lørdag 3. juli 2010

Flagrande i sommarvind…

Tenk å vere 5 år og springe barrbeint i graset, medan sola kitlar ein i nakken og heile verda er full av lukke!  Tenk å endeleg ha fått seg ein flunkande ny sommarkjole, som eigentleg skal vere kun til best, men som ei snill mamma let ein få lov til å bruke på ein vanleg kvardag – berre fordi ho veit at det er akkurat det ein 5-åring ynskjer seg aller mest på jord!

kjole1 

Kjolen minner om jordbær og solskinsdagar, om ballongar som dansar i vinden og om ein fantastisk sommar som aldri tek slutt…

kjole2

Denne skjønne kjolen var ein gong mamma sin. Den er meir enn 50 år gammal, men det herlege mønsteret er midt i blinken for småjentene mine! Kjolen ligg i ei kasse på mamma sitt loft og vert leita fram kvar jonsok. I år var det minstesnuppa vår som fekk bruke kjolen, sjølv om den var litt for lang for henne! Eg forstår godt at det er lett å forelske seg i denne kjolen… “Mamma, den minner meg om godteri!”, sa minstesnuppa då ho fekk den på seg!

kjole

Litt stor i augene over alle rare kostyma, men likevel så skjønn i kjolen sin…. Den nydelege jonsokkvelden vart akkurat slik vi ynskte det, varm, minnerik og masse bygdafolk som samla seg på bålplassen!

♥ ♥ ♥

Og den gamle kjolen fekk nok ein gong flagre i sommarvinden!

6 kommentarer:

  1. kor fine kjole ;)
    den får fram smilet og lysten på litt sukkertøy ;)

    vi gleda oss til onsdag ;)'
    tjo ho....

    SvarSlett
  2. Hei :)

    dette innlegget ble jeg i godt humør av... så fine ord .. du er så flink å skrive.

    En fin kjole, morsomt ta frem når barna kan bruke slike ting som du selv har brukt.. et godt minne.

    Ha en fin søndag :):)

    SvarSlett
  3. Flott kjole...
    Veit ikkje om dette diktet, men kan leite litt rundt..
    Ha ein flott sommar!

    SvarSlett
  4. Å Tove, så nusselig - både kjolen og jenta! Og så stas å bruke et slikt "arvegods"!
    Gratulerer med "nå Taaarje" foresten!
    Hilsen fra Cathrine

    SvarSlett
  5. For en herlig tradisjon dere har!! Kjolen var jo kjempeskjønn, og jeg skjønner godt at minste snuppa følte seg som en prinsesse:)
    Vi har en familiekjole som min oldemor brukte da hun var liten.....men det er en litt mer "uanvendelig" kjole.....bare blonder som er litt skjøre. Men vi har bilde av meg og Ida også i den kjolen. Artig med slike familieklenodier Tove:))

    SvarSlett
  6. Fantastisk! :-) Herlige bilder! Tusen tusen takk for hyggelig kommentar inne hos meg igår.

    Håper du får en fin dag!
    KlemJorid

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!