Det var så grått og trist då vi stod opp i dag. Slike dagar må fargeleggjast!
Jentene kledde seg fargerikt og sette seg til ved bordet for å teikne. Fargeblyantane flaug over arka. Fantasien let seg ikkje stanse, sjølv om naturkreftene herjar ute!
Vi har litt å lære av ungane sin skapartrang. Nokre fargeblyantar og eit ark er alt som skal til for å lyfte dagen.
Vi bestemte oss fort for å ikkje la gråfargane på prege dagen vår! Vi bur trass alt på Sunnmøre og har lang erfaring med dårleg vèr – vi veit at også slike dagar gir meining og har verdi!
Medan jentene teikna sette eg med ned med eit strikk. Nydeleg “Faerytale” frå Du Store Alpakka skal tryllast om til ein hals som skal varme oss gjennom kjølige vårdagar!
Ha ein f a r g e r i k dag der du er!
Vakre fargar du viser..
SvarSlettTreng fargar for å få litt energi!
Her skin SOLA innimellom regn og haglbyene..
Leitar etter det som er positivt!
God helg klem :-)
Nydelige farger må eg si. Man savner det litt nå når det er grått og kvitt ute. Tenk når vårblomstenen kommer opp....
SvarSlettHa ei fin söndag der du er nå.
Klem Synnöve.
Finnes det noe koseligere en å samles rundt bordet til ho mor når det regner og blåser ute:)) tenker det vanket både kakao og klemmer:)))
SvarSlettVi får håpe på en solrik uke:)) Vi trenger saktens litt ekte D vitaminer nå:))