Viser innlegg med etiketten Kjekt å ha. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjekt å ha. Vis alle innlegg

søndag 27. juli 2008

...om SAL og godt SAMVIT...


Eg er så i kle som er annleis. Kle som har ei meining og som kan vere med på å gjere verda til ein betre stad for fleire enn berre oss sjølve.


Phister & Philina har slike kle. Dei er med på å drive ein barneheim for jenter i Arni, Sør-India. Her får fattige og foreldrelause jenter eit nytt liv, ein heim, ei ny familie og ikkje minst: utdanning.


Når ein kjøper desse kleda, får ein vere med på å oppdra og utdanne desse jentene. Det gir ei god kjensle og godt samvit. Denne gongen var eg heldig og fann kleda på sal, altså vart det litt meir i posen enn fyrst tenkt...

Ida sette i allefall stor pris på dei nye kleda! Det gjorde mora òg...

Så vakre fargar, så nydeleg snitt, så god kvalitet.

Så mange detaljar og artige påfunn!
Sina ville vere med på fotoseansen ho òg, og kraup opp på Ida sitt fang. Fin kjole ho òg!

ROSA DRAUM...

Når største draumen er ein rosa sykkel......
...er lukka fullkomen....
...når pappa kjem heim...
...og har ein nyyyyydeleg, rosa sykkel i baggasjeromet!
Lukke på jord er ikkje å få alt ein har drøymt om, men å få noko av det ein har drøymt om - ...lenge! Det er lett for ein pappa å oppfylle rosa draumar til rosa prinsesser.

tirsdag 22. juli 2008

Snikreklame og handelslekkasje.....

Ein går seg av og til lei av å trakke inn og ut dei same butikkane og sjå dei same kleda. Eg er ikkje av dei som er ivrigast på kleshoppefronten, men når eg fyrst slår til er eg rimeleg bevisst på kva eg vil ha. I tillegg er eg oppteken av at det eg kjøper kan matche resten av garderoben. På laurdag hadde me oss ei slyngarrunde til Ulsteinvik. Skal seie deg dei har det "ut i øyane"! Tenk at eg fann ein butikk med Lexingtonkle! Eg var i paradis, og at det var 30 % på alt gjorde det heile endå betre! Kjøpte meg berre ein bluse, må spare litt handel til eg skal ut att ilag med syster og svigerinne. Fantastisk skjorte i nydeleg bomullskvalitet.
Dette vert nok ei favorittskjort å bruke på jobb!

Slik ser den ut. Skjorta under heng framleis i butikken og ventar på meg.I går kom La Redoute-katalogen, min favoritt! Kleda dei sel her er fantastiske! Vil anbefale alle å ta ein kik på heimesida deira eller bestille katalogen. Det var dagens reklame....

søndag 20. juli 2008

I sjuande himmel med Mollys Heaven!

Heime hos oss er det ekstra stor stas med post når postmanne kjem med den på døra. Då veit vi at har har med seg noko som er for stort til å få plass i postkassa - nemleg pakkar! I går fekk vi atter ein gong den særs hyggelege postmannen vår på døra - endeleg kom pakken frå Mollys heaven! Dei nydlege rammene har eg vist bileter av i eit tidlegare innlegg, her er ein smakebit på resten av bestillinga mi!Er ekstra kjekt å verte sett pris på med ei lita gåve på kjøpet! Denne gongen var det......
...eit stemningsfullt kort med ei hjarteklype!
Desse såpeboksene tilhøyrer kategorien "måtte berre ha dei fordi dei var så skjønne". Skal behalde ei sjølv, den andre skal vere gåve. Då skal den fyllast med dei mest fantastiske såpene eg veit om, frå nettstaden Savona. Kan sjølvsagt ikkje røpe kven som får gåva...

fredag 18. juli 2008

Green Gate på tilbod - kan ein vere så heldig???

