lørdag 6. august 2011

Nokon som kan hjelpe meg med utanlandshandel på nett???

Eg har fått boktips av ein amerikansk medbloggar. Ho meinte bøkene måtte vere “right up my alley”, og det har ho sjølvsagt heilt rett i! Det er berre det at bøkene ikkje er å få tak i her til lands. Då må eg altså handle bøker på nett frå utlandet. Og då må eg altså ha hjelp.

Cold-Tangerines-by-Shauna-Niequist

Den eine boka heiter “Cold Tangerines” og handlar om dei unike kvardagane". I forordet skriv forfattaren m.a.:

“The world is alive, blinking and clicking, winking at us, inviting us to get up and dance to the music that’s been playing since the beginning of time, if you bend all the way down and put your ear to the ground to listen for it”.

Det er klart eg må ha denne boka!

One thousand gifts

Den andre boka handlar delvis om det same. Forfattaren utfordrar oss til å gjere det beste ut av kvardagane og sjå at kvardagane har tusenvis av gåver til oss. Det er klart at denne boka òg må inn i biblioteket mitt!!!

Det eg då lurer på er:

  • Kva for nettstad er best om ein vil handle bøker frå utlandet?

Eg blir umåteleg glad om nokon kan tipse meg litt her….

God laurdag til alle!

(for min del blir det ein roleg laurdag, då ein betennelse i foten har blussa opp… ÆSJ…)

11 kommentarer:

  1. Hei :) Eg har handla litt hos amazon.com - det har gått heilt fint - Lukka til med "jakta" på desse bøkene :o)

    SvarSlett
  2. Jepp, det kan eg!
    http://www.bookdepository.co.uk/
    Har sjekka om dei har bøkene du er på jakt etter og det hadde dei -og mykje mykje meir.... free delivery så her er det berre å logge seg på å bestille!

    God betring
    Klem Tonje

    SvarSlett
  3. Vi bruker handle på bokus.com/se
    http://www.bokus.com/
    Se der så får du muligens noen tips.

    Du har ei ny header ser eg. Så flott den var.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Du kan handle med amacon.uk.Her kan du handle med stor glede. Har kjøpt mange bøker der sjølv.

    Her er linken til den eine boka di:
    http://www.amazon.co.uk/Cold-Tangerines-Niequist-Shauna/dp/0310329302/ref=sr_1_3?s=books&ie=UTF8&qid=1312622731&sr=1-3

    Og her er den andre:
    http://www.amazon.co.uk/One-Thousand-Gifts-Voskamp-Ann/dp/0310321913/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1312622889&sr=1-1

    Du kjem til å bli avhengig av å handle her. Det er såå mykje bra bøker:) Lykke til!

    SvarSlett
  5. Ser du har fått mange kommentarer allerede. amazon.com sender fra USA og kan ta noe lengre tid, amazon.co.uk er jo rett over fjorden og tar noe kortere tid - begge operer med frakt.
    play.com sin boksavdeling vokser stadig og sender fraktfritt og raskt til Norge. Her er det masse musikk og spill ti lave priser, men husk på 200kroners tollgrense.

    Nå som både pundet og dollaren er umåtelig billig er disse sidene veldig farlige for oss nordmenn. Du har herved blitt advart ;)

    Alle tre sidene er seriøse aktører og jeg har aldri hatt noe problem med noen av dem

    SvarSlett
  6. Eg har handla ein del (!) frå alle butikkane nemd her og har heller aldri hatt problem. (Har til og med handla på amazon i Japan!)

    Dersom pakken ikkje dukkar opp får du ein ny tilsendt (det har skjedd berre ein gong for min del.)
    Handlar helst med amazon.co.uk sidan det går fortare enn amazon.com. Play og The bookdepository sender fraktfritt, men bøkene er gjerne litt dyrare enn hos amazon, så kva som blir billigst har eg ikkje heilt rekna på...

    Og hugs at bøker ikkje kjem inn under 200 kroners-regelen!

    SvarSlett
  7. Amazon - absolutt! Ikke toll på bøker - så kjøp i vei :) Er det ikke deilig? Synes jeg også. Lykk til.

    SvarSlett
  8. Nydelege bøker! Dersom du ikkje har handla enda, så har dei begge desse bøkene på capris.no. Ein fantastisk bokhandel med det meste av utanlandske bøker :) Greie prisar også.
    Då slepp du å tenke på tollgrenser og slikt.:)
    God helg til deg!

    SvarSlett
  9. Berre kjekt å kunne hjelpe! Eg har handla der mykje sjølv og er veldig fornøgd. Greit å halde seg til nærmiljøet ja :)

    SvarSlett
  10. Trudde eg hadde sjekka Capris... Men absolutt Capris! Eg har bestilt mykje bøker der og er svært fornøgd. :)

    SvarSlett
  11. Play.com har bøker og Dvd-er. Det er gratis frakt. Om du bestiller der så er du nødt til å forandre kursen til Euro når du skal betale :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!