lørdag 28. april 2012

Rett ut…♥

Siste dagane har det sett ut til at det går betre med foten min. Det nyttar eg sjøvlsagt til det fulle, og styrer rundt med det eine og det andre. Og sjølvsagt straffar det seg…. I går kveld sat eg rett ut med foten høgt, litt småskuffa over at den framleis ikkje fungerer som den skal og litt irritert på meg sjølv for at eg ikkje er flinkare til å passe meg…

IMG_8605

Takk og lov for at eg har ein god stol i stova. Eg har nemleg sete der nokre timar i det siste… I går kveld tok eg nokre bilete av “utsikta” mi! Mann og barn pusla rundt meg og laga fredagskos, med jordbær og anna snuskeri! Vi såg “The Voice” og hadde ein fin kveld.

IMG_8614

Ungane fann ei jordbær som såg ut som eit hjarte! Den skulle sjølvsagt eg få!

IMG_8621

Medan eg sit slik i godstolen, er dette utsikta mi til høgre. Både skjenken og stolen er i eik og kjøpt på Jysk. Då vi pusa opp stova var vi samde om å kjøpe noko som var OK i pris, som var OK i kvalitet og som vi ikkje trengte å vere så redde for. Det bur trass alt tre ungar her! Stearinlysa på toppen av skjenken og den skjønne glasskrukka er kjøpt på Studio Slettvoll i Ålesund.

IMG_8633

Rett ved sidan av stolen min har eg eit lite bord som til dagleg har plass til alt det mest nødvendige; strikketøy, bok, fjernkontroll og telefon. I går kveld var det stearinlys i ei av lyslyktene som eg kjøpte på Studio Slettvoll. Same dag som eg kom heim frå sjukehuset var ungane så snille og gode. Det var dei som ordna til bordet og laga det fint til meg. Det kan du lese meir om i dette innlegget.

IMG_8579 Medan det var reklamepause på “The Voice”, underheldt frøken “midtimellom” med ein dans frå India. Ho var så flink ♥ Dei har visst nok lært den på skule og ho må øve før dansestunda på onsdag. 

Dette innlegget skulle eigentleg publiserast i går, men eg sovna visst i frå heile greiene! Men det går sikkert fint an å lese om ein fredagskveld sjølv om det er laurdag!

Her på Sunnmøre lavar snøen ned i dag, men vi kosar oss inne så godt vi kan!

G o d   l a u r d a g   t i l   d e g !

3 kommentarer:

  1. Så godt at dei puslar rundt deg!!

    Men du må passe på deg sjølv også..

    God helg klem

    SvarSlett
  2. God bedring til deg!Koselig innlegg og fine bilder.:))

    SvarSlett
  3. Så koselig du har det rundt deg! God bedring med foten :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!