No har vi hatt så mange gufne regnvèrsdagar at vi i dag bestemte oss for å ta oss ein kosetur til
Moa. Reglane var klare: mamma skulle på to butikkar (Green Gate-butikk og scrappebutikk) og ungane skulle på leikebutikk og McDonalds. Og for ein strålande dag det vart!
Ikkje nok med at det brått skein av og vart sol, i tillegg oppførte ungane seg strålande eksemplarisk (det var ei stolt mor som rusla rundt med tre englar ved si side...) og alt vi handla var på tilbod - endåtil Green Gate!
Under får du nokre smakebitar frå handleturen:

Eg har leeenge hatt lyst til å kjøpe Ida eit Green Gate sengeteppe, men då det kanskje vart i dyraste laget hadde eg bestemt meg for å kjøpe noko som likna. Men då eg entra favoritt- butikken min i dag, "Herlighet", var plutseleg teppet på kanonsalg! Det var berre eitt teppe att, og det måtte eg sjølvsagt berre ha! Etter å ha fått det på senga vart dei storfornøgde, både Tuppen og Lillemor! Heldig, eller???

Eg kjøpte litt av det rosete og det grønprikkete Green Gate-serviset. Synest alle er så fine, og meiner det fint går ann å bruke alle sortane på eitt og same frukostbord! Blir vel ei suppleringshandlerunde til hausten, tenkjer eg....


Dette skjønne "melkespannet" frå Ib Laursen har berre den sartaste rosafargen du kan tenkje deg, og eg fall sjølvsagt heilt pladask. Skal nok finne mange bruksområde til dette spannet. Ungane meinte det godt kunne stå i kjøleskapet med mjølk, "...tenk kor kosleg det vert å dekke frukostbordet, mamma". Ei raud, lita prikkeline-skål får halde eggeglasa mine med godt lag.

Tenkjer husbonden vert fornøgd når han frå søndagsfrukostegga sine i desse eggeglasa! Eg brukar aldri eggeglas, har ein (u)vane med at eg knekkjer av alt skalet fyrst og så legg eg heile egget på brødskiva. Men eg lyt nok ha dette på kuverten min likevel... Dei nydlege blåklokkene i bakgrunnen fortel meg at eg kanskje må ha noko av det blåprikkete serviset òg!

Og så måtte alle tre ungane få seg nye støvlar. Ikkje det at dei ikkje har slikt frå før, men dei har vore mest til å ruske ute med. No trengde dei "gå bort"-støvlar. Desse nydlege "glansbilete"-støvlane måtte Ida ha, og mora var heilt samd.....


Kan det verte meir romantisk og jentete???

torsdag 17. juli 2008

I dag kom sola - i posten!!!

For litt sidan vart eg "blogg-kjend" med Gry i Her er vi. Ho lagar dei nydlegaste vesker, og då ho annonserte på bloggen sin at ho hadde ei til sals var eg ikkje sein om å legge inn bestilling! Dette er i utgangspunktet ei strandveske, med plass til ein skitten og våt badehandduk på framsida. Eg ser sjølvsagt fleire bruksområder for denne flotte veska, som nok vil verte flittig brukt her i heimen. For fleire bileter av denne veska og andre modellar, vil eg anbefale eit besøk på Gry sin blogg!

Det var jubel i taket då postmannen kom på døra i dag! Eg hadde venta på denne
pakken og kunne ikkje vente til å rive av papiret og ta veska i augesyn! Sjå dei
nydlege frimerka med rosemotiv! Spesialbestilt, kanskje...?

Ida sine ivrige hender måtte sjølvsagt få hjelpe til med å opne pakken, og vere
fyrstemann til å prøve veska.
Eg og Ida var akkurat like begeistra for veska! Såååå nydeleg! Eg har
det med å falle for detaljar, og sjå dei to nydlege hjerta ho har sydd
på innsida av veska (eller utsida, forstod det slik at den kan brukast
på begge sider)! Hjerta sette prikken over i`en!

To skjønne rosajenter kosar seg
i godstolen med nyeveska hengande
i bakgrunnen.
Medan vi ventar på sola kan eg kanskje bruke veska på handlerunda mi i dag? Eller fylle den med scrappeutstyret når eg skal på scrappetreff i kveld? Den må i allefall visast fram, for denne er eg stolt av å eige! Tusen takk, Gry, for å ha produsert ei slik flott veske til meg!