tirsdag 28. april 2009

Med skråblikk på Den Norske Opera.

Vel heime etter nokre hektiske dagar i Oslo, er det på tide å sortere inntrykk. Noko av det kulturelle som imponerte meg mest var sjølvsagt omvisinga på Operaen.  Det var mange detaljar å  legge merke til, og det var kanskje dei litt sære fotomoglegheitene som fanga blikket mitt.

001 

Eg let meg imponere over den fantastiske arkitekturen. Den er ikkje alle sin smak, men eg vart mektig imponert!

026 

30 000 stein gjekk med til å dekkje heilt taket. Steinen vart lagt i eit nøye planlagt mønster og etter eit nøye planlagt system.

027 

Snøhetta hadde ein visjon om at bygget skulle reflektere ein isbre. Det er ikkje langt unna brevandring dette!

010 

Baren i restauranten. Champagneglas møter islandsk kunst.

014

Ein kunstnar frå Island fekk i oppdrag å designe veggane i restaurantområdet.

015

Designet skal gi assosiasjonar til is i ein bre som gjennom tusenvis av år har vorte komprimert. Bak veggane er det fargespel som endrar farge og intensitet.

017

Kaffi må ein ha - også i Operaen!

011

Imponerande glaskonstruksjon! Dette er eine endeveggen som peikar ned mot sjøen.

021 

Det er nesten så ein kan lure på om ein er ute eller inne...

013

Mingleområdet i Operaen. Einaste som manglar er damer og herrar i sin finaste skrud, med sprudlande champagne i glaset!

022 

Svarte stålkonstruksjonar utgjer små "stasjonar" der ein kan slå av ein prat medan ein ventar.

020

No gjenstår det berre å sjå om eg får overbevist husbonden om ein kulturell weekend i Oslo. Då skal det verte både opera, ballett og bobler i glaset!

028 

Til slutt må eg berre få vise dette sjarmerande biletet. På toppen av taket stod denne sjarmerande løvetannfamilien og skein omkapp med sola! Ein sluk med minimale veksttilhøve var meir enn nok for desse iherdige sjelene! Fast bustad på toppen av operataket kan vel ikkje vere å forakte!

16 kommentarer:

  1. Hehe...likte denmed løvetannen. The penthouse is always the best;) Også vitner det gjerne om at det er plass for alle i operaen:)

    SvarSlett
  2. Å kor eg misunne deg turen til Oslo. Så supre ilder frå operahuset:0)) Ein kopi ville vore kjempeflott. kjolen sto i mandarin barn hefte nr, 0904. Ikkje oppdatert der eg nei hihi. Tusen tusen takk.
    klem til deg

    SvarSlett
  3. Utruleg. har nok vore ein liten fallskjerm som har landa der ein sur hasudag i fjor...i dag er dei ein heil familie...på operaen :)

    SvarSlett
  4. Så flotte bilder! Men den løvetanna var virkelig toppen. Operaen er for alle!

    SvarSlett
  5. Eg vart også mektig imponert over operaen:) Flott bygg!

    SvarSlett
  6. Utrolig fasinerende og imponerende bygg! Kunne godt tenke meg å se en opera der :o)

    SvarSlett
  7. ENIG, det va et imponerende bygg. Vi vart ganske små der vi trippa over taket... Men eg må sei det minna meg lite om brevandring :)
    DET ha eg prøvd, og det va mykje meir imponerande.... Arkitekten bak en bre har vært enno meir kreativ!!
    Men det ER stort og flott bygg!
    At det går ann at ei løvetann finn bosted der?? Der ser man, DET hadde ingen arkitekt klart å plassere der, bare Skaperen!! :)
    Artig innlegg., Tove.

    SvarSlett
  8. For nokre fantastiske bilder! Takk for du deler dei med oss, og det er heilt klart - eg SKAL til Oslo i løpet av året, dette bygget MÅ eg berre sjå:) Så får eg håpe eg får eit glimt av løvetannen også!

    Ynskjer deg ein flott dag i sola:)

    SvarSlett
  9. Aa, jeg faar lyst paa en Oslotur jeg naa! Og selv om jeg ikke er noen hardbarka operafan skulle jeg gjerne besoeke den nye operaen. Den ser mektig imponerende ut!
    Haaper du hadde en herlig tur!
    Flotte klaer du handlet deg foer turen:)
    Spaniaklem fra Heidi!

    SvarSlett
  10. Med en søster i Oslo og kun 10 mil kjøretur er jeg i tigerstaden titt og ofte. Skal faktisk inn etterpå i dag. Jeg liker Oslo. Spesielt om sommeren er jeg hovedstad-forelsket. Har allerde vært på "brevandring" mange ganger. Er det ikke litt magisk ;)?. Monumentalt og veldig flott at man kan gå PÅ operaen, og i tillegg sitte og skue utover fjorden. Til mandag skal faktisk datteren min og jeg på ballett. Har ikke vært på forestilling i den nye operaen ennå - så det skal bli gøy!

    SvarSlett
  11. Va på "brevandring" i fjor i lag med storetausa mi. Ho synst det var stor stas å ha vore på operaen!!
    Neste gong so vil me inn å vandre :-)

    klem frå Asbjørg

    SvarSlett
  12. Operan er ett fantistiskt bygg. Har värt der en gang og det var i fjor. Da var eg inne en tur og.
    Det må väre en fabelaktig akustik i det bygget når dem tar til å synge.

    Nå skal eg forberede meg for en oslotur i morgon. Skal på MR röntgen.
    Så det kommer bilder fra den kongelige hovudstad i morgen.

    Ha nå en flott onsdag.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  13. Hei igjen! Saa nettopp paa de catalanske nyhetene er reportasje om nettopp operahuset i Oslo! Hvilket sammentreff! Saa da fikk jeg en sett enda mer baade fra innsiden og utsiden. Jeg syns det ser raaflott ut jeg!
    Ha en fortsatt fin dag, her staar det planting av blomster paa tapeten...
    Heidi.

    SvarSlett
  14. Av ein eller annan grunn har eg knapt sett noko til det omdiskuterte operahuset, og må sei at det har vorte eit bygg som tiltaler min estetiske sans. Flotte bilder Tove, eg vert meir og meir fasinert av moderne arkitektur og kunst både etter å ha gått KOH og med alderen. Skal nok ha oss ein tur innom ved først høve. Må nok også sjå etter løvetannfamilia på toppen, den er litt meir sjarmerande der enn i hagen her... hehe

    SvarSlett
  15. Fin by, ikkje sant? ;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!