt. Same kor han lokka, var munnen like forsegla. Brått sette ho dei bestemte augene i han: “Ikkje tving meg, pappa!”. I alle dagar! Kvar har den skjønne 2-åringen vår alle desse kraftuttrykka frå????

012

Vi kunne ikkje anna enn å sjå på kvarandre og seie oss ein smule samde. Ein kan faktisk ikkje tvinge denne frøkena til noko som helst! Vi har lenge forstått at vi har med ei bestemt, ung dame å gjere her… Eg seier alltid at det er viktig å ha eigne meiningar og at ein ikkje alltid skal akseptere det andre har sagt. Det er likevel litt tidleg å byrje med slike kraftsalvar??? Eller kanskje ikkje????

No ventar vi berre spent på neste utspel… Kanskje ho skal blande seg inn i storesyskena sine lekser, eller pappa sitt kontorarbeid? Eller kanskje ho har bestemte meinigar om korleis eg rettar elevane sine prøver?

Det er uansett lenge sidan vi konkluderte med at framtida har mykje spennande å by på med denne knetta i hus…

PS! Kan forøvrig legge til at rett etter at dette innlegget var ferdigskrive, sat eg og nynna på ein song i sofaen. Plutseleg sa minstesnuppa: “Ikke syng mamma. Ej fe låkt i øyrene mine!”. Då fekk eg altså passet påskrive… Det lovar mindre bra for koret sine julekonsertar…

søndag 1. november 2009

…om å fange hausten…

Tenk om det var slik at vi kunne plukke med oss litt hauststemning her og der, putte den på glas og skru igjen lokket.

fange haust1

Eit vakkert lauv, lukta av rimfrost, hår som flagrar i haustvinden, lyden av bølger som slår hissig mot land, lyden av vind og raslande lauv – alt dette ville eg ha fanga og gøymt som ein fin skatt.

Eg og dei eldste ungane har vore ute og gått tur i kveld. Medan fønvinden leika med lauva på bakken, gjekk eg og ungane og snakka om alt og ingenting. Hunden var meir oppteken av alle luktene i grøftekanten og rulla seg leikande i lauvet. Vi hadde lyst å rulle i lauv vi òg! Kaste det opp i lufta og sjå det flyge vekk med vinden!

fange haust

Og medan vi gjekk der, så samla vi. Vi samla minner, lukter, kjensler og inntrykk. Vi skriv 1. november i dag, og vi veit aldri kva neste dag vil bringe. Brått er snøen her, og då kan det vere godt å ha slike haustkveldar å tenkje tilbake på.

Dersom vi får fleire slike kveldar, oppmodar eg alle om å samle seg litt haust til vinteren! Ta vare på dei herlege minna!

PS! Konkurransen min som du ser link til i høgre margen, varer ei veke til! Fredag 6. november vert det trekking. Det er så mange som vil vere med på feiringa, at eg kan røpe at det vert trekt fleire premier… Du har framleis sjansen til å vere med, klikk på biletet under, så kjem du rett til konkurransen!

celebration

Dei vakre haustbileta i dette innlegget har eg lånt her og her.

søndag 25. oktober 2009

Gratulerer, jenta mi…

Sju år fulle av gode stunder, varme klemmar og endelause samtaler om alt og ingenting.

Sju år som har gått så altfor fort…

064

Det er ei stor glede å få vere Ida si mamma! Ho er så full av liv, så full av spørsmål og tankar. No har ho vorte stor jente og vart sju år i går. Dagen vart feire på Tarecup i Ålesund, der fotballlaget hennar vann alle tre kampane. Bursdagsfeiringa tok vi i dag, og Ida hadde invitert alle jentene i klassa si!

040

Det er alltid kjekt med liv og røre i huset, og jentene kosa seg med sjølvlaga pizza, smoothies, teikning og synging!

029

Det er ikkje farleg å ha 13 jenter i hus når dei er så flinke og kjekke!

Gratulerer så mykje med overstått dag, Ida mi!

Du er den snillaste, godaste jenta eg veit om!

onsdag 21. oktober 2009

Musikalske vitaminar og lokale heltar.

