søndag 18. april 2010

Eg er ikkje så innbilsk...

... at eg trur mine medbloggarar har sakna meg her inne, eller at dei gret sine modige tårer og trur at eg har lagt bloggen død. Både bloggen og blogge-lysta lever i beste velgåande, men datamaskina mi har vore "død" i snart tre veker. Som standhaftig bloggar har eg kjent på både sakn og fortviling, kanskje endåtil eit snev av abstinens...


No har ein datakyndig mann fiksa maskina mi, men det er ikkje alt som er rosenraudt likevel... Absolutt alle program som eg hadde lasta ned er sjølvsagt vekk! Eg har ikkje eingong fått til å laste ned Windows Live Writer, som eg absolutt berre MÅ ha når eg bloggar! Einaste eg får opp er at det er noko eg manglar for å kunne laste det ned, og eg forstår sjølvsagt ikkje kva det er eg manglar...
Enn så lenge må eg skrive innlegga mine direkte på blogger, så får eg håpe datakyndige slektningar forbarmar seg over meg og bidreg med hjelp.
Eg har mange prosjekt og bileter eg gjerne vil vise fram, men det får verte ein annan dag!
God søndagskveld til alle!
Biletet har eg lånt her.

16 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå deg tilbake! Skulle gjerne hjelpt deg med pcen, men tenker du får det til etterkvart :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå at du er tilbake i blogglandia... Du har nok blitt sakna ja... Har ikkje vore så mange som har blogga rundt om kring... :p

    SvarSlett
  3. Eg var innom bloggen din før i dag og las raskt: I dag overmanna snøen oss igjen ... Eg trudde det var eit nytt innlegg! ;-)
    Håper det tekniske ordnar seg.

    SvarSlett
  4. Kjekt å ha deg tilbake! Kjedelig med data som ikke virker, håper du får hjelp så ting blir som du er vant til igjen :)

    SvarSlett
  5. Koselig med et innlegg igjen Tove! Håper det ordner seg både med snøværet og dataen.
    Hilsen fra Cathrine

    SvarSlett
  6. Må kjøre alle windowsoppdateringar (gå inn på start og så finn du Windows Update) så kan du prøve igjen:-) Kjekt maskina er fiksa og at du er tilbake!

    SvarSlett
  7. Sakna har du nok vore :-)
    Kjekt ha deg tilbake. Er ikkje for ingenting at du vart kåra til den MEST VELSKREVNE MAMMABLOGG 09!!

    Ha ein vakker dag på tross av snøen!

    SvarSlett
  8. Godt å sjå du er her endeligen.
    Det der med datatröbbel kan lage problemer. Håper du snart er her igjen med en data som virker.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  9. Det har nok vorte lagt merke til at det er lenge sidan forrige innlegg, jo. Forstår abstineskjensla:)
    Etter det du skreiv om windows live writer tok eg å lasta det ned på maskina mi, så etter kvart skal eg nok klare å få meir variasjon i innlegga mine, men treng nok litt tid til å gjere meg kjend med muligheitene. Takk for tipset!

    SvarSlett
  10. Hei! Eg har faktisk sakna oppdateringar på bloggen. :) Heldigvis kunne Yngve (som du jobbar i lag med)fortelje at du hadde mellombels datatrøbbel. Er er stadig innom bloggen din. Blir i så godt humør av den. :)

    Anne Marta

    SvarSlett
  11. Jeg har savnet deg masse jeg Tove:) Eller bloggen din da....håper du får orden på maskina slik at kloke innlegg fra deg kommer på nett igjen:)

    SvarSlett
  12. Så fint at det "bare" var pc kræsj.
    Har savna oppdatering selv om det er fint med "påskefarger" -0)
    (endelig kan jeg kommentere)

    SvarSlett
  13. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  14. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  15. Lykke til med oppdateringer, - her har vi en pc som er i ferd med å streike snart tror jeg, den lader ikke... - så nå i dag kjøper husbond en ekstra harddisk for å laste ned viktige saker!

    Håper du er i bedre form!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!