fredag 20. juli 2012

Norsk sommar

Den norske, varme sommaren let tydelegvis vente på seg. Vi har grå dagar, skodde, kald vind og regn. Trasig at husbonden snart er ferdig med sine to ferieveker. At vi framleis ikkje har ete frukost ute. At vi berre har ete ein middag ute (og det var så kaldt at det var mest berre på trass). 


Der er likevel nokre små glimt av sommar. Nokre solgløtt inn i mellom alt det kalde og sure. Dei stundene er vi flinke til å nyte og ta vare på. Biletet over er teke ved vakre Lodalsvatnet, med den flotte Kjenndalsbreen i bakgrunnen. Vi var på ei hytte i Stryn og hadde nokre gode dagar i lag med syster mi med familie. Slikt fyller ein med energi! 

Det ville vere lygn å seie at eg er nøgd med sommaren så langt. Men vèr får vere vèr. Det er ikkje så mykje eg kan gjere med det likevel. I dag får eg ei god venninne på besøk og då skal vi kose oss med ein god lunsj medan ungane får leike seg litt!

Har du ein fin sommar?

3 kommentarer:

  1. 12grader er ingen sommar. Prøvde ete ute då sola skein eit augneblikk. Fole kaldt når den gøymde seg bak ei sky. Oss får nyte dei små stundene som er. Sommarklem :-)

    SvarSlett
  2. Nydeleg bilete du har teke!
    Eg må innrømme at eg er litt værlei, eg vil ha sommar! Det blir slik at me lever på dei små glimta av sommar me får. Håper på fleire, snarleg!
    Klem

    SvarSlett
  3. Det er mulig at nettopp fordi det er så mye vind her ute så er det faktisk ganske mye blå himmel ( innimellom ) Men dei store sommerdagene skulle jeg gjerne hatt flere av jeg også.

    Vi er så heldig og ha en lun altan og så lenge solen er fremmer har vi fått oss et par middager ute. Tror vi også tok en på trass:)))

    Vi får håpe at slutten av juli og hele august vil overraske oss med sol, glede og varme:))

    Fin helg til deg:))

    :)))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!