Eg snakkar ikkje om herlege parfymer, lekre sandalar, skjønne smykke eller sprudlande i glaset. Eg snakkar rett og slett om kål.
Norsk sommarkål er undervurdert! Det er sprøtt og godt, smaksrikt og sunt! Eg tør ikkje å påstå at kålet eg brukte i dag var norsk, men når dei norske kjem i butikkane er det berre ein ting å seie: løp og kjøp!
Det har vore så lite matprat på bloggen min i det siste, så i dag vil eg rett og slett dele ei lita oppskrift med blogglesarane mine. Oppskrifta er enkel, ingrediensane er få og smaken er uvurderleg…
Fyrst må du finsnitte så mykje kål som du trur du har bruk for (det minskar ein del, så du kan kutte meir enn du trur du treng…).
Skrell så mange gulrøter som du trur du treng (eg brukar to), og bruk potetskrellaren til å skjære strimlar.
Putt alt i ei steikjepanne ilag med litt smør og la det på putre til det vert gyllent og mjukt.
La ei lita hand få slå i matfløte (eg er raus og brukar heile pakken!). Dersom du vil ha ein litt meir mager variant, kan du sikkert bruke kaffifløte. Tilsett litt salt og pepar og la det heile få stå og koke inn. Smak på det etter ei stund og vurder om du treng meir salt eller pepar.
La gjerne fløtehanda få hjelpe til å røre – det er så kjekt å la borna få hjelpe til med matlaginga!
Dette herlege tilbehøret vert som ein slags kålstuing, men ein mykje enklare variant. Den passar ypperleg til alle rettar med brun saus, men er ikkje så verst til grillmat heller! Eg har endåtil servert det som tilbehør til fisk, og då hadde eg baconbitar på toppen. Og når det er sommar må sjølvsagt måltidet avsluttast med norske, saftige jordbær…
I kveld skal vi ete jordbær med is og fløte til. Eg har også kjøpt ein ny youghurtis med lime, og den trur eg er nydeleg god til jordbær.
... hele væla er bærre jordbær, finn et strå og træ dom på ...
Kos deg i kveld – kvar du enn måtte befinne deg!
Mmmmm dette hørtes godt ut og jeg vil gjerne prøve.Godt med jordbær og is også
SvarSlettHa en fin kveld
Klem Lappeline
Ja, dette må jeg prøve! :O)
SvarSlettTakk for at du deler oppskriften,
klem :O)
Det såg veldig godt ut, skal teste den kålstuinga snarleg:-) Jordbær sto på menyen i dag her og, dei var norske:-)
SvarSlettMmmmmm ..den kålstuingen må jeg prøve 1
SvarSlettTakk for at du deler oppskriften med oss her :)
Hei :) dette så nydelig godt ut... har skrevet ned oppskriften og skal ta vare på den.
SvarSlettMmm jordbær e kjempe godt... har spist litt jordbær jeg også i sommer.. men da kun med is til.. fløte tåle jeg ikke og heller ikke sukker.. men like godt med is til da.
Ha ei fortsatt flott uke:)
Klem
Yougurt-is med lime (fudge-lime) er nydelig! so fiiine bilder du tek!
SvarSlettklem frå Katharina på Steinnes