fredag 8. juni 2012

Fem og fantastisk ♥

For akkurat fem år sidan låg eg og heldt ein liten bylt i armane. Ho var varm, mjuk og mi. Ei lita jente hadde sett dagens lys og vi var så stolte, så stolte... Eg hugsar alt som det var i dag; det var så utruleg varmt den dagen. Vi var to nybakte mammaer på eit pittelite rom. Eg hugsar den gode babylukta, fargen på gardinene, smaken av den iskalde og gode safta, dei varme og omsorgsfulle hendene som hjelpte til som best dei kunne i varmen. Eg hugsar at vår vesle skatt hadde det svært travelt med å kome til verda. Vi rakk så vidt sjukehuset, vi rakk så vidt å få oss ei seng. Klokka halv tre om natta hadde eg nok ein gong fått oppleve den fantastiske gåva det er å få verte mamma. Nok ein gong kjende eg på den grenselause kjærleiken som fylte heile meg. I dag er den vesle skatten vår fem år.


Kjære Sina vår 
Så full av liv og energi, gode kommentarar, raus med kjærleik og med kreative evner. Så full av ablegøyer, entusiasme og påfunn at ein kan verte sveitt av mindre! 
Du dansar, syng, "går modell", tek storesyster sine kle og fiksar litt på dei slik at du kan bruke dei, trippar rundt i sko med glitter og høge hælar.
Det er ikkje ein ting du ikkje kan. Du har vore mamma sin vesle hjelpar på kjøkkenbenken frå den dagen du klarte å sitje sjølv. Har full kontroll på oppskrifter, god kjennskap til spesielle ingrediensar og godt utvikla smaksløkar. Du veit korleis maten skal smake, du seier i frå om der er ein smak som manglar. Når du får ei kokebok i hendene så kan du sitje lenge og drøyme deg vekk. Eller om du ser Helstrøm lage mat på TV. "Helstrøm er helten min", brukar du å seie.

I dag skal du få danse alt du vil. Vi skal feire deg både i dag og i morgon. Sola skin for deg og alle dei små gjestane dine. Kaker og meny har du planlagt for lengst, det er berre for mamma å få tid til å lage alt. 

Gratulerer så mykje med dagen, skjønne gullet vårt!

Og etter at eg hadde skrive dette innlegget, fekk vi vite at ho har fått plass på ballettskulen frå hausten av!!! Tidlegare i dag kika ho på biletet i innlegget her, av seg sjølv som dansar ballett, og sa "Mamma, tenk om eg er så heldig å få kome inn på ballettskulen..."! Bursdagsjenta sov då eg fekk beskjeden i kveld, men gjett om ho får seg ei overrasking i morgon tidleg! Dette er stort for henne!

6 kommentarer:

  1. Så fint skreve! Gratulere til Sina di!

    SvarSlett
  2. Blir så rört av å lese dette du skriver til vesle dattern din.
    Mest for at eg aldrig fått oppleve det sjöl...
    Men eg skjönnar deg so godt.
    Gi Sina en STOR 5 årsklem fra meg. Hun fortjener den idag på sin store dag.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett
  3. Nydelege jente og fine ord! Gratulerer med bursdagsjenta:)
    Takk for helsing inne hos meg.
    Ha ei flott bursdagsfeiring og fin helg:))

    SvarSlett
  4. Utrolig vakkert, og jeg leser og får tårer i øynene!
    Du berører, Tove, og jeg blir berørt!

    Nyt femåringen og alle dine <3

    SvarSlett
  5. Nydelig skrevet av ei kjærlig mamma:)) Og tenk det..ballettskole, heldige heldige Sina:)))

    Gratulerer med dagen:))

    SvarSlett
  6. Nydelig og rørende. Gratulerer!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!