torsdag 25. august 2011

“Ein må aldri slutte å engasjere seg!”

Eg er så heldig at eg har ei farmor. Ho er 94 år. Gjennom eit langt liv har ho opparbeidd seg mykje visdom og mykje lærdom. Alltid engasjert. Alltid vore undrande og nysgjerrig på samfunnsliv og politikk. Alltid oppteken av alt vi har styrt med.  No er ho 94 år. Mykje er annleis. Men i dag gjorde ho borgarplikta si. Ho førehandsstemte til kommunevalet.

gammal

Eg fekk vere med henne til røystelokalet. Vi tusla oss gjennom gangane på sjukeheimen. Småprata om det eine og det andre. Som fyrstemann i køa fekk ho gjere det ho har gjort i alle år. Stemt. Sjølv no, i ein alder av 94 år, måtte ho stemme.

gammal1

Det var lang kø utanfor stemmelokalet då me kom ut. Der stod dei eldre; mange med rullator, nokre med rullestol, medan andre berre trengte ei hand å halde i. Rørande, eigentleg. Både engasjementet blant dei eldre og blant dei tilsette. Engasjement. Eg likar slikt.

Vi sette kursen tilbake til farmor si stove. Vi møtte endå fleire eldre som skulle stemme. Eg sa til farmor at det gjorde meg glad. Ho såg på meg og smilte. Klappa meg på handa mi som kvilt i lag med hennar på rullatoren. Det var stille i gangen. Eg tenkte på kor heldig eg er som har ei farmor. Og så tenkte eg på kor heldig eg var som fekk vere i lag med farmora mi då ho gjennomførte denne handlinga. I ein alder av 94 år. Eg kjende at eg var stolt av farmora mi. Litt kry der eg gjekk, faktisk.

Eg gav henne ein klem og sa at eg var stolt av henne. At ho hadde gjort noko viktig.  Ho tok hendene mine og kika meg inn i augene. “Ein må aldri slutte å engasjere seg”, sa ho.

Eg stoppa i døropninga og vinka til henne. Ho såg meg ikkje. Ho sat oppslukt med lokalavisa og var i andre tankar.

Eg er stolt. Kry. Og utruleg takksam.

Bileta er lånte her og her.

7 kommentarer:

  1. Takknemmeligheta forstår jeg, Tove! Tenk så heldig du er som har bestemor enda..... jeg har egentlig aldri opplevd å ha besteforeldre. Jeg forstår i dag at det er et ganske stort tap for meg dette..... men så har barna mine 4 besteforeldre i god form, enda.... jeg skal prøve å engasjere meg i forbindelse med valget.... forstår at det er ei plikt!! Takk for gode innlegg!!

    SvarSlett
  2. Jeg kan godt forstå du er stolt og taknemmelig. Det er ikke alle forundt at ha´ så friske og engagerede bedsteforældre.
    Utrolig flot af din farmor at hun stadig interesserer sig for samfund og politik. Jo det gælder om at holde sig i gang og være engagereret....så er livet godt, også selvom man er 94.
    Ha´ en go helg .-)

    Klem fra Jane i Danmark

    SvarSlett
  3. Jeg kjenner at jeg blir veldig rørt av dette innlegget, Tove. Det gjør så godt å lese om engasjementet som ikke slutter, om samhørigheten mellom dere, om visdommen og klokskapen til en eldre dame OG til en yngre dame ;-) Heldig er dere som får oppleve hverandre i den alderen dere begge er i i dag. Jeg savner både mormor og farmor, de har vært borte i mange år. Nyt øyeblikkene med farmor! :-)

    Klem, Turid

    SvarSlett
  4. Dei gamle er eldst - kanskje skulle vi høyre meir på deira røyst....
    Du er helgig Tove som har både foreldre og besteforeldre rundt deg - men det ser eg du veit.
    Eg har vore "elste" generasjon i mange mange år - engasjement fekk eg inn med morsmjølka og den arva er eg stolt av...

    God helg - jannetove

    SvarSlett
  5. Har lest bloggen din lenge, aldri lagt igjen ett "spor". Nå må jeg-du skriver så godt at jeg ofte får tårer i øyekroken men samtidlig en god følelse. God helg til deg og dine

    SvarSlett
  6. Hei!
    Så flott at ho fekk stemma. Det var veldig kjekkt å få besøke henne i somar. Særleg at ho kjente oss att og hugsa og sa namna. (Eg skreiv i boka ...) Vart tipsa om bloggen din :-) Veldig kjekkt å lese! Helsing frå to frå sør :-)

    SvarSlett
  7. Kjente jeg ble varm i hjertet av dette innlegget og fikk lyst å gi dere begge en hjerteklem:)

    Du er flink til å gi ho bestemor varme og glede tenker jeg:) Min ble 99 og het Lina:) jeg er så heldig å få høre at jeg ligner henne:)

    Lag glade minner :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!