fredag 2. mars 2012

Mager trøyst…

I dag er vi er like tuspete og skranglete, eg og tulipanane. Eg er sjuk, medan dei har takka heilt for seg.

IMG_7441

Eg kjem meg nok til hektene att, medan dei stakkars tulipanane vert kasta ut i løpet av dagen. Men sjølv om dei har skrumpa inn og er ferdige med glansdagane sine, så er dei likevel vakre. Skjøre og tandre, men vakre. Ein “ferdig” tulipan” kan vere like så vakker som ein ung og frisk. Kanskje er det slik med oss menneske òg? Sjølv når vi har dårlege dagar og ikkje kjenner oss heilt på topp, så er det kanskje eit slør av vitalitet over oss likevel. Ei mager trøyst, men det held i massevis!

IMG_7401

Tulipanen har lete seg att. Takka for seg. Eg nyt den framleis. Den er akkurat like vakker. Akkurat like interessant.

IMG_7394

Og medan influensaen bestemmer seg for om eg skal få friskne til att snart, så gjer eg så godt eg kan for å halde motet oppe. Solbærtoddy og strikk har vore kjære vener desse dagane.

utsikt

Ynskjer alle ei frisk og god helg! Håper det strålande vèret held seg!

Helsing  Tove

7 kommentarer:

  1. God bedring og håper sola varmar deg i dag:)

    SvarSlett
  2. God betring! Ein slik nydeleg dag som vi har hatt i dag må vel hjelpe på i friskningsprossessen:)

    SvarSlett
  3. God bedring, Tove!

    SvarSlett
  4. Kloke tankar!
    Litt av det same skreiv eg om her: http://refleksjon-sigrid.blogspot.com/2011/03/forfall.html

    Og du, verda er ikkje SÅ stor ;-)

    GOD BETRING!

    SvarSlett
  5. Så fint skreve :-) GOD BEDRING! Du strikkar i alpakka ser eg?? :-)

    SvarSlett
  6. Nydelige ord, som vanlig :) elsker å titte innom denne bloggen her, blir så inspirert av de vakre ordene dine. Håper du er blitt frisk!

    SvarSlett
  7. Det er vist mange som hangler om dagen. Vi har jammen ikke vært i form vi eller. Så nå håper jeg på en bedre uke.

    Heldigvis blir vi friske igjen og heldigvis kan en kjøpe nye tulipaner.
    Ønsker deg en frisk uke med vakre tulipaner til:)))

    Har kosa meg med strikk jeg også:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!