tirsdag 10. april 2012

Miss Goody Two Shoes!

Minste frøken snupp er til vanleg svært oppteken av at det ho har på seg skal matche. Er det glitter på kjolen, skal det vere glitter på resten òg!  Men i eitt tilfell gjer ho eit unntak frå regelen:

sko copy

Desse “Converse look alike”-skoa har ho elska sidan den dagen ho fekk dei og ho har brukt dei til kjole, bunad, skjørt, bukse, bikini og trimkle. I går hadde ho på seg glitterkjole og favorittskoa og meinte sjølv ho var veldig kul! Det er berre ein ting som er så dumt…

sko1 copy

…dei har vorte for små! Det var nesten krise då ho prøvde dei på seg i går. Ho klarte likevel å presse seg ned i dei, men klarte ikkje å gå med dei så lenge.

sko2 copy

Så no er det berre ein ting å gjere; mamma må kjøpe nye sko! Det går trass alt ikkje an å verken danse, leike, hoppe eller springe i for små sko!

Og våren er rett rundt hjørnet…

1 kommentar:

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!