lørdag 24. mars 2012

Crocus Vernus og dugnadsånd

Crocus Vernus, eller vårkrokus, er ein av dei vakraste vårblomane. Når markane kring i bygda bugnar av krokus veit vi at våren har kome.

krokus copy

I dag har vi endeleg starta på fyrste steg i “Prosjekt totalrenovering”.  Huset vårt skal ombyggast, påbyggast og restaurerast. Grunnmurane er av gamleslaget og er prega av alder og år. No må vi rive dei gamle murane og mura opp att nye. Det betyr at sjølve huset på “jekkast opp” med dragarar og støtter i kjellaren medan muringa pågår. Verkar litt skummelt, men det skal visst late seg gjere…

krokus1

For å få ein kick start på det heile, kalla vi like godt inn storfamilien til dugnad! To besteforeldre, fire mammaer og pappaer og sju små (…og svært arbeidsdyktige…) har halde på i absolutt heile dag. Ein nattevaktonkel og ei “passe liten baby”-tante stakk innom med jamne mellomrom for å sjekke arbeidsånda.

krokus2

Medan dei vaksne gjorde grovarbeidet med å tømme kjellaren, sprang dei små til og frå og gjorde så godt dei kunne (og det var jammen ikkje lite!!!). Og så kosa dei seg i “krokusbakken”. Sjølv om det er litt anleggsområde her for tida, så er der ein fin liten bakke med plen som bugnar av krokus. Dei små nevane plukka så mange dei kunne og det vart visst pynta både her og der!

krokus3

Sjølv om vi har stått på og jobba, så har det vore ein strålande dag!  Vi kjende verkeleg at våren er her og sola varma godt. Endåtil grillsesongen vart opna!

Vi vil ha fleire slike dagar. Vi vil ha mykje arbeidslyst. Vi vil ha sol og varme. Vi vil at husprosjektet skal gå slik som vi har tenkt. Og vi vil ha mange dagar med små og store som tumlar rundt i tunet i leik og glede!

Tusen takk til ein alle tiders dugnadsgjeng!

4 kommentarer:

  1. Så godt med slike dagar!

    Lukke til med prosjektet :-)

    God søndag!

    SvarSlett
  2. Kjekt når så mange stiller opp. Det er alltid godt å ha familie og venner når det er tid for dugnad. Godt å få hjelp, men ikke minst godt å få hjelpe til.

    Ha en strålende søndag!

    SvarSlett
  3. Lukke til med arbeidet! Vi er nettopp ferdige med totalombygging, og er svært glade for det. Kaos mens det står på, topp når ein får det "nye" huset

    SvarSlett
  4. Dugnad e gull verdt! Fole kjekt :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!