fredag 12. oktober 2012

Fredagsstemning på jenteromet!

Jentene mine må dele rom. Vi er i påvente av påbygg og ombygging og enn så lenge så må dei dele rom. Det går som regel bra, men det kan av og til vere utfordrande. Femåringen rotar og styrer, medan tiåringen fortvilt prøvar å halde det ryddig. Heilt til ho kapitulerer og gir opp. Denne veka har mamsen i huset hatt fri og då var det på tide med storopprydding og grundig vask!


Enkelte ting kvittar ein seg aldri med. Kosebamsar, til dømes. Sånn er det med kosehunden til jentene. Den må alltid vere der. No ligg han og kosar seg på stolen og passar på alle som er på romet. 


D e t   e r   k j e k t   m e d   m j u k e   o g   g o d e   b e s t e v e n e r !


På ei hylle over senga har femåringen ein globus. Det er ikkje tilfeldig kva for side av globusen som viser for alle som er på romet. Amerika. New York. Ho drøymer om New York. Eg har lovt henne at heile familien skal til New York om åtte år. Ho har nedtelling...


No er det endeleg fredagsstemning på jenteromet. Dei kjem til å kose seg her i kveld. Så får vi sjå kor lenge dei klarer å halde det ryddig.... 

I ettermiddag skal vi på badestranda og lage mat i lag med gode vener! Vi må nyte haustsola som best vi berre kan!

G o d   f r e d a g   t i l   a l l e   s o m   k i k a r   i n n o m!

3 kommentarer:

  1. Så herleg eit innlegg!

    Dei lærer mykje med å måtte dele.. men blir sikkert supert få kvart sitt!!

    Nyt SOLA!!

    God helg :-)

    SvarSlett
  2. Tenk å få ha en så trygt å koselig lite rom:)) så heldig:)) en liten verden som bare er sin:))) herlig:))

    Fin helg til dere i det nydelige været:))

    SvarSlett
  3. Men kvar er bøkene? Treng denne jenta seg bøker til jul? Noko seier meg at de eigentleg har i bøtter og spann :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!