Eg har hatt nokre utruleg travle dagar i juryen i Lagmannsretten. Då eg kom heim i kveld, full av spørsmål utan svar og tusen tankar som måtte sorterast, fann eg plutseleg denne videoen på nettet. Egil Olsen er kanskje ein kjend artist for enkelte, for andre enno ukjend. Uansett kva kategori du befinn deg i, så bør du sjekke ut denne videoen.

Videoen fekk meg i godt humør og eg kjende skuldrane senke seg. Det artigaste er at alle på videoen er lokale heltar og musikalske personlegheiter her eg bur!

I morgon tidleg ventar nok ein dag i retten, og då skal i allefall denne songen vere med meg i tankane! “Grow a heart” kan nok vere viktige ord å hugse på i ei rettsak….

PS! Konkurransen min er ikkje over enno, klikk linken i høgre marg for å vere med!

søndag 11. oktober 2009

Det er berre så utruleg vakkert…

I dag har vi hatt ein strålande dag på Sunnmøre. Noko av det beste med ein vakker haustdag er solnedgangen om kvelden…

019

Eg rakk heldigvis å ta nokre bileter før det vart for mørkt.

026 

Margot Sandsmark har sagt noko utruleg flott om solnedgangen;

“Solnedgangen er dagens arv til mennesket.”

Når dagen er over, så etterlet den seg ein vakker solnedgang! Det er så fint å tenkje på…

lørdag 10. oktober 2009

Ei aldri så lita feiring – blir du med?

Det er så kjekt med feiringar og jubileum, at eg tenkte det var på tide å drage igong eit lite jubileum her på bloggen!

Eg kunne til dømes ha feira at eg har så utruleg mange koslege lesarar som er innom og legg at koslege og varmande kommentarar til meg. Eller at eg snart nærmar meg 500 innlegg. Eller at eg har blogga i 1 1/2 år og hatt meir enn 130 000 besøkande. Men det er ikkje grunnen til dette jubileumet….

feiring

Men i dag vil eg feire at 100 personar har lagt seg til som følgjarar av bloggen min!

Gåva som skal delast ut i forbindelse med jubileumet er noko som er julerelatert… Eg kan love at den er kjempefin, så her er det berre å hive seg med i konkurransen!

For å vere med i konkurransen, gjer du følgjande:

  • Legg att kommentar på dette innlegget (eitt lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget og legg deg til som følgjar (to lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget, legg deg til som følgjar og link til bloggen min på bloggen din (tre lodd)

PS! Skriv i kommentaren din kor mange lodd du får, slik at alt går rett for seg!!! Og om du er følgjar frå før, så får du sjølvsagt eit lodd om du gjer meg merksam på det!

feiring1

Du må gjerne bruke biletet eg har lagt ut i høgre margen min dersom du vil linke til bloggen min!

Nyttar med dette høvet til å ynskje alle ei strålande helg!!! Her er det endeleg opphaldsvèr!

 

onsdag 7. oktober 2009

Natural beauty….

Sukk, den som hadde eit grantre med DIGRE kongler i nærleiken… Eg er så glad i å pynte med det naturen har å by på, og konglar er noko som høyrer hausten til.

haustpynt1

I dag vart eg inspirert av BHG, som hadde inspirerande bileter til haustpynting.

haustpynt

Kongler og vintergrønt er så utruleg dekorativt!

haustpynt2

Eg brukar alltid å ha ei lita gran utanfor inngangsdøra når vi nærmar oss jul, og i år skal molda dekkast med kongler.

Så enkelt – så flott!

haustpynt3

Ei korg full av konglar er pynt i seg sjølv.

haustpynt4

haustpynt5

Det enkle er ofte det beste!

haustpynt6

Eg har faktisk nokre slike glaskuler liggande blant all julepynten, kanskje eg må putte prøve dette knepet?

Julepraten er allereie i gang i Blogglandia, sjølv om det nok er i tidlegaste laget for min del. Eg er ein ekte julenostalgikar, men oktober månad høyrer framleis hausten til. Dette kongleinnlegget er difor ein hyllest til hausten, og ikkje ein snikstart på julepyntinga!

Alle bileta er lånte her.