tirsdag 3. juli 2012

Desse dagane er så gode...

...fordi dei går så seint. Og vi fyller dei med det vil vil. Dette blogginnlegget tek deg med på ei visuell reise gjennom sommardagane våre. Då vil du sjå at desse dagane er så gode....
...fordi vi kan sitje i sofakroken og kose oss så lenge vi vil. Frøken snupp kan sitje lenge og kose seg med bøker og blad. Eller sjå litt på TV. Eller leike med Barbiedokkene sine. Eller teikne!

...fordi ein snill onkel sender sms og lurer på om eg vil ha lyr og sei slik at eg kan lage fiskemat! 

...fordi store og kjekke syskenbarn klarer å pynte ei Pavlova heilt sjølv! 

...fordi pappaen i huset har bursdag og vi kan feire han til langt på kveld! Oppskrifta på den nydlege kaka på biletet, New York Blueberry Cheesecake, finn du her


...fordi vi fekk storfint besøk i tunet av sauer som eigentleg skulle ha vore på fjellbeite, men som tenkte at det ville vere ein god idè og stikke innom "Utsikten Gard" på besøk. 

Ungane fekk leike bønder og kosa seg med gjestane. Dei fekk rikesleg med gras, vatn og kos!


Ungane fekk sjølvsagt vatn på mølla og er heilt klare på at vi må få oss sauer! Vi har jo ein heil fjøs til disposisjon! Kanskje ein vakker dag...???


Kanskje blir han bonde ein dag?

Alle desse dagane er så gode...


...fordi ungane plukkar inn ugras og vi har tid til å studere dei og sjå at dei er vakrare enn blomar ein kan kjøpe i butikk! Å sjå ungane stå og undre seg over korleis blomane er oppbygt, gleder meg!

...fordi naturen er ei utømeleg kjelde for alle som er glade i å plukke blomar! Ein treng slettes ikkje prydhage for å finne fine blomar om sommaren. Nokre av dei vakraste blomane eg veit veks i grøftekanten! Tek du deg tid til å sjå kor vakre dei er?


Alle desse dagane er så gode fordi når kvelden kjem, så kan vi sjå tilbake på alt vi har fylt dagen med. Det er ikkje alltid så mykje, men det er nok. Og akkurat det vi har hatt lyst til å styre med! 

Om ei veke har kanskje papsen vår litt ferie og får dele desse gode dagane med oss! 

Det gler vi oss veldig til 





5 kommentarer:

  1. Gode bilder fra gode dager:) Og som vi trenger disse gode varme dagene. Kjenner kroppen blir god, varm og avslappet.

    Bare disse rolige turene til stranden...ja sannelig er det ren terapi:))

    Og de gode kakene dine skulle jeg sannelig hatt smakt litt på:)) Kanskje jeg må prøve.

    Fine sommerminner:))

    SvarSlett
  2. herlige bilder som du/ dere kan se tilbake på å tenke kor kjekt det var :)
    nyt ferien din/deres, og håper pappen i huset får litt ferietid sammen med dere.

    henriette

    SvarSlett
  3. Storfint besøk på tunet, ser eg. Da e ikkje skikkeleg gard utan ein sau eller to, veit du :-) Kjekt å helse på deg i Ørsta og litt av eit samantreff at du kjende Ragnhild så godt. God sommar vidare, ser de nyt sommardagane. Klem frå Åsne

    SvarSlett
  4. Få set ord på det store i kvardagane som du :) Det er ikkje det bortanfor dei sju blåner ein gong i framtida som er verdt noko men kvardagslivet her og no :)

    Ønskjer familien fine ferie- og kvardagsdagar også framover :)

    SvarSlett
  5. Herlig! Fortsett å nyte dagene!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!