Viser innlegg med etiketten Dei raraste ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dei raraste ting. Vis alle innlegg

tirsdag 22. juli 2008

Husvak, ommøblering og julemusikk.

Jaudå, eg fekk liksom ånda i dag. Hadde litt energi til overs og bestemte meg for å omsetje den til vaske,- og ommøbleringslyst. Det var nødvendig, må vite - har liksom vore litt ringt med husarbeid når vèret har vore for fint, og så har det vorte litt med grovhanda når vi har hatt ein innevèrsdag. Det fyrste eg gjorde var å ta med meg ungane på låven. Den er full av skattar og/eller skrot (alt etter kven ein pratar med), og eg visste at ein eller annan stad under pressenigar og andre møblar stod det eit bord eg stadig kjem tilbake til. Det har vore inn og ut av huset fleire gongar, av og til er det for fint til å stå på låven, andre gongar er det for stygt til å ha i hus. Vel, vel, no skulle det innatt, for mor skulle ha seg ei lita arbeidskrå. Ungane hjelpte meg å flytte unna det som trengtes for å finne bordet, og så hadde vi storreingjering ute i det fri. Arbeidsfordelinga var grei; eg og Ida vaska bordet medan Johan passe Sina og Rambo.

Då vi fekk bordet inn i stova lurte eg på kvifor eg ikkje hadde gjort dette for lengst. Det dekte heilt klart behovet mitt i tillegg til å ta seg fint ut i kråa mi. Historia bak dette bordet er litt spesiell. Bordet er bra gammalt og har vore i mi eige siste 10-15 åra. Det var far min som fann det på ein skule han jobba. Bordet skulle kastast, noko han ikkje kunne forstå, å då var det betre å berge det og ta det med heim til si "glad i gamle ting"-familie. Vi var overlykkelege då bordet kom i hus, og særleg artig vart det då vi fekk høyre forhistoria. Bordet hadde nemleg vorte brukt til å feste skyteskiver på for ei ungd.skuleklasse som skulle lære seg å skyte med luftgevær. Bordplata, på undersida, var full av bly! Nokre skot hadde òg gått rett gjennom bordplata! Ja, ja, mange gode hjortejegerar har kome frå den skulen, så vi får tru bordet har gjort nytta si. No tenar det altså som skrivebord for meg. Kanskje kjem det bileter frå den store endevendinga i eit seinare innlegg.

Men julemusikk? Neida, husfrua har ikkje vorte gal og trudd det var julenedvasken ho heldt på med (sjølv om grønsåpe alltid gir meg litt julestemning, gode og uslettelege barndomsminner antakeleg). Lyst sin jule-CD har dura og gått på repeat i heile ettermiddag, berre overdøyvd av støvsugardur og barneskrål. Ikkje fordi eg trur det er jul, som sagt, heller ikkje fordi eg har vorte rivruskande gal. Men litt fordi eg synest den er utruleg fin, og mest for at eg skal gi den i gåve til ei eg har lært meg å kjenne siste tida. Og så vert eg stadig like forundra over at det er MITT kor som faktisk syng! Og sjå det nydlege coveret! Det er Solveig Opsal, ei av dei lystige damene, som har designa det!

Medan eg heldt på med mitt, var ungane stort sett ute og styrte. Dei var så flinke med Sina i dag, trur dei forstod at mor trengte tid til å vaske utan at lissjefrøkena skulle henge i buksefotane. Det var nok matlaginga som var det kjekkaste. Trur dei laga blåbærblad,- og løvetannsuppe. Viser nokre bileter frå det dei har styrt med, kjekkare det enn alt rotet mitt!

...
Ida regjerer ei lita stund åleine attmed kjøkkenmaskina, men så kjem Johan brytande og vil ha eit ord med i laget. Litt krangel må ein rekne med... Det varte heldigvis ikkje lenge!

...
Her blandar mesterkokken vatn, blad frå ei blåbærbusk og løvetann. Kokken sjølv er i allefall godt nødt med både ingrediensar og resultat!

Lissjefrøkena hadde sjølvsagt fått seg ei blåbærbusk og fekk vere med på moroa ho òg!
Så medan huset luktar grønsåpe et vi blåbærbladløvetannsuppe til kvelds -
ynskjer alle ein flott kveld!

søndag 20. juli 2008

Hjarter dei raraste stadar!

I går hadde eg badet for meg sjølv ei lita stund. Ingen som hang rundt føtene mine, ingen som drog ut ting dei ikkje har lov til frå skuffer og skap og ingen som masa.
Har du nokon gong tenkt over kor rart hår kan forme seg når dei landar i vasken og kjem i kontakt med vatn? Eg har mange gongar tenkt at eg skulle ha laga skisser over alle dei rare formasjonane eg har sett. Medan eg føna håret i dag, kika eg tilfeldigvis ned i vasken. Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg så dette nydeleg forma hjartet! Tenk at det går an! Det traff meg midt i, ja nettopp - hjartet! Biletet er kanskje litt uklart, men det viktigaste trer fram likevel. Det er altså to hårstrå...

Midt i same føne-seanse, fangar Ida sitt hårstrekk merksemda mi. Me røska det av håret kvelden før og la det i frå oss på benken. Og ser du? Eit hjarte det òg! Utruleg!

Berre ein har augene og sansane med seg kan ein finne mange overraskingar i kvardagen!