tirsdag 11. desember 2012

...om å vente på lukka..❤

Akkurat i dag, ein stad i verda, langt vekk frå kalde Noreg, ligg ei lita jente og søv stille. Eigentleg skulle ho ha sove i si eiga seng, men den nybakte mammaen og pappaen klarer ikkje å ta augene av henne. Klarer ikkje å få nok av den gode varmen i den vesle kroppen. Så ho ligg mellom dei. Dei nybakte foreldra vik ikkje frå henne med blikket. Kanskje i frykt for at dei brått skal vakne og finne ut at det heile er ein draum.


Ei lita hand kviler i den store. Dei to vaksne ser på kvarandre. Det er ikkje nødvendig å seie noko. Det er nok å sjå si eiga lukke spegle seg i den andre sine auge. Det vesle barnet snur litt på seg. Det er som dei stoppar å puste. Kvar einaste vesle rørsle er som ei gåve. Eit under.


I meir enn sju år har dei venta på denne augneblinken. Sju år med undring, lengt, og smerte. Heilt sikkert smerte. Og heilt sikkert spenning. Dei måtte vente til alt var rett. Til alle papir var i orden. Til det vart deira tur.
(Illustrasjonsbilete! Dette er ikkje paret eg skriv om!)

Eg har vore heldig og fått oppleve fire svangerskap. Eg veit for ei lukke det er å kjenne dei små sommarfuglevingane som kitlar i magen, kjenne dei små sparka og oppleve at noko så smertefullt som ein fødsel kan vere den største og beste opplevinga ein kan ha. Eg trur ikkje eg kan setje meg inn i tankane til dei som må gå rundt og vente på ein adopsjon. Det må vere endelause dagar å gå og vente på å få svar. Og så vente endå meir. Og så vente på tildeling. Det kan gå år. Mange år. Venninna mi Lisbet og mannan hennar, Jon, har venta sin del. Endeleg vart det deira tur. Endeleg fekk dei reise og hente heim veslejenta si.

Ein plass i verda ligg der ei lita jente og søv. To foreldre vaker. Kanskje søv dei på skift. Dei eig ei lukke. Og lukka ligg der, midt mellom dei og i dei og rundt dei. Eg fekk sjå det fyrste bilete av mor og barn. Det var så rørande og sterkt å sjå. Om eit bilete nokon gong har sagt meir enn tusen ord, ja så er det nettopp det biletet. Det har brent seg fast på netthinna mi.


Kjære Lisbet og Jon.

Eg kan ikkje ein gong forestille meg spenninga, kriblinga, gleda, lukka og undringa... Etter år med venting vart det endeleg dykkar tur. Ei lita jente skal få det beste som er å få av foreldre. No får de nyte dagane i vesla sitt heimland til å verte godt kjende med henne og kulturen hennar. Ver til stade i alle minutt, sekund og augneblink og nyt alle kjenslene. Og når to små armar forsiktig legg seg rundt halsen dykkar slår lukka ring kring ein ny familie.

Vi gler oss til ein dag å få sjå litt av lukka dykkar, Lisbet og Jon!

Om du vil følge Lisbeth og Jon si fantastiske reise, så kan du kike innom bloggen deira; "Alvehjem".

Ingen av personane på bileta kan knyttast til dei eg skriv om. Alle er lånte frå Weheartit. com. Link til kvart bilete i den rekkjefølge dei står finn du her, her, her, her og her. 

3 kommentarer:

  1. Nydeleg!

    Takk at du deler :-)

    Varm Adventsklem

    SvarSlett
  2. Var inne på bloggen deira...Å så sterkt! Måtte gråte litt.... :-)

    SvarSlett
  3. Ja, endeleg vart det Lisbet og Jon sin tur!
    Så fint skreve Tove.
    God jul til deg og dine!
    Klem mari

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!